JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Trump
i krigen

Strategien til Donald Trump er å løfte fram nasjonalheltar. Dei som finn på å rive ned statuar, skal straffast beinveges med ti års fengsel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Donald Trump heldt tale på konferansen om amerikansk historie som Det kvite huset arrangerte i Nasjonalarkivet i Washington i september i år. Han vil ikkje at nasjonalheltar skal rivast ned frå soklane.

Foto: Kvein Lamarque / Reuters / NTB scanpix

7587
20201016
7587
20201016

For eitt år sidan tok eg inn på eit oversized konferansehotell i St. Louis i den amerikanske delstaten Missouri. Aust for hotellet rann Mississippi, og der trona The Arch, ein gigantisk boge som symboliserer at St. Louis var «porten mot vest».

Det var frå St. Louis at president Jefferson sende Meriwether Lewis og William Clark for å utforske det ville vesten. St. Louis var siste utpost for sivilisasjonen. Herifrå drog tallause pelsjegerar, nybyggjarvogner, slavar, dampbåtar, lukkejegerar og ekspedisjonar. Herifrå ble indianaranes land underkasta den amerikanske draumen.

Frå vindauget på hotellrommet kikka eg ikkje berre ned på hjuldamparane som frakta turistar nedover elva, men òg på den gamle rettsbygningen der ei berømt sak vart avgjord, Scott mot Sandford i 1857. Slaven Dred Scott saksøkte eigaren sin for å verte fri, og rettens nei innebar at slaveriet heldt fram og at svarte ikkje fekk borgarrettar i Amerika. I staden for å gje Scott og familien hans fridom helte saka bensin på den brennande konflikten som braut ut i borgarkrig i 1861.

Tung fortid

Historia i St. Louis er noko av det som har forma USA. Fortida er tung og enno ikkje så gammal at ho kan gøymast og gløymast. Er det rart det amerikanske samfunnet i dag vert drege sund i ein kamp om nett historia? Kven var heltar, og kven var skurkar?

Midt i identitetskrigen, der ulike interessegrupper er i ferd med å øydeleggje den demokratiske fellesskapen, er det historia som vert arenaen. For det er i historia visjonane for framtida finn legitimering. I USA er det ei rekkje ulike grunnlagsmytar som no kjempar om plassen.

Eit eksempel er 1619-prosjektet som vart fremja av New York Times i fjor. Prosjektet markerte at det var 400 år sidan dei fyrste slavane frå Afrika vart førte i land i lenkjer i hamnebyen Hampton i Virginia etter å ha vorte skipa over havet i båten «The White Lion» (den kvite løva). 1619-prosjektet vil revidere historia ved å gjere konsekvensane av slaveriet sentrale for den nasjonale forteljinga.

Éi av sakene ser på «det kvite gullet» som slavane produserte, altså sukkeret, og korleis sukkeret som i dag til dei gradar pregar det amerikanske kosthaldet, har ei brutal historie som drivkraft for slavehandel. Ei anna handlar om korleis slaveriet gav dei kvite både ei frykt for dei svarte og ein hang til brutal straff, noko som framleis definerer fengselsvesenet, ifølgje dette prosjektet.

– Giftig propaganda

President Donald Trump rasa mot 1619-prosjektet på sin eigen historiekonferanse arrangert av Det kvite huset 22. september i år. Historiekonferansen vart halden i det symboltunge Nasjonalarkivet i Washington, med sjølvstendeerklæringa bak monter. Her hevda Trump at 1619-prosjektet var det beste eksempelet på løgna og uærlegdommen frå venstresida, eit prosjekt som påstod at amerikansk historie ikkje var bygd på fridom, men på undertrykking.

I talen på historiekonferansen slo Trump fast at kritisk raseteori, 1619-prosjektet og det han kalla korstoget mot amerikansk historie, var giftig propaganda. Det var ei ideologisk gift som, viss ho ikkje vert fjerna, vil øydeleggje dei banda som bind borgarane saman, og øydelegge landet. Stikkord er metoo og Black Lives Matter.

Motgifta til Trump er fascinerande. Ho liknar grep som er verdige ein sovjetleiar med si autoritære historiefortolking. Men det skal han ha, Trump, han skjønar at minnet om fortida er heilt vesentleg for å forme visjonen om framtida. Den einaste vegen til nasjonal eining er gjennom ein felles identitet som amerikanarar, seier han, nett difor hastar det med å rette opp att den nasjonalpatriotiske utdanninga i skulane.

Amerikanske heltar

Som ein konsekvens forbaud Trump nyleg undervisning i det han kallar splittande tema, som rase- og kjønnsteoriar. Alle arbeidstakarar eller føretak med statleg kontrakt må skrive under på at dei ikkje vil drive med den slags. Samstundes sette han i gang eit storstilt prosjekt for å lage det han kallar eit proamerikansk pensum som feirar sanninga om den storslegne nasjonalhistoria. På historiekonferansen annonserte presidenten ein ny kommisjon som skal promotere den patriotisk utdanninga, nemleg 1776-kommisjonen.

Oppdraget er å hjelpe lærarar til å undervise dei amerikanske borna om det mirakelet amerikansk historie er, fram mot 250-årsjubileet til sjølvstendeerklæringa i 2026. Det heile er ein krig, og fienden er like klårt definert som han var under den kalde krigen mellom USA og kommunistlanda. Forskjellen er at fienden no veltar fram innanfrå som ein verkebyll det er gått hol på.

I strategien sin løftar Trump vidare fram nasjonalheltane. Dei som finn på å rive ned statuar, skal sidan i sumar verte straffa beinveges med ti års fengsel. Statuar skal stå, og ikkje nok med det, nye skal verte reiste i ein park kalla National Garden of American Heroes. Her skal skuleborn få vandre i vakker natur og meditere over amerikansk stordom, blant statuar i heilstorleik og naturalistisk utførte. Dei får ikkje vere abstrakte eller modernistiske.

– Antiamerikansk

Trumps visjonar minner meg om parkane i Moskva då eg vitja byen i 1992. Her låg statuane av Stalin og Lenin – rett nok heller oversized enn i naturleg storleik – nedhogne og øydelagde. Statuar har alltid fremja meiningsfulle minne. Nokon gonger vert det berre for tydeleg.

Trumps strategi har likskap med den kalde krigen. Sertifikatet som no krevst av alle statleg tilsette, om at dei ikkje vil fremje splittande ideologiar, vert likna med avtalar mange statar innførte under McCarthy-tida i 1950-åra. Ein skreiv under på at ein ikkje var med i kommunistpartiet eller i andre undergravande samanslutningar.

I ei hylling av veteranane frå Grisebukta nyleg slo Trump venstresida i hartkorn med kommunistane under den kalde krigen. Han meiner at den marxismen som no vert fremja i gatene, er lik den antiamerikanske propagandaen fordi både dei nye trendane og den gamle fienden ønskjer å sjå USA svekt, latterleggjort og redusert til inkje.

I staden for å kome til rette med si eiga historie, på godt og vondt, ønskjer Trump å sementere mytane om USA og tilpasse dagens konfliktar til fortidas frontliner. For det var lettare under den kalde krigen, då oppgåva var gjeven: å vere den frie verdas bastion i kamp mot kommunisme og vondskapens imperium.

Jesu visjon

Det var då Kennedy henta fram Jesu eigen visjon i Bergpreika: «De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast.» Verdas auga var retta mot den skinande byen på høgda.

Det var mannen som hadde leia den fyrste store bølgja av kolonistar til austkysten av USA, den puritanske predikanten John Winthrop, som fyrst skildra det nye landet på denne måten i ei preike frå 1630. Preika, og førestillinga om byen på høgda, «a city upon a hill», var gløymd i fleire hundreår, men vart med Kennedy del av myten om det moderne Amerika, grunnlagd av fromme pilegrimar og hardtarbeidande puritanarar. Under den kalde krigen passa skildringa særs godt, ho vart som ein profeti på lagnaden til USA.

I vekene fram mot det amerikanske valet no i haust er igjen alle auge retta mot vest. Eg skal ikkje skulde Trump for å sette ljoset sitt under ei skjeppe, men det er vanskeleg å skimte den skinande byen på høgda.

Eivor Andersen Oftestad er førstemanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trump ønskjer å sementere mytar om USA og tilpasse dagens konfliktar til fortidas frontliner.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis