På tide med rett til nett
Lar vi pengane styre internettutbygginga, skapar vi eit avstandsbasert klasseskilje som er både urettvist og unødvendig.
Mange bønder har investert millionsummar i moderne utstyr til produksjonen, mellom anna automatiske mjølkemaskiner med dataovervaking. Det digitale næringslivet føreset velfungerande nettilgang.
Foto: Lev Dolgachov/Mostphotos
Bur du i grisgrendte strøk, må du akseptere større avstandar enn om du bur i tettbygde strøk. Og det gjer bygdefolket. Dei aksepterer at det ikkje er lege på vakt i kommunen etter klokka 15, at kulturtilbod er noko du må sette av helga for å få med deg, at siste ferja går klokka 18, at biblioteket har ope berre på torsdagar, og at politiet held til i næraste by og berre unntaksvis tek turen ut på øya du bur på.
Vi bur i eit langt og breitt og høgt og lågt land. Sjølv om pressgrupper med god grunn no og då ropar høgt og skapar inntrykk av det motsette, er det i kvardagen jamt over stor forståing for at ikkje alle tenester kan vere å finne innan like korte avstand overalt. Men dei må vere der.
Det skulle dei nye digitale løysingane hjelpe oss med. I den digitale kvardagen har avstandar mindre å seie: «Utbygging av digital infrastruktur og bruk av digital kommunikasjon vil føre til betydelige endringer i arbeidsmåter og samhandling i og med kommunal sektor», står det i Kommuneproposisjonen 2015, året som markerte starten på kommunereforma: «99,9 pst. av alle hushold har tilgang til bredbånd. Dermed er grunnlaget for at innbyggerne skal kunne kommunisere digitalt med egen kommune til stede i hele landet.»
Tilbod til færre
Ja, framleis har dei aller fleste høve til å kople seg på eit breiband. Men eit høgfartsbreiband var på den tida definert som ein nedlastingsfart på 2 megabits per sekund (Mbit/s). Det tregaste fibernettet har no ein fart på 50 Mbit/s. Prisen er om lag den same. Produktet er det ikkje.
Onsdag vart produktet endå ein god del dårlegare: 1. mai slutta nemleg Telenor å vedlikehalde koparnettet som transporterer breiband via fasttelefonnettet. Ifylgje Nasjonal kommunikasjonsstyresmakt (NKOM) kan dette få konsekvensar for 80.000 breibandskundar i 365 kommunar. Nokre av dei har nok alternativ i god mobildekning og trådlause nett. Men er det mange nok? Kan vi leve med at vi i 2019 tar frå folk noko så grunnleggande som internett?
Utan stabilt internett kan du ikkje lite på at du får logga deg inn på timetingingssida til fastlegen din. Du kan ikkje sitte heime og sjekke sjølvmeldinga, betale rekningar eller lese nyhende kvar morgon. Borna dine kan ikkje gjere leksene dei har fått på læringsnettstaden Fronter. Netflix, Spotify, HBO og Viaplay – og med det det aller meste av internasjonal fotball – vert i beste fall tungvint og dyrt.
Avstandsbasert
Koparkablane er over 100 år gamle og var i utgangspunktet laga for å transportere fasttelefoni. Tida er ute for den teknologien, hevdar Telenor. Tida er inne for fibernett og 5G.
I tettbygde strøk hadde 82 prosent av innbyggarane tilgang på fiber i 2017. 89 prosent har tilgang til breiband med fart på minst 30 Mbit/s. Men nettet er ikkje jamt fordelt: I tettbygde strøk har 98 prosent slik tilgang. I tynt folkesette strøk er delen 48 prosent.
Samstundes er det utbygging av 5G-fart på mobilnettet. Telenor lanserer 5G i Trondheim i løpet av året, og konkurrenten Ice er ifylgje dei sjølve «5G-klar i flere norske byer».
5G er ikkje for alle, seier Telenor, og med det meiner dei at nettet enno ikkje er for privatpersonar. Mobilar som taklar 5G, kjem ikkje før kanskje neste år. Men dei kjem. 5G er ein føresetnad for å ta i bruk sjansane som ligg i det såkalla «Internet of Things», ifylgje Telenor. Ein føresetnad for det meste frå sjølvstyrande bilar og fjernstyrt kirurgi til parkeringssensorar i asfalten.
5G er eit mobilnett, men òg eit breibandsnett. Og sidan det er mobilt og trådlaust – det går via satellittar og ikkje via kablar i bakken som dømes fibernettet – skulle ein tru det var godt eigna til å minke den digitale skilnaden mellom grisgrendte og tettbygde strøk. Men (igjen ifylgje Telenor): «Fra start av vil 5G bygges gradvis på toppen av 4G-nettet.» Med andre ord: Dei som har mykje, skal få meir fyrst. Ti poeng for å gjette kor dekningskartet for 4G-dekning er tynnast. Og i løpet av 2020 forsvinn 3G-nettet.
Ta ansvar
Misforstå meg rett: Det er nok ikkje noko alternativ å la vere å henge seg på denne utviklinga. Men nokon må passe på at ho i størst mogleg grad er styrt av kva folk treng, ikkje av kroner i kassa. Truleg er denne nokon ein politikar, gjerne ein i regjeringa. Gjerne ein som trekker konklusjonar frå det vedkomande sjølv elles seier: at det digitale samfunnet, den digitale forvaltninga, det digitale næringslivet føreset velfungerande nettilgang.
Altså bør det truleg vere ein rett ein har som busett – på same måte som straum. Tida er ikkje ute for eit koparnett som har fungert i 100 år, så lenge det er folk som er avhengige av det og ikkje har andre alternativ.
Internett er ikkje lenger berre ei vare, det er eit samfunnsansvar. Er det ansvaret for tungt for ei (delvis) privat verksemd å ta friviljug, så har vi styresmakter og lovverk for slikt.
Ein av to ting må i alle høve skje: Enten må ein slutte å seie at digitalisering fjernar skilnadar og avstandar mellom bygd og by, eller så må ein fjerne desse skilnadane. Det kjem til å koste pengar. Det må ein òg seie høgt – og så må ein velje å bruke dei eller ikkje. Vel ein det vekk, må ein vere klar på at det får konsekvensar for korleis ein kan argumentere for alt frå kommunereform via redusert postombering til politireform og desentralisert næringsliv.
Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Internett er ikkje lenger berre ei vare,
det er eit samfunnsansvar.
Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.