Omsetjing i fargar
Då Marieke Lucas Rijneveld skulle omsetja Amanda Gorman, kom protestane. Kvifor hadde dei ikkje kome om Gorman skulle omsetja Rijneveld?
Den amerikanske poeten Amanda Gorman.
Foto: Kevin Lemarque / NTB
Dei siste vekene har eg gått kritisk gjennom den førtiårige verksemda mi som omsetjar og attdiktar. Vil ho stå seg i framtida? Sjølvgranskinga har elles ingenting å gjera med at ein omsetjar alltid er førebudd på at ei omsetjing vert utdatert. Shakespeare og Bibelen – eg har attdikta båe – har synt seg å krevja ei ny omsetjing for om lag kvar generasjon.
Det sjølvkritiske blikket kom ikkje av at tida går, men av ei uvand merksemd om det ein kunne kalla litterær appropriasjon.
Amanda Gorman
Hugsar du den amerikanske lyrikaren Amanda Gorman (23), ho som las diktet «The Hill We Climb» under president Joe Bidens innsetjingsseremoni i januar? Rettane til dikta hennar er no selde til forlag i mange land, mellom dei Noreg og Nederland.
Gorman har fornuftig nok teke del i val av attdiktarar. Mellom anna godkjende ho den nederlandske omsetjaren, Bookerpris-vinnaren Marieke Lucas Rijneveld (29). Som Gorman har Rijneveld fått eit internasjonalt gjennombrot i ung alder. Debutromanen Kveldens ubehag (De avond is ongemak, 2018) kjem på norsk til hausten.
Men det gjer ikkje attdiktinga hennar av Gorman. I Nederland kom protestar. Fyrst i sosiale medium, så i avisa De Volkskrant, i eit edrueleg innlegg skrive av journalisten Janice Deul. Deul og andre meinte: Det er ikkje rett at Rijneveld attdiktar Gorman.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.