Med nytale skal landet byggjast
«Med kunnskap skal landet byggjast», har vorte bruka som motto for skulen. I dag er skulen fylt med «læringspartnarar» som byggjer landet med «læringsutbyte». Skulen har vorte den nye arenaen for nytale.
Elevane skal gjerast til medvitne deltakarar i «kommunikasjonsprosesser sammen med læringspartnere og læringsledere». Dette står å lesa i ein plan for kvalitetsutvikling i bergensskulen. Dette nye språket møter du på skular i alle delar av Noreg. Før var det rektorar, lærarar og elevar på norske skular. Lærarane gav elevane kunnskap gjennom undervisning. No er det «læringsleiarar» saman med «læringspartnarar» som har «læringsutbyte» som mål.
Kvar kjem dette språket frå? Svaret får du ved å byte ut l-en i «læring» med ein n. Idealet er «næringsleiarar», med «næringspartnarane», som har «næringsutbyte» som mål. Skulen er ikkje lenger ein skule, skulen er ei bedrift.
Nytalen
Skulen har vore gjennom mange reformer dei seinare tiåra. Og endringar av innhaldet inneber endring av fagorda vi brukar. Nåde den som enno brukar ord som «frøken» og «klasseforstandar», eller utgamle motto som «nydeleg, tydeleg og prydeleg». «Klasseforstandar» heiter i dag «kontaktlærar». Og læring og kunnskap skal sjølvsagt ikkje vera «nydeleg» og «prydeleg» lenger, undervisninga skal vera funksjonell. Men er setninga eg byrja denne kommentaren med, tydeleg? Nei – ikkje når det same kan uttrykkjast slik: «Den langvarige kontakten mellom elevar og lærarar.»
Men det høyrest no eingong betre ut med «læringspartnar» – då er du ikkje ein underdanig elev, og du har god avstand til det som alle tenkjer på med skrekk og gru: puggeskulen. Læringsleiarane kan på hi sida flotte seg som «leiarar». Det kjem godt med i forhandlingar om løn, men det kan like gjerne kokast ned til generell forfengelegskap – altså den gamle historia om «keisarens nye klede».
Medborgar og tyggis
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.