Manndom, mynt, McConnell og trumpisme
Behovet Trump har for å framheve manndommen sin verkar inn på alt frå tollsatsar til grensekontroll.
Ein migrant frå Honduras lener seg mot muren som skil Mexico frå USA i Tijuana.
Foto: Leah Millis / Reuters / NTB scanpix
Etter den ubehagelege meiningsutvekslinga mellom Donald Trump og demokratiske leiarar tysdag i førre veke verkar det godt mogleg at sjefstvitraren kjem til å stenge regjeringa ute i eit forsøk på å få finansiert ein mur på grensa til Mexico. Det som er påfallande, er at planen om å bygge ein mur i utgangspunktet er idiotisk. Sjølv om ein er hardnakka innvandringsmotstandar, enten innvandringa er lovleg eller ulovleg, er det å bruke mange milliardar dollar på ein iaugefallande fysisk barriere verken naudsynt eller effektivt viss målet er å hindre innvandrarar i å komme.
Kva dreier det seg om, eigentleg? Nancy Pelosi, som ganske sikkert blir den neste speakeren i Det kvite huset, skal ha sagt til kollegaer at for Trump er muren ei «manndomsgreie». Det høyrest logisk ut. Men det fekk meg til å undre: Kva andre politiske strategiar er eit resultat av utryggleiken til Trump? Kva er dei politiske strategiane til regjeringa hans eit resultat av generelt?
Svaret på desse spørsmåla er etter mitt syn at det ligg tre hovudmotiv bak den Trump-orienterte politikken; la oss kalle dei manndom, McConnell og mynt.
Med McConnell siktar eg til Det republikanske partiets ålmenne dagsorden, som i utgangspunktet tener interessene til store pengegivarar – både velståande personar og selskap. Dagsordenen består først og fremst av skattelette for givarklassen, med kutt i sosiale handlingsplanar for å gjere opp for delar av dei tapte inntektene. Dette inkluderer òg endring av forskrifter til fordel for forureinarar, ikkje minst, og for finansinstitusjonar og tvilsame aktørar som til dømes skular eigarane tener pengar på å drive.
Under 2016-valkampen gav Trump seg ut for å vere ein annan type republikanar – ein som ønskte å verne om tryggleiksnettet og heve skattane for dei rike. Men som sittande president har han stått for ein beint fram ortodoks innanrikspolitikk. Den einaste lovgivingsendringa han har fått i hamn i løpet av dei første to åra, er ei skattelette som gagna dei rike; han har gjort alt han kan for å undergrave helsetenesta for innbyggarar som er lågt- eller gjennomsnittslønte; han har strupt både miljøvern og finansreglement.
Samtidig har utanrikspolitikken til Trump brote med ikkje berre tidlegare republikansk praksis, men med alt USA har brukt å stå for. Tidlegare presidentar har kan hende innretta seg etter tvilsame regime i realpolitiske spørsmål, men Trumps openberre forkjærleik for brutale despotar framfor demokratiske allierte har vi aldri sett maken til. Trump er villig til å unnskylde kva folk som Vladimir Putin og Mohammed bin Salman enn gjer, til og med når dei tar liv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.