Kjøtmat er komen for å bli
Vi må diskutere dyrevelferd, men måten veganardebatten har utvikla seg på, er i ferd med å øydelegge heile diskusjonen.
Stillbilete frå filmen «Dominion».
«From beasts we scorn as soulless,
in forest, field and den,
the cry goes out to witness
the soullessness of men.»
Med denne teksten, av M. Frida Hartley, plassert over det tilsynelatande redde auget på det som truleg er ein gris, med lydar frå det som truleg er eit slakteri i bakgrunnen, byrjar dokumentarfilmen Dominion. Filmen er produsert i Australia, finansiert av «dyrevener» frå heile verda, og hevdar sjølv å presentere eit bilete av dyrehaldet i den vestlege verda. Heile filmen ligg gratis på internett og er mykje delt av dyrvernarar i sosiale medium.
Finn to feil
Sitatet presenterer eit bilete av debatten vi har hatt her heime i det siste: I den såkalla veganardebatten får mennesket på pukkelen for korleis vi utnyttar og brukar dyr for eiga vinning. Om det no er gjennom barnesongar om mjølk og ull, reinslakting som kulturopplæring i barnehagen, jakt eller rett og slett slakting av dyr til mat: Samfunnet vårt er bygt på at arten menneske har sett seg sjølv på toppen og tatt seg rett til å styre over resten av naturen – og med det dømt millionar av dyr til endelaus liding og pinsle. Gjennom å handsama dyr som om dei ikkje hadde sjel, vert det synleg kor sjellause vi sjølve er.
No er det to problem med dette sitatet. For det fyrste klarer eg ikkje finne ut kven denne M. Frida Hartley er. Søk på nettet gjev berre dette vesle sitatet, ingen vidare informasjon om personen bak det. For det andre er det rett og slett ikkje sant at vi menneske ser på eller handsamar dyr som om dei ikkje hadde sjel.
For ordens skuld: Ein vert veganar når ein sluttar å bruke noko som helst produkt frå dyr. Ein et ikkje kjøt, fisk, mjølk, egg eller honning, og ein kler seg heller ikkje i ull eller skinn.
Det er ikkje til å kome vekk frå at fenomenet er vestleg. Diskusjonen er konsekvensen av ei verd der folk flest bur i by. Kor folk flest ser naturen på TV og kjøper mat pakka inn i plast. I samfunn der normalen er å leve med produksjonsdyr rundt seg, der alle veks opp med å røre i blodet når foreldra slaktar grisen på låven, har ein ikkje slike debattar.
Er det fordi ein ikkje klarar å løfte blikket når ein står midt oppi det, eller er det fordi å stå midt oppi det gjev ei forståing ein ikkje får utan erfaring?
Kjøt kan vere moralsk
For det er ikkje slik at det er umogleg å vere etisk kjøtetar. Det er ikkje slik at kunnskap om korleis produksjonsdyr har det, eller korleis ting går føre seg på eit slakteri, straks gjer deg til vegetarianar – tvert om: Eg er eit døme på at det like fort går andre vegen. Eg var vegetarianar i ni og veganar i to år før eg byrja på jordbruksskule. Etter fire månader åt eg kjøt. Eitt år seinare slakta eg mitt fyrste lam – ei oppleving som gav meg ei kjensla av stoltheit og tilhøyrsle eg ikkje har mista sidan.
Ingen som har møtt husdyreigarar – bønder – med eit fordomslaust og ope sinn, kan påstå anna enn at dei ser at dyra dei har i fjøset, har sjel. Om bønder– eller jegerar, for den saks skuld – trudde dyra deira ikkje kunne tenke, ville dei hatt monaleg mykje større problem med å handtere dei. Ein jeger som trur hjorten han jaktar på, er dum, vil ikkje få skote mange dyr. At ein får dyr i fjøs til å slappe av, for det gjer dei, kjem av at ein skjønar kven dei er, og i så stor grad som mogleg, sjølvsagt innanfor økonomiske og praktiske rammer for kommersiell drift, tek omsyn til behova deira.
Øydelegg debatten
Mykje er gale i måten dyr vert nytta i matproduksjon på, og måten vi et kjøt og andre animalske matvarer på. Kanskje er dette ei av årsakene til at debatten har tatt av akkurat no: Norsk jordbruk vert stadig meir industrialisert, stadig meir effektivt, med større fjøs, fleire dyr inne, mindre dyr på beite og færre dyr som får leve ut naturleg åtferd, og lever mindre i pakt med naturen. Å heile tida diskutere dyrevelferd er viktig, og alle må få vere med i debatten. Men å diskutere med utgangspunkt i at vi ikkje skal kunne nyttiggjere oss av dyr i det heile, det vil seie at veganisme er det einaste moralske standpunktet, er ei avsporing. Ei skummel avsporing.
Mennesket er altetarar. Det er openbert. Elles hadde vi ikkje vore avhengige av vitamin B12, som vi berre kan få frå animalske kjelder. Matproduksjon basert på dyr har òg ei rekke positive konsekvensar for mellom anna økosystem og biologisk mangfald: Dette er òg dyr. Ein fjerdedel av artane på lista over trua flora og fauna (raudlista) avheng av kulturlandskap og beitedyr. Ingen villsau i kystlyngheia, ingen sommarfuglartar som smalvengemålar og røsslyngmålar, ingen lynghumler og lynggrashopper. Kven er viktigast?
Så kan vi sjølvsagt late villsauene gå der i lyngheiene utan å ete dei. Late dei sjølvdaude av sjukdom, matmangel, skader eller alderdom, ligge der til dei rotnar, medan vi et noko heilt anna. Det går an, det. Men altså, så lenge dei er der og brukar litt energi, og inneheld litt energi, og er sunne og ikkje minst ganske så velsmakande, er det ikkje rett og slett ganske dust å ikkje ete dei?
At eg svarar ja på dette spørsmålet, gjer meg ikkje til umoralsk mordar. Det er god, gamaldags sunn fornuft.
Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ikkje slik at det er umogleg å vere etisk kjøtetar.
Fleire artiklar
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.