Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Taiwan i skuggen frå Kina
Taiwan er eit demokratisk samfunn med ein avansert økonomi som heile verda er avhengige av for produksjon av mikrobrikker. Halvor Eifring skriv om landet som er truga av kinesisk invasjon. Del 1 av 3
Tre fakta om Taiwan overraskar nok dei fleste:
1. Då portugisiske sjømenn «oppdaga» Taiwan i 1544, budde det knapt kinesarar der. Dei som budde der, var stammar som tala ulike austronesiske språk. Kinesarane kom seinare.
2. I 1936 uttala opprørsleiaren Mao Zedong at han ynskte å hjelpa Taiwan og Korea i kampen for sjølvstende frå Japan. Kinas dåverande president Chiang Kai-shek ville òg hjelpa «brørne våre i Korea og Taiwan» til å oppnå «sjølvstende og fridom». Taiwanarar vart sjeldan omtala som kinesarar.
3. Ein kan hevda at åra 1945–1949 var den einaste perioden i historia då heile Taiwan var ein del av Kina under kinesisk styre.
Fire års samliv
Då Winston Churchill, Franklin Roosevelt og Chiang Kai-shek formulerte Kairo-deklarasjonen i 1943, stipulerte dei at «territoria Japan har stole frå kinesarane, som Mandsjuria, Formosa [Taiwan] og Pescadorane [Penghu Qundao], skal tilbakeførast til Republikken Kina». Fyrst etter dette byrja Mao og Chiang å omtala taiwanarar som kinesiske landsmenn og Taiwan som ein del av Kina som skulle sameinast med fastlandet.
Hovudstaden Taipei, med drygt 2,5 millionar innbyggjarar i bykjernen og 7 millionar i omlandet, er av dei tettast folkesette områda i verda. Den drygt 500 meter høge sky- skraparen til venstre var til 2010 høgast i verda.
Foto via Wikimedia Commons
Då Japan kapitulerte i august 1945, var det nettopp dette som skjedde. Fire år etter tapte Chiang borgarkrigen og flykta til Taiwan. Mao Zedong tok over Kina, medan Chiang trekte seg tilbake til Taiwan, med eit stadig mindre realistisk mål om å ta fastlandet attende derfrå.
Etter at Chiang døydde i 1975 og Mao i 1976, vart både Kina og Taiwan gradvis meir opne samfunn, men begge sider heldt på ideen om at Taiwan er ein del av Kina. Først då son til Chiang nærma seg slutten av livet, starta han ei demokratisering som etterfølgjaren Lee Teng-hui fullførte. Det første frie presidentvalet kom i 1996, og det fyrste ordna regimeskiftet då eit nytt parti tok over makta fire år seinare.
Det nye partiet var tilhengjar av formelt sjølvstende for Taiwan. Men trusselen frå Kina gjorde det umogleg å skifta landsnamn frå «Republikken Kina» til «Taiwan».
Japansk okkupasjon
Før 1945 hadde Taiwan vore japansk koloni sidan Japan sigra i den fyrste sino-japanske krigen i 1895. Japansk okkupasjon skjedde ikkje utan motstand. Medlemar av den lokale eliten freista å etablera Taiwan som eigen republikk, men republikken fekk eit kort liv, i fyrste omgang berre tolv dagar. Det var umogleg å stå imot den japanske invasjonen.
I dei 20 åra som følgde, var kampen mot japanarane ofte valdeleg. Før hadde kinesarar og urinnbyggjarar på Taiwan ofte kjempa mot kvarandre, og begge grupper hadde store innbyrdes konfliktar. Japansk okkupasjon sameina dei i opposisjon mot ein ytre fiende, ikkje minst fordi taiwanarar vart behandla som andrerangs borgarar. Det voks fram ein felles identitet som taiwanar, i kontrast til japanske okkupantar.
Etter kvart oppstod det òg ein ikkje-valdeleg motstand. Denne vart i større grad tolerert av okkupasjonsmakta, som var påverka av vestlege idear om ytrings- og forsamlingsfridom. Krava om delvis sjølvstyre og sjølvstende for Taiwan vart aldri imøtekomne, men styrkte framveksten av lokal taiwansk identitet.
Det mandsjuiske riket
Men var ikkje Taiwan ein del av Kina før øya vart japansk koloni i 1895? Jo, men det var eit Kina som var styrt av mandsjuane, eit nomadisk folk som snakka eit anna språk og hadde ein annan kultur enn kinesarane. Å seia at Taiwan på denne tida var ein del av «Kina», er derfor problematisk. Reint geografisk stemmer det, men det var ikkje han-kinesarar som styrte.
Heilt frå mandsjuane okkuperte Taiwan i 1683 og til langt ut på 1800-talet, tok mandsjuane ofte parti med taiwanske urinnbyggjarar mot lokale kinesarar på Taiwan. Lokale kinesarar var ofte i opposisjon til dei mandsjuiske styresmaktene, som dei særleg i den tidlege perioden såg på som eit ikkje-kinesisk regime.
I mandsjuperioden auka den kinesiske innvandringa til Taiwan kraftig, men fyrst og fremst til vestsida av øya. Både austsida og dei høge fjella langs midten var framleis territoriet til urinnbyggjarane – beskytta både av dei sjølve og av motstanden til dei mandsjuiske styresmaktene mot kostnadene og konfliktane som ville følgja av å utvida territoriet.
Då japanarane invaderte urinnbyggjarland i Sør-Taiwan i 1874, kunne dei med ein viss rett hevda at dette var område det mandsjuiske riket ikkje hadde styresmakt over. Kinesiske kart frå perioden syner òg at det primært var vestkysten som var ein del av det mandsjuiske riket.
Fyrst frå slutten av 1870-talet tok arbeidet med å innlemma større delar av øya fart, og i 1887 fekk Taiwan status som eigen provins. Men i 1895 måtte altså det mandsjuiske riket gje frå seg Taiwan til Japan.
Dei fyrste kinesarane
Det var nederlendarane som sørgde for at Taiwan fekk ei kinesisk befolkning. Dei okkuperte delar av Sør-Taiwan i 1624 og starta masseimport av kinesiske arbeidarar. Nederland hadde fyrst prøvd å okkupera Penghu-øyane mellom Taiwan og det kinesiske fastlandet, men vart jaga derfrå med bod om at Penghu høyrde til Kina: «Dra heller til Taiwan!» Det gjorde dei, og sidan dei alt hadde mykje kontakt med Kina, var det naturleg å fylla behovet for arbeidskraft ved å bringa kinesarar til øya.
Om lag samstundes okkuperte spanjolane Nord-Taiwan. Spania hadde lenge vore koloniherrar på Filippinane og hadde mindre kontakt med Kina. Hadde spanjolane vunne fram, ville Taiwan vorte folkesett med filippinarar snarare enn kinesarar. Det ville skapt ei anna verdshistorie, ikkje minst fordi filippinarane var nære slektningar av urinnbyggjarane på Taiwan. Men nederlendarane jaga spanjolane frå Taiwan og tok over områda deira i Nord-Taiwan, så det var ikkje slik historia utvikla seg.
I 1620–30-åra okkuperte Spania Nord-Taiwan via kolonien på Filippinane, medan Nederland okkuperte Sør-Taiwan. Hadde spanjolane då jaga nederlendarane, ville nok Taiwan vorte folkesett med filippinarar snarare enn kinesarar.
Foto: Kin Cheung / AP/ NTB
Nederlendarane blei på Taiwan til 1662, då den kinesiske generalen Koxinga vann over dei og etablerte Tungning-kongedømet sitt der. Koxinga døydde berre nokre månader seinare, men sonen hans heldt stand på øya i drygt 20 år til, før han kapitulerte overfor det mandsjuiske riket i 1683.
Austronesisk ekspansjon
Korkje nederlendarane, spanjolane eller Koxinga styrte på noko tidspunkt heile Taiwan. Bortsett frå nokre område langs kysten var øya framleis dominert av dei austronesiske urinnbyggjarane.
I dag utgjer dei austronesiske urinnbyggjarane ein liten minoritet på ein halv million menneske av ei totalbefolkning på 23,4 millionar. Hundreår med undertrykking har gjort dei sårbare.
Dei færraste av oss kjenner innverknaden denne gruppa har hatt på den tidlege verdshistoria. Nokre av dei forlét nemleg Taiwan til sjøs for mellom 5000 og 3000 år sidan og spreidde gena og språka sine til store delar av verda. Dei nådde ikkje berre andre område i Søraust-Asia, men Madagaskar i vest, New Zealand i sør og Hawaii og Påskeøya i aust – i tillegg til nesten heile Mikronesia, Melanesia og Polynesia. Båtteknologien deira var svært avansert, og for over 4000 år sidan var dei fyrst ute i verda med å nytta segl.
Austronesisk er i dag den femte største språkfamilien i verda, med 386 millionar talarar.
Er Taiwan ein stat?
Folkerepublikken Kina har aldri hatt herredøme over Taiwan. At standardspråket på Taiwan er det same som i Kina, at eit fleirtal av taiwanarar sporar forfedrane sine til Kina, og at dei kinesiske innslaga i taiwansk kultur er sterke, gjer ikkje Taiwan til ein del av Kina, meir enn det gjer USA, Canada, Australia eller New Zealand til delar av Storbritannia.
Taiwan tilfredsstiller utvilsamt dei viktigaste kriteria folkeretten har for å reknast som eigen stat: Landet har permanent befolkning, definert territorium, sentralisert styresett og evne til å inngå avtalar med andre statar. Er det kanskje på tide at verda utanfor gir opp «eitt Kina-politikken»?
Halvor Eifring
Halvor Eifring er professor i kinesisk ved Universitetet i Oslo. Denne hausten er han gjesteforskar ved National Taiwan University og Center for Chinese Studies i Taipei. Han har reist fast til Taiwan sidan 1984. Han har òg arbeidd i Kina.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.