JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Faren for kronisk rettargang

Rowling og transkjønndebatten handlar ikkje minst om korleis ein fører ein offentleg samtale, og kvifor slike samtalar er viktige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5665
20210129
5665
20210129

KOMMENTAR

eivor.oftestad@inn.no

«Skal den offentlege samtalen verte erstatta av ein kronisk rettargang?» Spørsmålet vart stilt av Lars Saabye Christensen i Kaj Skagens intervju i Dag og Tid førre veke. Det treffer samtida rett i magen, og kan vere tittel på saka om forfattaren bak Harry Potter-bøkene, J.K. Rowling, som har ytra seg kritisk og polemisk om moderne kjønnsteoriar.

I januar vart det kjent at
bibliotekarar her til lands ikkje lenger vil halde årlege Harry Potter-dagar av di utsegnene hennar bidreg til å spreie «hat» i samfunnet, slik Leo Beck, bibliotekar i Kvinesdal, ordla seg i Dagsnytt 18 (22. januar 2021). Ser ein nærare på saka, er det, etter mi meining, ikkje hatet frå Rowling, men mot Rowling som er det oppsiktsvekkjande.

I den lange teksten Rowling sjølv har publisert for å forklare kva ho meiner, og kvifor ho meiner det («J.K. Rowling Writes about Her Reasons for Speaking out on Sex and Gender Issues»), fortel ho kva pris ho betaler for å ytre seg. Ho vert kalla transfobisk, ei fitte, ei heks, ein terf (transekskluderande radikalfeminist), og ho fortener boikott, straff og død. Nokre kallar henne for Voldemort, den vonde sjølv i hennar eige Harry Potter-univers.

Kritisk fornuft

Desse reaksjonane syner at historia om Rowling og transkjønndebatten handlar om fleire ting. Forutan ulike oppfatningar om kjønn og biologi, og dinest om meiningsfridom og ytringsfridom, handlar ho ikkje minst om korleis ein fører ein offentleg samtale, og kvifor slike samtalar er viktige. For kva skal vi med ytringsfridom om vi ikkje kan samtale? Kva verdi har det å rope slagord og karakteristikkar til kvarandre?

Historia om Rowling syner at det humanistiske prosjektet er truga, nemleg at mennesket gjennom kritisk fornuft og sam-tale strekkjer seg mot sanninga. Dette idealet kjenner vi til dømes frå klassisk akademia. Vitskapens viktigaste forplikting er idealet om å søkje sanning gjennom spørsmål, ikkje konklusjonar bestemte på førehand. Å strekkje seg mot eit slikt ideal er ikkje mogeleg utan å vise vilje til å forstå dei som meiner noko anna enn ein sjølv, utan å ta seg tid til å lese kva den andre skriv, eller til å lytte til det ho eller han eller hen seier. Målet med usemje i eit samfunn må jo vere at vi, gjennom å verte kjende med andre synspunkt, kan verte litt klokare sjølv?

Rowling-saka syner at dette idealet for lengst er parkert. Sjølv om eg framleis har tru på annleislandet Noreg, vert polariseringa i den offentlege samtalen også her driven fram som ei utilsikta følgje av at likes og dislikes, kjensleutbrot på sosiale medium og korte tweets definerer korleis ein debatterer. Kor mange kan eigentleg følgje eit langt resonnement?

Bannlysing

Prosessen som går føre seg mot Rowling er vår tids bannlysing. Rowling vert «anatema», utelukka frå det gode selskap og brennemerkt. Og ho vert sett i gapestokk gjennom sosiale medium og memes som er langt mindre godlyndte enn dei av Bernie Sanders med strikkevottar.

Frå historia veit vi at dei som driv med bannlysing, sensur og gapestokk, høyrer til lukka ideologiar. Då den katolske kyrkja ikkje ville utfordrast av Martin Luthers kritikk, vart han bannlyst og fritt vilt. Bøkene hans vart brende utanfor bymuren. Seinare var dei protestantiske kongane i Danmark-Noreg ivrige på sensur av alt som vart publisert. Og gapestokkane kom opp for dei som forbraut seg mot strenge morallover. I dag er det totalitære regime og ideologibaserte revolusjonære rørsler som driv meiningssensur.

Sårbare kvinner

Den rørsla som no vil bannlyse Rowling, hevdar at kjønn ikkje er biologisk, og at menn difor kan definere seg som kvinner om dei kjenner for det, også utan kjønnskorrigerande behandling. Slik eg forstår det, freistar Rowling å syne at denne rørsla vert fremja på kostnad av sårbare kvinner. Men det bør ein ikkje seie fordi det støyter kjensler. Men når kjenslene kan styre ein debatt, har vi også forlate idealet om open samtale. Vi må kunne samtale om ulike oppfatningar, sjølv om individ vert såra. Lat meg ta eit døme som eg trur syner Rowlings posisjon:

På treningssenteret i nærleiken av oss var det, før det vart koronastengt, stundom ein velutstyrt mannekropp i damegarderoben. Dei jentene eg kjenner, som skifta og dusja i same rom, var ikkje komfortable med det. Ingen hadde spurt dei om det var greitt, slik ingen heller spør om det er greitt at transar skiftar saman med dei i gymmen på skulen. Som mor er eg rimeleg sikker på at eg ikkje vil at det skal vere nakne framande mannekroppar i garderoben der døtrene mine dusjar, same kor mykje dei definerer seg som kvinner. Men å seie dette høgt vert stempla som misforstått transfobi fordi kvinna med mannekropp også har kjensler.

Rowlings poeng er at det finst fleire sårbare grupper her, både transpersonane som ønskjer anerkjenning for den dei er og ønskjer å vere, og jenter med kroppen sin, nokre av dei misbrukte av menn og difor ekstra sårbare. Då hjelper det ikkje om sjølvaste Daniel Radcliffe (Harry Potter) seier at «transkvinner er kvinner».

Etter at Rowling vart tatt ned frå gulltrona på biblioteket, vart den norske debatten straks ein debatt om ytringsfridom, eller om det naudsynte i å skilje forfattar og verk. Urovekkjande nok vart ikkje meiningsbrytinga forsvart som eit gode i seg sjølv.

Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi må kunne samtale om ulike oppfatningar, sjølv om individ vert såra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis