JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Eit skrømt går gjennom Det kvite huset

At det vert lagt så stor vekt på Trumps bisarre personlegdom og uroande retorikk, har smitta over på korleis vi oppfattar politikken hans.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabla

Blabla

Blabla

Blabla

9399
20170303
9399
20170303

Mange oppfattar Donald Trumps erobring av Det kvite huset som ei skam for USA og ein fare for verda. Og Trump er sanneleg ikkje som den akademisk danna, urbane Barack Obama, som i alle sirklar gjorde ære på USA med den vinnande personlegdomen sin. Men Trump har likevel noko sams med Obama. Begge kom overraskande fram frå skuggen i partia sine, sigra over Hillary Clinton og vann tilhengjarar med populistisk retorikk av ulikt slag.

Likeins som Obama i 2008 var ei lysande stjerne for dei store folkegruppene som hadde vansmekta og skamma seg under den vulgære og farlege George W. Bush, som rekna seg for å vera kalla til president av Gud, er Trump vorten helten for dei amerikanarane Obama gløymde, ikkje berre kvite arbeidslause, men òg dei kulturelt konservative.

Ein historisk reaksjon

Trump reid inn i Det kvite huset på den historiske reaksjonsbylgja mot venstreliberal kulturrevolusjon og nyliberal økonomi. Dei som festa lit og von til denne reaksjonen, såg vekk frå dei usympatiske og autoritære draga ved han. Slikt veg ikkje tungt når familien, lokalsamfunnet og landet ligg i den andre vektskåla.

Heilt annleis er det for byfolka med venstreliberal daning, fast arbeid og gode inntekter, for ikkje å snakke om norske akademikarar og pressefolk med toleranse og grenseløyse som etiske ideal. Den moderne kulturradikalismen med radikal kjønnspolitikk og kristendomskritikk som er dødsfienden til krinsane kring Trump, er nasjonal kultur i Noreg. Det som gir Trump-veljarane von, lèt håret reise seg på oss.

Derfor ser vi berre Trumps kompakte hovud og dvaske kropp, demagogien hans på dei svære folkemøta, det smaklause interiøret i Ludvig XIV-stil på toppen av det glorete Trump Tower, den sjølvopptekne twitringa og dei aggressive opptrinna på pressekonferansane. Det er ein framtoning og ei framturing som gjer at han blir oppfatta som ein sint, uberekneleg og farleg amerikansk president som kan starta ein krig på rein impuls.

Eit politisk program

Det er såleis ikkje fyrst og fremst politikken til Trump som vert oppfatta som «farleg» og «mørk». Det er personlegdomen hans som uroar. For det politiske programmet til Trump må ikkje i seg sjølv nødvendigvis skape meir krig og konflikt. Tvert om vil han oppretta eit betre tilhøve til Russland. Om dette lukkast, vil krigsfaren i Europa minska, og det vil bli enklare å avslutta krigen i Syria og nedkjempa ISIL.

Krava frå Trump om at NATO-landa i Europa i langt høgare grad må syta for sitt eige forsvar om dei vil at USA skal stå ved dei i krisesituasjonar, vil ikkje svekkja, men styrkja NATO, auka avskrekkinga og sjansane for fred i verdsdelen. Den verkeleg farlege politikken til Trump ligg ikkje på utanriks- og militærområda, men på klima- og økologifelta.

Men ein kan ikkje underslå at Trumps valsiger har ført tilhøvet mellom USA, Russland og EU i flyt, og at dette i seg sjølv inneber ein risiko. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at Trump-strategien går ut på at forståinga med Russland ikkje er eit mål i seg sjølv, men eit middel til å demma opp for og nedkjempa radikal islamisme, medrekna regimet i Iran.

Når ein les avisreportasjane om kaos og konfliktar i Det kvite huset, eller ser veddemåla i sosiale medium om kor mange månader det vil gå før Trump må gje seg som president, skulle ein ikkje tru han kan ha ein rasjonell plan med politikken sin. Men spørsmålet om kva politikk Trump-administrasjonen vil føra, og kva konsekvens han vil få for oss, må ein svara på på grunnlag av nøktern kunnskap og analyse, ikkje avisoppslag med kjelder vi ikkje kjenner, og som for kva vi veit, går inn i ein politisk strid.

Konkret
handlingsplan

Trump er omgjeven av ideologisk medvitne konservative rådgjevarar i Det kvite huset, og røynde politikarar i Kongressen, der det vert arbeidd med skattereform og erstatning av Obamacare etter velkjende republikanske liner. Det ligg ute ein konkret handlingsplan for presidentperiodens fyrste hundre dagar, offentleggjord den 9. november i fjor.

Samanliknar ein denne lista med kva som faktisk er blitt gjort til no, kan ein krysse av for kring ti tiltak, mellom anna tilbaketrekkinga frå TPP-handelsavtala for Stillehavslanda, to innskrenkingar når det gjeld lobbyverksemd, igangsetjing av Keystone-oljeleidninga, val av ny høgsterettsdomar og fleire vedtak om immigrasjon.

Sjølv om mange av punkta på lista sikkert kjem til å krevja meir tid enn hundre dagar, og sjølv om politisk motstand vil hindre nokre vedtak, kan det ikkje vere tvil om at det her ligg føre både ein ideologi og ein konkret handlingsplan, og at Trump-administrasjonen freistar å oppfylle valløfta sine.

Om Trump vil få folk i arbeid berre med ein ny handelspolitikk og store skattelettar, og om gjenoppvekkinga av den kolindustrien som gir mange arbeidarar tidleg kols, vil bringa liv og blomstring til amerikanske småbyar, er ikkje berre ei anna sak, men òg ei langt meir interessant sak enn at alle er «mot» Trump og at han no har gjort noko særs dumt att.

Fornuft og ufornuft

Domedagsprofetiane knytte til Trump er ofte irrasjonelle ved at dei avgrensar fornufta til dei særlege, politiske synspunkta vi sjølve har, og ser avvik frå desse som vanvit. Vanlegvis tenkjer vi ikkje slik, men Trump har ein støytande personlegdom som gjer at vi umerkeleg lèt dette støytande gli over på synspunkta hans, som blir meir normale om vi ser dei isolerte frå han.

Det gjeld innvandringspolitikken med utsending av kriminelle illegale innvandrarar og muren mot Mexico, som i prinsippet ikkje skil seg frå europeiske målsetjingar med avtalane mellom EU og Tyrkia og afrikanske land, og murar eller gjerde som til dømes i dei spanske enklavane i Nord-Afrika og på Balkan-ruta, og vårt eige gjerde mot Russland. Det gjeld opphevinga av internasjonale handelsavtalar som lenge har vore under sterk kritikk frå europeisk venstreside, og kritikken av EU, som kanskje eit fleirtal nordmenn deler.

Men fokuseringa på Trumps bisarre personlegdom og uroande retorikk, har smitta over både på korleis vi oppfattar dei politiske synspunkta hans og på analysen vår av den politiske situasjonen som valsigeren hans skapte. Fleire analytikarar har framstilt den mørke framtida dei no ventar seg i USA og resten av verda, som eit resultat av ikkje anna enn Trump og «sinnssjukdomen» hans.

Men ein slik fjerndiagnose av Trump skil seg ikkje frå det biletet vi får av han gjennom media, og utelèt det media ikkje formidlar. Trump vert då til medie­produktet «Trump», eit skrømt i vårt eige sinn, flytta over i Det kvite huset.

Psykiatri og maktkamp

Fokuset til massemedia på Trump som eit psykologisk og psykiatrisk kasus, gjer at vi ikkje ser etter den maktkampen som kanskje spelar seg ut kring han. Førestillinga om at eit mentalt samanbrot eller psykotiske tilstandar skal avslutta presidentperioden hans, kan vera ein del av denne maktkampen, som han sjølv ser seg som ein medviten spelar i.

Like etter at tryggingssrådgjevaren hans, Michael Flynn, vart tvinga til å gå av etter at etterretninga hadde avlytta han og lekka samtalen hans med den russiske ambassadøren til pressa, lenkja Trump i ei twittermelding til artikkelen «The Political Assassination of Michael Flynn» av journalisten Eli Lake i BloombergView 14. februar, der Flynns avgang vart sett som berre den fyrste sigeren til mektige grupper i tryggingsmiljøa som har teke mål av seg til å øydeleggja heile den indre sirkelen til Trump og til sist presidenten sjølv. Slik ser altså Trump posisjonen sin, og det skal mykje til at ikkje dei næraste medarbeidarane hans har same synet.

Noko av Trumps ubereknelege framferd kan med andre ord vere rekna ut i den nære krinsen hans for å gje atterklang i den folkelege maktbasen hans. Både i twittermeldingar, folketalar og pressekonferansar nyttar han ein demagogi som har folkeleg appell og truleg er strategisk vellykka.

Den aggressive retorikken, som ligg naturleg for han, kan vere medvite skjerpa som lekk i ein polarisert politisk strid mellom Trump og innerkrinsen hans, med Steve Bannon og Stephen Miller som dei viktigaste på den populistiske sida. På den andre sida er dei nykonservative i det republikanske partiet med John McCain i front, saman med Trumps motstandarar i den demokratiske opposisjonen, i etterretninga, byråkratiet og pressa.

Det gjer ikkje Trump meir sympatisk for oss, men det gjer han meir rasjonell. Det er då for tidleg å sitja oppe om natta og venta på amerikansk diktatur og umotiverte krigserklæringar. Truleg får vi større utbytte om vi ser etter korleis kampen mellom populistar og globalistar spelar seg ut bak og på scenen i Washington, fyrst og fremst når det gjeld Russland. For utan eit samarbeid mellom Trump og Putin ryk heile den store strategien til Trump-krinsen, samstundes som det ser ut til å vera det såkalla «Russiagate», strevet etter å knyta Trump til Putin, som motstandarane hans vonar skal gje grunnlag for å stilla han for riksrett.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den moderne kultur-

radikalismen med

radikal kjønnspolitikk

og kristendomskritikk

som er dødsfienden til

krinsane kring Trump,

er nasjonal kultur i

Noreg.

Trump vert til medie-

produktet «Trump»,

eit skrømt i vårt eige

sinn, flytta over i Det

kvite huset.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis