Eit lenge varsla mord på Dagbladet
Ei skillingsvise om Berner og likbrenning, og om avisas kropp og sjel, ved ein av dei.
Foto: Lars Aamodt / NTB scanpix
Dagbladet fyller 150 år omtrent på denne tida. Om dei siste tiåra i jubilantens omskiftelege liv har Christine Myrvang og Martin Eide skrive Alltid foran skjermen, ei tjukk, veldokumentert og forvitneleg bok – i alle fall for dei som er spesielt interesserte i Dagbladet og medieutviklinga meir allment. Dei fortaper seg ikkje i gullpennar og dagbladmytologi. Soga om vegen mot undergangen handlar om det digitale skiftet frå papir til nett og mobil, og om den kreative destruksjonen av avis til kapital gjennom eigedomsavvikling.
JUBILEUMSÅRET for Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) er over. Han skreiv aldri i Dagbladet, for han var dødssjuk då bladet starta, men hans ande svevde over redaksjonen: Dagbladets grunnleggar var den mangfaldige Hagbard Emanuel Berner, som også var med og starta Samlaget, Kvindesaksforeningen og Turistforeningen. Han høyrde til «Døleringen» av intellektuelle og opposisjonelle ungkarar som Vinje samla rundt seg. Då Berner nokre år tidligare gav ut Vort Land, kom Vinjes einmannsblad Dølen som kjellarvedlegg.
Dagbladet var meir einsynt enn tvisynt som kamporgan for Venstre-koalisjonen mot embetsmannsregimet. I mellomkrigstida blei avisa ei legering av høgkulturradikal fane og skandaleblad i laussal. Slik heldt det fram etter krigen til bladet frigjorde seg frå partibindingane og melde overgang til tabloid. Men sjela skulle vera den same.
Berner var også formann i Norsk Ligbrændingsforening. Det kan passa som merkelapp i ein minnetekst over det Dagbladet som har gått bort. Det finst mange statistar og redaktørar og avisutgreiarar som bipersonar, men berre éin i hovudrolla som slaktarmeister: Jens P. Heyerdahl.
JENS PALUDAN HEYERDAHL d.y. er ein merkeleg, mytisk og sjølvtilslørt figur, ei schizofren blanding av sentimentalitet og kynisme. Han stammar frå ei solid og konservativ borgarslekt. Han egla seg inn i Dagbladet gjennom kona og svigerfaren som høyrde til dei gamle Venstre-familiane i Oslo som var luteigarar og hadde styrande tillitsverv av politiske grunnar.
Heyerdahl forførte den legendariske redaktør Arve Solstad og stod fram som idealistisk riddar i forsvaret av det uavhengige Dagbladet mot trugsmål utanfrå. Dette manifesterte styreleiar Heyerdahl med å kjøpa seg opp som hovudeigar på fordekt vis. Han skreiv opp aksjeverdien til det mangedoble og sikra eigedommar og ridehus for at avisa gjennom Berner Gruppen skulle ha fleire bein enn papir å stå på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.