JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Den gamle mannen og Get-boksen

Rapport frå nedstiging til eit digitalt helvete der ein ikkje ser røynda utanfor skjermen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Spaltisten vil ikkje sjå denne filmen, han vil ha breiband. Hugh Grant og Martine McCutcheon spelar hovudrollene i Love Actually.

Foto: Universal Pictures

5251
20181221
5251
20181221

hompland@online.no

Førjulstida har vore stri. Éin dag var nettet nede og TV-en svart. Slikt skjer når det er kabelarbeid og oppgraderingar på gang. I vår digitale og mobile verd kan ein i heldige fall ty til dårlegare og dyrare naudløysingar slik at ein ikkje er heilt lamma. Så avhengige er me av å vera tilkopla.

Dagen etter var det like svart, så eg måtte til pers, ringa kundeservice og venta til platt musikk og meldingar om at eg rykte framover i køen.

Då eg fekk kontakt, tok kalamitetane til. Mannen i telefonen fann ut at det ikkje var noko gale med nettet, for på skjermen sin såg han at det ikkje var problem hos andre i strøket. Han slo fast at Get-boksen var daud og måtte bytast. Med Posten ville det ta mange dagar, men eg kunne få ein ny hos Elkjøp. Det ergra meg grovt at eg ville mista alt eg hadde lagra og sett fram til å sjå, og sjå om att, men eg innsåg at dette måtte eg bera.

DÅ EG HADDE plundra med misvisande bruksrettleiing og til slutt fått kopla alt opp att, kom det berre feilmeldingar, så det blei nye rundar med kundeservice. Dei kunne sjå på skjermane sine at eg det ikkje var min feil, slik eg frykta: Eg hadde kopla rett, men fått feil boks. Dei lova at det skulle gå bra likevel, berre systemet blei oppgradert. Det heldt me på med i fleire rundar over fleire dagar. Dei gav meg stadig nye instruksjonar; eg fekk digital angst og følte meg stadig dummare.

Dette er eit velkjent generasjonsfenomen, så eg fekk tilkalla yngre krefter. Ho har heller ikkje mellomteknikken, men er mindre hjelpelaus enn faren når det buttar mot, for gjennom digital osmose er datalogikken habitualisert. Men stadig var det like daudt og svart.

FOR Å GJERA denne klagesongen mykje kortare enn han har vore, går eg til nest siste vers. Etter ei veke dukka det opp ein fysisk montør. Han fann raskt ut at nokon hadde kutta ein kabel då dei grov i grannelaget utan å undersøka først.

Montøren spjelka kabelen, og då var nokre sorger sløkte, men siste vers varer ennå, til refrenget «Kom i gang med din nye TV-opplevelse – tilpasset en moderne hverdag». Eg har fått eit meir komplisert, ustabilt og dårlegare tilpassa tilbod, til ein høgare pris. Eg tar høgde for at eg kan ha «feilopplevd» alt dette, men uansett seier eg «faen ta alle oppgraderingar» og sluttar meg til Jan P. Syse: «Det som er i orden, skal ikke repareres.»

DET ER URETTVIST at denne klaginga har gått ut over Get, for det skal dei ha: Dei er godt kursa i å vera tolmodige og ikkje irritera seg så mykje over digitale undermålarar at dei fornærmar oss utdaterte. Men det er skilnad på vennleg og nyttig kundeservice.

Dette skal dei også ha: Det strøymer på meg så eg knapt kan anda med gode tilbod – og nett no, denne: «Kom hjem til en dansende Hugh Grant. Får du ekstra julestemning av å se Love Actually? Da har vi en god nyhet. Nå ligger den nemlig ute i Get nett-tv og vi spanderer! Kom hjem til en god porsjon hverdagsmagi, i årets koseligste måned.»

Men det er ikkje slik magi eg vil ha i heimen. Eg vil ha internett gjennom eit breiband som fungerer greitt. Eg vil sjå lineært TV utan å måtta styra med å manøvrera i lange og rotete menyar med ekstratilbod. Eg vil vera fri til å ta opp og lagra og spela av og spola forbi som eg vil, når eg vil; det sparer meg for mykje reklame, buljongpar og masete oppgulp. Det er den gode sida av «din nye TV-virkelighet». Film er uansett best på kino.

BYRÅSJEFEN liker ikkje at eg bruker strengt tilmålt og offentleg spalteplass til personleg klaging, og at eg blir sinna mann som legg skulda på andre for at eg kjem til kort. Det skulle ta seg ut om Forvaltninga oppførte seg slik!

Eg er samd i det, men: For det første dyrkar Spaltisten det klassiske, journalistiske jungelordet «Det er aldri så gale at det ikkje kan bli ei god historie ut av det.» For det andre prøver eg å bygga ein meir allmenn himmel over det som ergrar meg; eg prøver å gjera det til noko tidstypisk.

Digital kompetanse er plagsame greier. Me er mange som ikkje har glede av det, og som slit med å henga med. Og dei som er kompetente, ser ikkje grensene for sin eigen kompetanse: Problem som ikkje kan løysast på skjerm og over telefon, men har ein materiell komponent, er utanfor tankehorisonten.

DET ER IKKJE BERRE «ufor­glemmelige TV-opplevelser» me blir velsigna med i den kommersialiserte forbrukarjula som er rundt oss på alle kantar: Det skal lysa i stille grender så heller ingen avkrok er mørk. Desse versa har eg frå Julesanatoriet med Kari Slaatsveen og Ingrid Bjørnov, som har plukka dei opp frå opphavsmannen Øystein Hauge, som la dei ut på tidslina si på Facebook.

Det lyser i grelle grender

av LED-lys frå Europris

av slynger og stæsj frå Nille

der englar kjem sekkevis

Med tre tusen watt han helsar

vårt hellige himmelball

ein seks meter bleikfeit nisse

som kom og vart plastavfall

HA EIT GODT og nedgradert midtvintersblot nå som sola snur.

For julefredens skuld, og for at det skal bli same procedure, håpar eg du ikkje får ein hard pakke med Get-boks under treet.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det er aldri så gale at det ikkje kan bli ei god historie ut av det.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis