Dei underlege sengekameratane

Erna Solberg kan ha forskreva seg for å få oppfylt draumen om fleirtalsregjering.

Etter at den nye regjeringa hadde møtt kongen i statsråd, var det pressekonferanse med landbruks- og matminister Olaug V. Bolle­stad (KrF), finansminister Siv Jensen (Frp), statsminister Erna Solberg (H) og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).
Etter at den nye regjeringa hadde møtt kongen i statsråd, var det pressekonferanse med landbruks- og matminister Olaug V. Bolle­stad (KrF), finansminister Siv Jensen (Frp), statsminister Erna Solberg (H) og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).
Publisert

Erna Solberg har nådd sitt store mål: ei borgarleg fleirtalsregjering.

At dei som har funne saman ikkje har same mål med reisa, legg ho mindre vekt på, berre Høgre held rattet og Siv Jensen er kartlesar.

Dei to små i baksetet skal ho nok vita å stilna med analoge spel og litt godteri, slik at dei vaksne får styra i fred. Klarer ho å bera fram eitt lite tulleparti, så klarer ho to også. Ho har adoptert Kjell Ingolf Ropstad og er glad for at det ikkje blei tvillingabort. Ho er også nøgd med at likestilling skal flyttast til ein homovennleg, hetero psykopat som er reserve på trønderbenken.

Til gjengjeld får Kristeleg Folkeparti ein sexolog som skal driva utvikling i utlandet. Innanlands får ludittane vetorett i alt som har med bioteknologi å gjera. Dei får også overført tru og livssyn frå kultur til barn og familie. Då blir det nok mange K-ar og gode tider for kristne kyrkjer.

Vertinna er ei robust kvinne. Derfor gledde ho seg over at det var fire staute damer som openberra Solbergs reshuffla regjering, som bergensaren sa. Vertinna merka seg at fleire statsrådar er utan eige departement, men ho reknar med at det ikkje rammar portemoneen til den digitale Nikolai Astrup og dei andre med uklar portefølje.

Vertinna hadde medkjensle med Olaug Bollestad, for ho såg heilt månebedotten ut. Men ho trøystar seg med at det kan koma til å gå jysla godt om ho får gjønåslag i landbruks- og matpolitikken. Men i overvektig solidaritet vonar ho at ingen av dei trauste damene tar etter Bård Hoksrud og slankar seg. Det gjeld særleg Bollestad, for hennar politiske pondus er lett nok som han er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement