¿ Å seia éin ting, men gjera stikk motsett
Då han blei president, lova Donald Trump å avslutta dei amerikanske krigane i Midtausten. Med likvideringa av Qasem Soleimani legg han opp til nøyaktig det motsette.
Lytt til artikkelen:
Ingen veit kor mykje Midtausten-engasjementet har kosta det amerikanske samfunnet etter 2001. Fleire tusen unge amerikanske kvinner og menn er drepne, og fleire titusen er skada, ofte for livet. Ser ein på utlegga i pengar, er anslaga endå meir usikre: Det kan ha kosta amerikanske skattebetalarar to, tre eller fire tusen milliardar dollar, det vil seia ein stad frå to til fire norske oljefond. I tillegg kjem alle dei katastrofale kostnadene for folka og landa i Midtausten.
Kva er resultata av dette engasjementet, som har gått over nesten to tiår? Jau, invasjonen i Irak førte til at ein diktator blei fjerna, samstundes som det irakske samfunnet blei kasta ut i ustabilitet. Vegen blei opna for IS. Dessutan blei Iran – erkefienden til USA – ein avgjerande maktfaktor i Irak. Når det gjeld Afghanistan, er samfunnet der like ustabilt som før. Den dagen amerikanarane dreg seg heilt ut, tek antakeleg islamistrørsla Taliban over på ny.
Mislukka region
Difor var det klok politikk då Trump før presidentvalet i 2016 sa at han ville avslutta dei amerikanske krigane i Midtausten. For det fyrste var amerikanarar leie av krigar som aldri såg ut til å ta slutt. Dessutan er Midtausten – om ein ser det i eit større perspektiv – ikkje ein viktig del av den moderne verda. Regionen har olje, men er ikkje lenger ein så dominerande leverandør som før. Landa i regionen er teknologisk tilbakeliggjande, prega av klan- og stammerivalisering. Den islamistiske bølgja dei siste tiåra har gjort Midtausten endå mindre i stand til å gå inn i moderne tid.
I staden for å gjera fåfengde forsøk på å endra på Midtausten måtte USA konsentrera seg om å utvikla sitt eige samfunn, blei det hevda frå Trump-kampanjen før valet i 2016. Den einaste verkeleg store konkurrenten til USA på det globale planet vil vera Kina. Det var viktig å gje tryggingsgarantiar til USAs allierte i Aust-Asia, som Japan, Sør-Korea og Taiwan. Midtausten var og blei ei blindgate, blei det slege fast. Mange amerikanarar, også i det demokratiske partiet, var einige med Trump-leiren i denne analysen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.