JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

🎧 Makt og avmakt

Alle i maktposisjon vil potensielt kunna argumentera på dette viset: Klagene over overgrep er berre eit uttrykk for maktkamp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5597
20191115
5597
20191115

Lytt til artikkelen:

Dei siste to åra har vi hatt ei rekkje metoo-saker, både nasjonalt og internasjonalt. For mange overgrepsoffer vart dette ein sjanse til å seia frå om noko dei har bore på, men ikkje nådd fram med. Rørsla har òg kome med legitim kritikk av rettsvesenet, som i somme tilfelle har oversett eller bagatellisert overgrep, eller vore ute av stand til å prova at noko har skjedd.

Den norske debatten fekk ei ny dreiing sist veke, då Giske-saka vart sett på dagsordenen i Tromsø. Eller meir presist: Pressedekninga vart sett på dagsordenen, med den tause føresetnaden at innhaldet i varslingane ikkje skulle diskuterast, berre omtalane i media. I pakt med denne logikken vart ikkje varslarane inviterte, og dei reagerte med å arrangera eit motseminar.

Maktkamp

Mykje vart sagt om dette, men eg vil nøya meg med å kommentera eitt særskilt element. Giske og hans våpendragarar framfører fylgjande argument i analysen av pressedekninga: Ein har underslått eller underkommunisert at dette handla om ein maktkamp i Arbeidarpartiet. Hadde ein teke det med i reknestykket, ville saka kome i eit anna lys.

Dette argumentet har plaga meg heilt sidan eg høyrde det framført. Om Giske-saka vil eg ikkje seia meir, men eg har behov for å analysera dette argumentet. (Om nokon vil spørja kva eg meiner om Giske-saka, er mitt svar at eg finn det dokumentert at Giske har brote normene for akseptabel åtferd for ein mann i hans stilling som nestleiar og statsråd. Nok om det.)

Så til argumentet. Og la oss ta det frå botnen av. Metoo-rørsla handlar ikkje om menn som er klønete, innpåslitne eller uhøflege. Heller ikkje generelt om seksuell trakassering. Det avgjerande punktet i rørsla er at det handlar om makt. Det finst eit stort spekter av ubehagelege tilnærmingar, frå kløneri til reine overgrep. Men metoo handlar berre om dei tilfella der overgriparen (i vid forstand) er i maktposisjon, altså trakassering + makt. Det starta i film- og teatermiljø, der mektige aktørar (vanlegvis menn) kunne «betala» for intimitet med tildeling av roller eller andre posisjonar. Det er sjølve kjernen i det som vart avdekt: Det syner seg at aktørar med makt er viljuge til å bruka makta si til å skaffa seg ei eller anna form for intimitet som motparten finn krenkjande.

Legitimt

Metoo-rørsla gjorde det legitimt å seia frå om dette. Det var eit risikabelt prosjekt fordi slike hendingar alltid blir fortolka ulikt, og ein kan ha mange motiv for å melda om overgrep. Men trass i feilmeldingar og urimelege vurderingar i einskilde saker er det ingen tvil om at rørsla avdekte noko viktig: at makt gjer det tilsynelatande legitimt og mogeleg å krenkja intime grenser. Og det er forkasteleg.

Argumentet eg refererte ovanfor, snur maktforholdet opp ned. Den mektige personen har krenkt ein avmektig. Korleis kan han få makta tilbake? Jo, ved å hevda at det eigentlege offeret er han sjølv. Teknikken er på alder med Edens hage: Kvinna lokka meg. I overgrepssaker er det vanleg at den uskuldige lastar seg sjølv meir enn overgriparen og kjenner seg skiten og skuldig i det som har hendt. Det kan ta år å bli kvitt den kjensla.

I det argumentet eg analyserer, blir skulda flytta frå offeret til nokon som står bak og brukar offeret. Dermed blir det innført fylgjande logikk: Dersom den mektige personen har fiendar, vil påstandar om overgrep kunna førast tilbake til dei. I staden for å diskutera i fullt alvor kva ein har gjort, og kva ein har ansvar for, kan ein skyva heile problemet eit hakk lenger bak. Dersom det kan påvisast at nokon vil skada ein, må det vera deira skuld.

Og simsalabim – så er den mektige blitt offer, og det opphavlege offeret er blitt anten ein viljug reiskap for motstandaren, eller eit naivt offer for ein maktkamp vedkomande ikkje visste om. Men den som har opplevd overgrepet, misser autoritet og truverde, i same grad som det kan påvisast at det finst ein maktkamp i den organisasjonen ein tilhøyrer.

Det er finurleg tenkt og utført. Menneske som er i maktposisjon, har alltid motstandarar. Dei har klatra i systemet ved å gå forbi andre. Det er eit moralsk nøytralt synspunkt; dei kan ha gjort alt korrekt, utan skitne triks på noko punkt. Men når dei har vunne posisjon, har andre tapt. Har striden vore hard, vil motsetnadene vera harde. Dette vil seia at alle i maktposisjon potensielt vil kunna argumentera på denne måten: Klagene over overgrep er berre eit uttrykk for maktkamp. Og er dei det, skal vi oversjå lidingane til offera og gråta over påkjenningane til den som er i posisjon.

Denne måten å tenkja på gjer det også vanskeleg for dei som vil støtta offera, gje dei stemme og la dei bli høyrde. Ein stor del av påkjenninga ved å oppleva overgrep frå ein maktperson er at ingen trur på ein. Dei som vil skapa gode ordningar for at offeret skal bli høyrt, kan når som helst risikera å bli skulda for å ta parti i ein maktkamp.

Skulle denne argumentasjonen nå fram, vil dei viktigaste sidene av metoo-rørsla vera tapte.

Sjølvsagt må det vera hald i klagene, og sjølvsagt må ein vakta seg for falske rykte. Men skuldingane om at «dette er berre maktkamp», bør ein leggja bort for alltid. Det kan vera både trakassering og delar av ein maktkamp. Men det siste opphever på ingen måte det første. Det er berre ein måte å gjera den avmektige endå meir avmektig på, og det er det siste vi treng.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast
skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Og simsalabim – så er den mektige blitt offer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis