¿ Høgt spel i Washington

Riksrettsaka mot president Trump kjem truleg til å koste demokratane dyrt.

Adam Schiff, leiar for etterretningskomiteen i Representanthuset, og speaker Nancy Pelosi heldt ein pressekonferanse om riksrettssaka mot president Trump 2. oktober.
Adam Schiff, leiar for etterretningskomiteen i Representanthuset, og speaker Nancy Pelosi heldt ein pressekonferanse om riksrettssaka mot president Trump 2. oktober.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Demokratar i den amerikanske Kongressen har lenge drøymt om å reise riksrettssak mot president Trump for å bli kvitt han. Men Nancy Pelosi, demokratanes leiar i Representanthuset, avviste tanken lenge. Riksrett var eit sjansespel, meinte ho. Det kunne slå tilbake på demokratane sjølv.

Men den 24. september endra Pelosi meining. Presset blei for stort då det blei kjent at generalinspektøren til dei amerikanske etterretningstenestene hadde motteke ein rapport frå ein anonym varslar om at Trump hadde sett den nasjonale tryggleiken på spel.

No har Representanthuset seks komitear som etterforskar om presidenten har misbrukt stillinga si. Dersom dei finn at Presidenten har gjort noko gale, må dei bli einige om ei liste med tiltalepunkt som blir send over til Senatet, som skal dømme i saka. Denne saka er meir alvorleg enn saka som republikanarane reiste mot Clinton i 1999. Ho kan òg vere meir alvorleg enn saka som demokratane reiste mot Nixon i 1973.

Bukk og havresekk

Saka mot Trump blei utløyst då bukken skulle passe havresekken: Generalinspektøren for etterretningsteneste rapporterte varslarsaka til direktøren for USA sine etterretningstenester, som i sin tur bad Det kvite huset om å få varsle Kongressen om at presidenten truga tryggleiken til USA. Men Det kvite huset gav ikkje løyve til dette. Demokratane hevdar at varselet var særs graverande og at Det kvite huset forsøkte å underslå det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement