JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

🎧 Eit lite bomsteg frå samanbrotet

Svarteperspelet i regjeringa har gjort Erna Solbergs draum om fleirtal til eit mareritt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erna Solberg klarte kunststykket å få til ei fleirtalsregjering av fire sprikande parti der tre var erklærte hovudmotstandarar av kvarandre.

Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix

5082
20190823
5082
20190823

Lytt til teksten:

hompland@online.no

ERNA SOLBERG blei sanndrøymd: Ho klarte kunststykket å få til ei fleirtalsregjering av fire sprikande parti der tre var erklærte hovudmotstandarar av kvarandre. Men då ho vakna, synte det seg å vera eit mareritt. Ho ville ikkje sagt det på den måten, men same kor rund og romsleg, meklande og forsonande ho er, klarer ho ikkje å forlika skabhalsane på truverdig vis. Solbergs politiske livsverk kan enda i ruin fordi regjeringa bomma på den innebygde sjølvmordsklausulen.

Det er mykje frivillig tvang i eit arrangert fornuftsekteskap. Når samlivet flokar seg, skuldar partane på kvarandre, førebur barnefordelinga og prøver å legga ansvaret for skilsmissa på den andre.

Framstegspartiet og Venstre er desperate og fanga i Catch-22. Små sigrar for den eine er nederlag for den andre. Dei driv høgt spel utan klare reglar, så til slutt kan fleire sitta att med svarteper. Begge kan enda som det den fiktivt reisande Mazyar Keshvari så smakfullt kalla «små tulleparti».

FRAMSTEGSPARTIET er plaga av store personalpolitiske problem, men har likevel vore herja av medgang. Det heiter at nothing succeeds like success, men det motsette er også tilfelle: Nothing fails like failure.

Det buttar kraftig mot, og dei vasar rundt i jakta på godsaker. Utspel som tidlegare slo an, endar nå som låtteløye. Alt som kan gå gale, går verre og blir oppfatta som vas.

Partiet for bilistar flest har tatt på seg æra for asfaltlukt over heile landet, men heldt rekninga løynd. Og kvar er hordane av flyktningar og asylsøkarar når ein kunne hatt bruk for dei? Færre legg ut på «good journey» og haveventyr med Per Sandberg, men held seg i nærområda slik at Jøran Kallmyr kan synga med Vassendgutane: «så sende me deg heimat te Afrika».

FINANSMINISTER JENSEN klarte å føra Carl I. Hagens uryddige flokk ut av ørkenvandringa og inn i regjering. Nå er ho ein etablert systempolitikar i eit styringsparti. Ho har omgitt seg med biljardkuler og appatsjikar frå partinomenklaturen, men må også gjeta Per sine ville høner, dei listige bak haugane og (in casu Carl I. Hagen) hornet på veggen.

Då ho pressa landsstyret til å stilla seg bak skissa til bompengeforlik, blei det presentert med «nøktern begeistring» som «et skritt i riktig retning». Men det er ikkje der Framstegspartiets bakland kjenner seg heime. Dei vil vera «heftig og begeistret» og ta sjumilssteg. Nå blir det uansett for lite, for seint.

Då den dyktige pratemaskinen Siv Jensen objektivt sett kledde av og hudfletta bompengegeneralen Trym Aafløy, fekk han sympati hos sine eigne og langt inn i Framstegspartiet. Dei kjende seg att i taparen som brenn for si eine sak, men blir hundsa av ein sjølvgod maktpolitikar som plagar han med ansvar og heilskap.

VERTINNA MINNER om at ho for eit par månadar sidan gjorde greie for Framstegspartiets lagnad i bompengesaka: Når ein sau jaktar på saftige grasrøter i bratt lende, går han seg til slutt bom fast og kan verken koma opp eller ned, fram eller tilbake. Om det er bjøllesauen, kan han leia heile flokken med seg i ulykka. Om dei ikkje får hjelp til å koma ut av knipa, svelt dei i hel og blir mat for åtseldyr. Dei kan prøva eit dristig dødssprang, men sjansen for å koma uskadd frå det, er liten.

EIT FORVITNELEG scenario er at restane av Kristeleg Folkeparti og Venstre bind seg til Ernas mast, for dei har overtydd seg sjølv om at dette er den einaste vegen ut av dødsskuggens dal. Medan Framstegspartiet melder seg ut for å koma til hektene i bomfri posisjon som ekte opposisjon. Då kan Solberg sitta att med ei blå-gul-grøn regjering som ikkje eingong dei som gjekk til val på det for to år sidan, trudde på.

Framstegspartiet har sagt klart at dei ikkje vil støtta ei regjering dei ikkje er med i. Men dersom Erna Solberg klyngar seg til makta, og det er det erfaring for at ho gjer, må Framstegspartiet aktivt røysta regjeringa ned. Det kan opna for Jonas Gahr Støre, som Framstegspartiet meiner er totalt uskikka til å styra landet.

Slikt har Framstegspartiet kome levande frå før. Men det var i Carl I. Hagens tid, då dei treivst best i protest og ikkje i posisjon. Nå ville det vera fåfengt jag etter vind.

EI RETTING av det meir ruglete slaget, med kultur- og mediehistorisk relevans.

Sist veke var Spaltisten på vandring i gatene bak Pollen og opp mot Rudebilstasjonen i Arendal, der festivalsommaren nå er over. I teksten stod det «riffla påmmfri» – med ein løynd referanse til «Lille Lørdag» og «Min drømmesang», der Harald Eia spelte blokkfløyte og Jan Tore og Vidar skulle knusa ein Bærum-soss.

Men rett skal vera rett, sjølv om «riffla» har snike seg inn både i folkloren og hos NRK på nett: Dei drøymde om «ruglete pomfri med blandings og thousand island». Endå godt at ikkje Vazelina blanda seg inn med opphøgde pottitter frå Toten.

Ein lærer så lenge ein har gode lesarar.

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alt som kan gå gale for
Framstegspartiet, går verre
og endar som vas.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis