VM-waxingEin sommardag for hundre år sidan gjekk eg glad og problemfri nedover ei gate iført kortbukse, då ein mann med dress og stresskoffert ropte: «

Det er ikkje rart Costa Rica rauk ut. Her ser du korleis dei ikkje følger FIFA-reglane i treningskampar heime. Målstolpane er ikkje kvite, fargen på graset er ikkje grøn og spelarane kjeklar om reglane. «Det blei mål», seier spelarane. «Nei, ballen passerte ikkje mållinja», seier målvakta. «Jo», seier spelarane. Og så vidare. Det blir ikkje VM-finale av slikt.

Publisert

Ein sommardag for hundre år sidan gjekk eg glad og problemfri nedover ei gate iført kortbukse, då ein mann med dress og stresskoffert ropte: «Shave your legs, woman

Dette var rett nok i USA, der mange ikkje er riktig kloke, men etter ei spørjeundersøking i dagane som kom, var konklusjonen denne: «Det spørst kor lodden du er, men jo, barber deg.»

Så då begynte eg å barbere leggane. Det er kjedeleg. Ein skjer seg. Å bruke voks er smertefullt. Og ein undrar, som då eg gjekk forbi ein hårfjerningssalong som lokka med «brazilian waxing» på tilbod (599 kroner), her ein dag: Kven er det som har bestemt at kvinner skal ha langt hår på toppen, men ikkje underkroppen? Og mens eg stod framfor tilbodsplakaten, som viste ein modell full av hud, og smatta på dette (under)livsviktige spørsmålet, kom ei eg kjenner ut døra. Ho er såkalla feminist.

– Kva gjorde du der inne? måtte eg spørje.

– Fjerna hår, vel, ein viss plass og nedanfor.

– Korfor det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement