JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Skrifta på veggen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4850
20241108
4850
20241108

Mene, mene, tekel ufarsin er dei løyndomsfulle orda som ifylgje Bibelen vart skrivne på veggen under ein fest heime hos kong Belsasar. Det er rimeleg å gå ut frå at selskapet hadde nok vin, for ingen av deltakarane fekk med seg kven som skreiv desse orda, og dagen derpå vart det sagt at det var ei usynleg hand som hadde laga graffitien. Tydinga av skrifta på veggen var at kongedømet til Belsasar var slutt, og sanneleg gjekk det troll i ord: Belsasar vart drepen, og kong Kyros blei ny herskar.

Kan hende hadde forfattaren Isaac Asimov sett skrifta på veggen då han hevda: «Anti-intellektualisme har vore ein konstant tråd som snirklar seg gjennom det politiske og kulturelle livet vårt, livnæra av ei falsk førestilling om at demokrati tyder at vankunna mi er like god som kunnskapen din.» Eg seier ikkje at påstanden er dekkjande for valkampen til Donald Trump. Eg seier heller ikkje at han ikkje er det.

Så til Gunder Runde som skriv: «Og eg som tenkte at dette var enkelt – berre å leite fram Årets bøker 1994, og blade aldri så lite. Men då vart eg lurt! Eg leita og funderte på bok etter bok, utan at eg fann noko brukbart alternativ. Og dermed så måtte eg til att ’på gamlemåten’, finne skandinaviske nobelprisvinnarar og kombinere med Litteraturåret, først 1963, deretter 1994, men like lite hjelpte det. Eg lurte på å ringje Laurits K. og få hjelp med Oria, som han lovpriser. Men som siste krampetrekning før eg gjekk så langt, slo eg opp på svensk Wikipedia (som eg har eit par gode minne frå) og fann fram til Litteraturåret 1963, svensk utgåve. Og der stod det forsyne meg nemnt ei bok som eg nettopp hadde lese om i Bokmagasinet ein laurdag, nemleg Veggen, av den austerrikske forfattaren Marlen Haushofer, fødd 1920 (m.a.o. Hamsun). Og jammen fekk eg tak i boka på Bookbites, og no har eg nettopp lese heile boka – ei fascinerande framstilling av ein slags kvinnevariant av Robinson Crusoe, forlaten åleine i fjellheimen saman med ein hund, innestengd av ein usynleg vegg (boka er skriven like etter bygginga av muren mellom Aust- og Vest-Berlin, noko som gir meg assosiasjonar om denne typen ’vegg’). Ei fengslande bok, skriven i dagboksform, og med daglege arbeidsoppgåver som tema. Ei av dei beste bøkene eg har lese i år! Hovudpersonen omgir seg med ulike dyr, først og fremst hunden Fuchs, men etter kvart også kua Bella, kattane Katten og Perle, stuten Stuten osv. Haushofer slo igjennom i 1952, men vart først ’skikkeleg’ kjend for Veggen, sjølv om denne boka ikkje vart utgitt på norsk før i 1994, dvs. meir enn 30 år etter at ho vart skriven på tysk. Det er Unn Bendeke som har omsett boka, ein av dei store omsetjarane av tysk litteratur til norsk. Haushofer døydde i 1970.»

Jan Erik Røed skriv: «En perle av en bok!»

Anne Berit Skaarer skriv: «Takk til Medikus Libri som finner fram til ’ukjent’ kvalitetslitteratur som ikke bør bli glemt!»

Desse klokingane kom ikkje til å renne hovudet mot veggen på oppgåve 1648: Paul Henrik Hage, Eli Winjum, Signar Myrvang, Kjell Helge Moe, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Jorunn Øxnevad Lie, Fritjof Lampe, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Terje Solbakk, Laurits Killingbergtrø, Nils Farstad, Cathrine Tumanjan Mortensen, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Sigve Sørland og Elin Jernberg, Jan Alfred Sørensen, Anja Tveitan, Else Gjesdahl Sørensen, Ole G. Evensen, Eli Hegna, John Dag Hutchison, Olav Holten, Bjørn Myrvang, Tiril Bonnevie, Frode Torvund, Gunnar Bæra, Line Arneberg, Tine Dahl, Anne Berit Skaarer, Audun Gjengedal, Irene og Tore på Tranby, Jan Erik Røed, Gunder Runde, Inger Merete, Kirsti og Grete, Folke Kjelleberg, Mette Maltau, Inger Margrethe Berge, Reidar Birkeland, Eirik Holten, Marta Kløve Juuhl, John Olav Johnsen, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Karle Gjernes, Per Trygve Karstensen, Magnhild Reisæter, Inge Strand, Sissel Gunnarshaug, Olav B. Larsen, Gunnar Eide, Robert Øfsti og Anne Therese Øien Dahle. Denne veka heiter bokvinnaren Jorunn Øxnevad Lie. Gratulerer!

Klok på bok 1650

Det som hende, er borte, og snart er det ingen som hugsar det. Alle held kjeft. Det er det ein betalar for, som gjeld. Det er pengane som bestemmer, og sanning kan kjøpast. Eg kan kjøpe den sanninga eg vil ha.

Sitatet er frå side 68 i andre utgåva, andre opplaget, av ein roman som kom ut fyrste gong i 2023. Denne gongen skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. Det er ikkje Jon Fosse som er løysinga i dag, men kan hende ville Fossekallen gjeve boka tittelen Nokon har rett til å rå over noko? Før eg godkjenner svaret, vil eg vete tittelen på ein bånsull som vert sungen i boka. Send inn tittel på voggevise, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 16. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis