JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Pasjon for pastis

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4769
20230825
4769
20230825

I veka som kjem, har Johann Wolfgang von Goethe gebursdag. Av naturlege årsaker kan han ikkje sjølv vere til stades under feiringa den 28. august, men så er det jo desto viktigare at me som har moglegheit, markerer dagen. Det skal me gjere med å fortelje ein vits mange har høyrt før:

– Goethe var ein stor poet.

– På tysk skal det uttalast ’ø’ når o og e står saman.

– Å ja, Gøthe var ein stor pøt!

Det er vel heller tvilsamt om Johann Wolfgang fekk høyre denne vitsen, og endå mindre sannsynleg at han hadde flirt om han fekk han fortald. Heilt humørlaus var Goethe likevel ikkje, me veit at han no og då likte å spele folk eit puss. Kan hende vert han vurdert som ein streng surpomp av di han postulerte: «Ingenting avslører karakteren til eit menneske meir enn kva det synest er morosamt.»

Utan å gje Goethe karakter for utsegna smett me over til svaret me skulle fram til denne veka. Gunder Runde skriv: «Eg vart fort klar over at forfattaren denne gongen var ei fransk kvinne, fødd i 1937. Med årstalet for første gongs utgjeving, 1965, hadde eg altså fire punkt å ta fatt i for å løyse gåta. Finurlege (og til dels fantasirike) kombinasjonar av desse fire gav i første omgang ingen resultat. Men ein får ikkje gi opp, og før eg visste ordet av det, poppa det opp ein liten artikkel i Store norske leksikon, med overskrifta Albertine Sarrazin. Og der stemte alt saman! Vidare forsking i den norske, engelske og franske utgåva av Wikipedia gav fleire opplysningar: Albertine Sarrazin var altså fødd i 1937, og døydde allereie i 1967. Ein elendig barndom, adoptert, i forbetringsanstalt, tidleg debut som prostituert, og etter kvart ein driven kriminell, med mange fengselsopphald. Julien, som er nemnd i tekstutdraget, med etternamnet Sarrazin, vart både ektemann og medkriminell. Boka som utdraget er henta frå, heiter på fransk L’Astragale, på norsk: Astragalen , og vart faktisk utgitt her i landet allereie i 1979 (Lanternebok), med tittelen Bruddet (viser til ankelbrotet som hovudpersonen vart utsett for under ei flukt frå fengselet). Boka har sterke sjølvbiografiske trekk, ho er skriven under eitt av forfattaren sine mange fengselsopphald. Naturleg nok har ikkje Sarrazin nokon stor produksjon, sidan ho døydde så ung, men ho gav i alle fall ut tre bøker til saman. Denne boka vart utgjeven på nytt i 2014, etter initiativ frå Patti Smith, som var svært begeistra for både boka og forfattaren, og som også har skrive føreord til nyutgåva. Boka har forresten vore filma to gongar, i 1968 og 2014. Og så var det tilleggsspørsmålet. ’Produsent av pastis’ er litt svevande, vi får opplyst at hovudpersonen drikk både Pernod og Ricard. Pernod har namn etter det opphavleg sveitsiske firmaet, medan Ricard viser til den franske produsenten (opphavleg frå Marseille). Hovudpersonen oppheld seg både i Marseille og i Aix-en-Provence, så eg held ein knapp på at det er Ricard som er det aktuelle svaret. Albertine Sarrazin har stundom vore samanlikna med ein annan fransk, kriminell forfattar, nemleg Jean Genet (Tyvens dagbok, 1949), ikkje ei ueffen samanlikning!»

Det var pastisprodusenten Ricard me i utgangspunktet skulle fram til i dag, men i det tindrande klare ljoset av etterpåklokskapen, ser me at det finst og er mogleg å lese inn andre produsentar i løysingsboka. Difor får alle innsendarane amnesti på ekstraspørsmålet denne gongen.

Desse klokingane kunne avsløre at det var Albertine og Astragalen som var løysinga på oppgåve 1589: Signar Myrvang, Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Nils Farstad, Ellen Lian, Per Trygve Karstensen, Eli Hegna, Gunder Runde, John Olav Johnsen, Audun Gjengedal, Ragnhild Eggen, Reidar Birkeland, Kjell Helge Moe, Jorunn Røyset, Laurits Killingbergtrø, John Dag Hutchison, Marta Kløve Juuhl, Sigrun Gjengedal Ruud, Olav Holten, Bjørn Myrvang, Eirik Holten, Thana Rongen, Torleik Stegane, Inger Margrethe Berge, Nina Korbu, Robert Øfsti, Folke Kjelleberg, Ole Husby, Gunnar Eide og Ole G. Evensen. Bokvinnaren bur i Oslo, og ho heiter Nina Korbu. Gratulerer!

Klok på bok 1591

Han visste alltid hvor han skulle ta på meg, hvor han skulle kysse meg. Han gikk seg aldri vill. Han hadde et veikart over kroppen min, veier som han kunne utenat, og som jeg fram til da aldri hadde visst om.

Sitatet er frå s. 57 i boklækjarutgåva (2022). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 2018. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. Hovudpersonen i boka får ei dotter, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete datoen denne dottera er fødd på. Send fødselsdato på dotter, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 2. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis