Observasjonar ved vasskadeDenne hausten har Sigrid slite med ein vasskade i leilegheita si, som det har teke litt tid å reparere. Skaden oppstod i starten av september, og det er fyrst nå – to månadar seinare – at livet begynner å vende attende til det nor
Denne hausten har Sigrid slite med ein vasskade i leilegheita si, som det har teke litt tid å reparere. Skaden oppstod i starten av september, og det er fyrst nå – to månadar seinare – at livet begynner å vende attende til det normale. Lekkasjen var i varmtvasstanken på kjøkenet, så både varmtvatnet og kjøkenet har vore ute av spel ganske lenge.
For dei som aldri har opplevd ein vasslekkasje, kan det kanskje verke litt forlokkande og eksotisk. Og det kan vi stadfeste at det er. Det er sikkert mange som lurar på korleis ein greier å innordne kvardagen når ein korkje har varmtvatn eller kjøken over lengre tid. Men her kjem nokre eksempel på at mennesket er tilpassingsdyktig og lett tileignar seg nye situasjonar:
– når ein må dusje hjå naboen og det ikkje går an å låse døra på badet, lærer ein seg å ikkje vera sart når det gjeld nakenheit
– det går heilt fint å dusje i kaldt vatn dersom det ikkje finst noko alternativ
– det er både koseleg og praktisk å laga frukost på badet (vasskokar + pulverkaffi)
– det er dumt å inngå medlemskap i Coop når kjøkenet ikkje fungerer, for da trur mannen som registrerer kva du kjøper, og som finn ut kva slags bongar du skal få, at du er ein elendig boms som berre lever av ferdigmat og ingenting anna
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.