JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Våren er sjenert

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4860
20240322
4860
20240322

Det har vore vårjamdøger, men gradestokken utanfor bokstova har ikkje fått det med seg. Sjølv om det nok skal stemme at dagane no er lengre enn nettene, er våren sjenert og ventar med å vise seg.

Når det blæs kald nordavind frå alle himmelretningar ute, vert Klok-redaksjonen sitjande inne og sprengfyre i peisen. I takt med at me får opp temperaturen, hender det diverre at Medikus kan verte litt heit i toppen. Utan frisk luft bygger det seg opp ein innestengd aggresjon, og ein skal gå på tå hev for å ikkje trø boklækjaren på tærne.

Det beste ein kan gjere for å få tilbake den gode stemninga i stova, er å jatte med. Diverre kjem det denne gongen til å gå ut over lesarane. Det har seg slik at boklækjaren har funne opp ein vits som ikkje alle i redaksjonen synest me skal sette på prent. Faktisk er det berre oppfinnaren som synest vitsen er morosam, men kva gjer ein ikkje for husfreden. Her kjem vitsen: Kvifor kan ikkje eg dra meg attende, når Hanne Ørstavik?

Medan latteren legg seg over landet, skal me sjå på løysinga me skulle fram til i dag. Ingerid Skarstein skriv: «Dette er Hanne Ørstavik, det er ingen andre som skriv slik. Ho brukar ’som’ i starten av setningar på ein spesiell – av og til irriterande, av og til verknadsfull – måte. Boka heiter Roman. Milano og handlar om Val, som er arkitekt. Eg måtte sjekke mine eigne instinkt no, og ja, Hanne Ørstavik er fødd i 1969, det året Samuel Beckett fekk Nobels litteraturpris. Han skreiv på engelsk og fransk.»

Inge Strand skriv: «Sitatet denne veka har kjenneteikn som førte tankane mine i ei viss retning. Dei vart styrkte då eg kunne konstatere at Hanne Ørstavik er fødd same året som Samuel Beckett fekk Nobels litteraturpris. I boka hennar frå 2019, Milano, fann eg sitatet på side 216–217. Så no skal eg lese historia om Val og Paolo. Val er teiknar, men vart utdanna på Arkitekthøgskolen, som no har fått nytt namn. Svaret må vel då vere arkitekt.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Bokjakta starta da avisa deisa ned på dørmatta klokka seks fredag morgon. Denne gongen hadde eg ufortent startflaks. Eg la inn søket ‘roman 2019’ på Oria, og alt fjerde tilslaget passa så ypparleg, kanskje fordi eit ettersøkt ord fanst i boktittelen: Roman. Milano av Hanne Ørstavik. Og forfattaren er fødd i 1969, det året Samuel Beckett vann Nobelprisen, og han skreiv på engelsk og fransk. (Heilgardering der også, altså, he-he.) På Deichman fekk eg sanksjonert at eg hadde rett bok, og lesinga kunne starte. Og da spørst det om eg skumlas for fort til å ha rett svar på tilleggsspørsmålet. Hovudpersonen i jeg-form heiter iallfall Val. Ho er utdanna arkitekt, men som yrkestittel blir det berre fortalt at ho er teiknar (‘tegner’). Er ikkje det ei litt for enkel nemning, da, sjølv om ho er veldig glad i å teikne? Men det får bli svara mine.»

Som det framgår av dei siterte svara, kan ein yrkestittel vere så mangt. Av di eg fekk med det underfundige, humoristiske innspelet i spalta i dag, har eg vore i godt humør og raus med å godkjenne svar på ekstraspørsmålet. Det har seg dessutan slik at arkitekt ikkje er ein beskytta tittel, det kan alle som veit opp ned på ein linjal, kalle seg.

På oppgåve 1618 fekk me rett roman og godkjende svar frå: Eli Winjum, Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Paul Henrik Hage, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Per Trygve Karstensen, Ingerid Skarstein, Jorunn Øxnevad Lie, Laurits Killingbergtrø, Hans Petter Høie, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Bjørn Myrvang, John Dag Hutchison, Tiril Bonnevie, Lise Haaland, Ole G. Evensen, Wenche Berger, Inger Merete, Kirsti og Grete, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Thana Rongen, Inge Strand, Folke Kjelleberg, Magnhild Reisæter, Gunder Runde, Kjell Helge Moe, Nils Farstad, Olav B. Larsen, Eirik Holten, Audun Gjengedal, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Gunnar Eide, Gunnar Bæra, Olav Holten, Inger Margrethe Berge, Sissel Gunnarshaug, Irene og Tore på Tranby, Torleik Stegane, Robert Øfsti og Sjur Joakim Fretheim. Denne gongen er det sjølvaste Gunder Runde som er bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1620

Han kan ikke se for seg annet enn at det ville bli vanskelig. Allikevel ser han etter henne der hun går ned mot byen. I det hvite lyset. Allikevel tenker han allerede da at han kan gi henne noe, noe hun ennå ikke vet at hun trenger, noe hun ennå ikke vet at hun savner. At han er i stand til det. Litt kjærlighet.

Sitatet er frå s. 374 i boklækjarutgåva (2018). I dag skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein norsk forfattar. Det er mykje vatn i boka, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på ei tysk elv som er nemnd i romanen. Send namn på tysk elv, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 30. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis