JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Lokkemat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4805
20230915
4805
20230915

Det har vore val i Noreg, men sidan Klok-redaksjonen er politisk nøytral, vil me ikkje komme med spissfindigheiter om valresultatet. Her har me fyrst og fremst fokus på forfattarar og på litteratur. Ei finurleg finte no kunne vere å sleppe til Ivar Aasen og litt livsrøynsle: «Det er leitt å ha valet og ta skalet.» Ordtøket peiker sjølvsagt på ein situasjon der ein kan velje fritt, men tek det ringaste. Det er vel heller tvilsamt at han Ivar hadde valet til kommunestyre og fylkesting 2023 i tankane når han skreiv ned fyndordet, men me kan ikkje fullt og heilt utelukke det.

Henrik Ibsen tek eit pussig val i løysingsboka denne veka. Marta Kløve Juuhl skriv: «Denne gongen er eg nesten programforplikta til å senda inn løysing, for boka står borti hylla med helsing frå forfattaren. Det er Erlend O. Nødtvedt som har vore på ferde att, med forteljinga Mordet på Henrik Ibsen. Han har ein ustyrleg fantasi. Det er eit dristig grep, fyrst å skriva seg sjølv inn i forteljinga, og så stadig skriva brev til Stefan Larsson, teatersjefen på Den Nationale Scene i notid, og foreslå ei sjølvskriven oppsetjing nettopp om den tida Henrik Ibsen var tilsett på teateret. Der skjedde dei utrulegaste ting, men noko mord på Henrik Ibsen var ikkje så lett å finna ut av. Sjøreisa du spør etter, er svært så livleg skildra på side 137–142. Henrik Ibsen var passasjer på ein båt til Danmark, dei kom ut for storm, og dei måtte søkja naudhamn i Sandviken, ikkje i Bergen, men utanfor Tvedestrand. Dei vart bedne inn til losen, og han kunne fortelja at sjølvaste Wagner òg hadde vore gjest hjå han. Som takk for redninga hadde han gitt losen ein hårlokk. Og denne hårlokken tok altså Ibsen i munnen, og han svelgde han ned. Ein må nesten vera Erlend Nødtvedt for å finna på noko slikt.»

Gunnar Bæra skriv: «Denne boka har eg nettopp lese. Det var med stor interesse og glede eg kunne setje meg ned og meske meg med den store diktaren sine eskapadar i Bergen. Ja, det er store og heilt ukjende hendingar forfattaren Erlend O. Nødtvedt, fødd 1984, kan leggja fram i romanen Mordet på Henrik Ibsen. Forfattaren har tidlegare gjeve ut fire diktsamlingar og ein roman. No presenterer han eit utsøkt måltid nattmat som byr på ’finere cognac’ og ’Richard Wagners hårlokk’.»

Nina Korbu skriv: «På denne oppgaven er svaret den fantastisk morsomme romanen Mordet på Henrik Ibsen av Erlend O. Nødtvedt. Boka kom ut første gang i 2021, og så var det det arkaiske språket i sitatet. Da jeg kom over Nødtvedts navn og passende fødselsår (1984) i oversikten min over utgitte romaner på norsk i 2021, tenkte jeg at dette måtte være et særdeles godt spor. Og det viste seg å stemme da jeg sjekket – og kjøpte – pocketutgaven. Jeg leser den nå, og boka er jo hysterisk morsom! I tillegg blir jeg utrolig nysgjerrig, for jeg lurer hele tiden på om noen – eller hvor mange – av alle de ’faktiske hendelsene’ og opplysningene er virkelige og korrekte. Her bare jeg undersøke en del ting nærmere.»

Anne Berit Skaarer skriv: «I denne boka kan alt skje, og skjer. Takk for lesetipset!»

På oppgåve 1592 var det desse klokingane som lèt seg lokke til å sende inn rett svar: Signar Myrvang, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Laurits Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Ragnhild Eggen, Jon Grepstad, Reidar Birkeland, John Dag Hutchison, Inger Anne Hammervoll, Ole G. Evensen, Lise Haaland, Jan Alfred Sørensen, Gunder Runde, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Hegna, Per Trygve Karstensen, Turid Tirevold, Liv Sundheim, Nils Farstad, Audun Gjengedal, Brita Lundeland, Jorunn Røyset, Marta Kløve Juuhl, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Else Gjesdahl Sørensen, Kjell Helge Moe, Folke Kjelleberg, Jorunn Øxnevad Lie, Fritjof Lampe, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Bæra, Anne Berit Skaarer, Nina Korbu, Ragna Barkve, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Denne gongen skal bokpremien til Bodø og til Ragnhild Eggen. Gratulerer!

Klok på bok 1594

Ho stirer i taket og dagdrøymer om kjærastar. Ho drøymer om å vere høg og lys og å gå over ei strand, og så kjem det ein høg, muskuløs og solbrun mann springande etter henne. Det er ein ho veit er forelska i henne, og som ho eigentleg også er forelska i, men han, hmmm, men han, det er noko, iallfall, som fyller auga hennar med tårer og får henne til å springe så fort ho kan når han ropar:

– Men vent!

Sitatet er frå side 158 i boklækjarutgåva (2011), men eg gjer merksam på at det er 3. utgåva me har i hylla her i bokstova. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein forfattar frå Finland. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på ein tidlegare finansminister som har ei lita birolle i romanen. Send namn på finansminister, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 23. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis