JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Humoranalyse

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4861
20230929
4861
20230929

I dag er denne spalta sterkt inspirert av Kjell Aukrust og Flåklypa Tidende. I «Avisen med egen pakkedisk» skreiv sjefredaktør Frimand Pløsen med ujamne mellomrom små utgreiingar under tittelen «Humoranalyse». Redaktør Pløsen var ikkje nådig i desse analysane, særleg bergensaren Olram Slåpen fekk det glatte lag for dei humoristiske bidraga han sende inn til avisa.

No er det ikkje herr Slåpen, men ein fiktiv lesar som vil vere anonym, som har sendt ei litt artig gåte til oss her i bokstova. Gåta går slik:

– Kvifor slepp ikkje eplet inn i kjøleskåpet?

– Av di det står ein eplenektar i døra!

Frimand Pløsen ville nok ha sabla ned humoren i innlegget frå NN, kan hende med grunngjevinga at det er mjølk, og ikkje eplenektar, som står i døra til kjøleskåpet. Boklækjaren vil heller framheve at me her har nok eit døme på at mykje er meir morosamt på nynorsk.

Så til løysinga me skulle fram til denne gongen. Gunder Runde skriv: «Er litt seint ute denne veka – har vore (heilt) bortreist. Men fann ut at boka må vere Få meg på, for faen av Olaug Nilssen, som er fødd i 1977, dvs. det året Bo Carpelan fekk Nordisk råds litteraturpris. Boka er (sjølvsagt) ikkje tilgjengeleg på det lokale biblioteket, men eg tinga henne straks, for å få klarlagt den aktuelle finansministeren. Sidan boka framleis ikkje er komen til biblioteket vårt, må eg ta i bruk andre metodar. Det viser seg at NRK har liggande på nettet ei melding av Det Norske Teatrets versjon av boka (2007), og der står det at sjølvaste finansminister Kristin Halvorsen opptrer i stykket (rettnok på TV-skjerm). Boka kom ut i 2005 og er både filmatisert og altså oppført på teatret. Ho vekte nokså mykje oppsikt då ho kom ut, ikkje minst pga. tittelen (som er eit sitat frå eit fjernsynsopptak av NRK-korrespondent Knut Magnus Berge). Hovudpersonen Alma er seksuelt frustrert og rotar seg bort i ulike situasjonar av seksuell art. Men der er fleire viktige personar i boka enn Alma, særleg interessant er ’kona til Sebjørn’, 8-barns-mor som ikkje får særleg positiv respons frå verken mann eller born for den innsatsen ho gjer i heimen. Når hjørnesteinsbedrifta ’Skoddeheimens nepeforedling’ står i fare for å verte nedlagd, reiser ho til hovudstaden for å avverje denne katastrofen for bygda. Det er der ho kjem i kontakt med Kristin Halvorsen. Både boka, filmen og teaterstykket fekk strålande kritikkar, men Olaug Nilssen måtte tole mykje usømeleg omtale for boka. Seinare har ho gjort suksess med andre bøker og innsats på andre felt, mellom anna for hjelperåder for folk med born som har store handikap. Ein strålande forfattar!»

Nina Korbu skriv: «Etter sjekking av vinnere av Nordisk råds litteraturpris og romaner på nynorsk, stoppet jeg opp ved en kjent forfatter og en populær roman siden 3. utgave av boka kom ut i 2011. Så forfatteren til denne ukas oppgave er Olaug Nilssen, og sitatet fant jeg på side 158 i romanen hennes Få meg på, for faen, som kom ut på Samlaget i 2005. Og romanen kom faktisk ut i 4. utgave i 2019!»

Folk som hadde forstand på finansministrar og dimed fann rett svar på oppgåve 1594, var: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Eli Hegna, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Paul Henrik Hage, Ragnhild Eggen, Jorunn Øxnevad Lie, Vigdis Hegna Myrvang, Liv Sundheim, Eirik Holten, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, John Dag Hutchison, Ragna Barkve, Nina Korbu, Per Trygve Karstensen, Torleif Bertelsen, Nils Farstad, Folke Kjelleberg, Audun Gjengedal, Reidar Birkeland, Gunnar Bæra, Fritdjof Lampe, Marta Kløve Juuhl, Jorunn Røyset, Kjell Helge Moe, Gunder Runde, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Turid Tirevold, Inge Strand, Lise Haaland, Anne Berit Skaarer, Gunnar Eide, Torleik Stegane, Aning og Dreis, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Bokpremien går til Bergen og til Reidar Birkeland. Gratulerer!

Klok på bok 1596

Hun ser oppetter de høye husene som står så klart i måneskinnet. Der inne sover små barn hvis hele tilværelse er gaten, og de halvvoksne guttene, som våkner og lytter etter skritt og nattlige stemmer. Og der inne sover piker på 14 år med noe knuget over brystet som av uløst gråt. Det som er hendt dem og det som skal skje i kommende år eller kommende dager, vil sette dype spor og bestemme deres skjebne.

Sitatet er frå side 162 i boklækjarutgåva (1976). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1943. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur hamna i Skandinavia. Ein stad i boka får me vete kva for vekedag som er mannen sin, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva dag forfattaren meiner dette er. Send namn på vekedag tilhøyrande hankjønnsvesen, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 7. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis