JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Fransk visitt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4611
20220204
4611
20220204

I dag vert det fransk for alle pengane her i bokhjørnet. Ikkje berre er løysingsforfattaren frå Frankrike, det vert også plass til å pusse litt støv av den franske filosofen og nobelprisvinnaren Jean-Paul Sartre.

Ein av dei grunnleggjande ideane i Sartres eksistensfilosofi er at mennesket er dømt til å vere fri. Som eit resultat av dette meinte han mellom anna at når me ikkje vil gjere eit val, er det òg eit val. Usikre kjelder vil dessutan ha det til at Sartre skal ha skrive: «Mennesket er den einaste forfattaren til si eiga åtferd.»

Så til ei røvarhistorie som skal ha gått føre seg på ein kafé i Paris. Jean-Paul hadde bestilt ein kopp kaffi med sukker, men utan fløyte. Etter litt tid kjem oppvartaren attende til bordet og seier: «Monsieur Sartre, du lyt orsake at me ikkje har fløyte, kva med utan mjølk?»

Kor tett denne soga er på essensen i eksistensialismen, er ikkje heilt klart for Klok-redaksjonen. Me vil difor oppmode lesarane om å finne ein raud tråd her. Eller late det vere.

No skal Gunder Runde få sleppe til med løysinga på oppgåve 1515. Han skriv: «Fødd i eit år då Nobelprisen ikkje vart utdelt – dvs. under 2. verdskrigen. Søk på Litteraturåret 1940 og åra etter gav ingen rimelege resultat, heller ingen aktuelle treff i lista over utgitte bøker i 2008. Då må me til med finlesing igjen… Sitatet inneheld elegante formuleringar, med ein viss intellektuell svip. Kan det vere fransk? Eg har for ikkje lenge sidan lese ei fransk bok der eg hugsar at elegant formuleringsevne gjorde inntrykk på meg. Men kva heitte no den boka igjen, og kven var forfattaren? Hjelpelaus leiting i hjernekista (som i lange stunder om gongen er godt låst) førte ikkje fram. Men ei natts kvile gjorde underverk: Annie Ernaux: Årene var det! Og tittelen svarer greitt til boklækjarens tips. Men eg må tilstå at eg ikkje kan minnast å ha lese dette sitatet. Derimot hugsar eg eit anna sitat, som gjorde inntrykk: ’Historiens halvt synlige søm i livsveven.’ Annie Ernaux vart fødd i 1940, og har skrive bøker i mangfaldige år, nokre av dei tidlege er også omsette til norsk. Men det er først dei aller siste 4–5 åra at ho har vorte kjend og høgt akta her i landet. Særleg har dei delvis sjølvbiografiske bøkene hennar gjort inntrykk: Årene og Hendelsen. I Årene bruker ho ikkje 1. person eintal i skildringa av hovudpersonen, derimot ’hun’. Men ho har ikkje lagt skjul på at bøkene handlar om hennar eige liv. Eit element som ho utnyttar særs godt i denne boka, er bruk av eigne amatørfotografi, som ho tar utgangspunkt i når ho skildrar ulike fasar av livet.»

Eli Hegna skriv: «’Tittelen på boka kan lokke pasjonerte båtfolk til å kjøpe henne’, sier du. Ja, et godt tips, men bare knyttet til den norske oversettelsen av Annie Ernauxs Les années, altså Årene. En kollektiv selvbiografi, har jeg sett den omtalt som. Med etterkrigstida som bakteppe er romanen en genial variant av såkalt ’virkelighetslitteratur’. En stor leseopplevelse som etter hvert har ført meg inn i hele Annie Ernaux’s forfatterskap.»

Desse klokingane rodde seg i land på oppgåve 1515: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Myrvang, Ingvar Engen, Ole Husby, Geirr Wiggen, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Pål Amdal, Ragnhild Eggen, Inge Strand, Gunder Runde, Fritjof Lampe, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Olav B. Larsen, Magnhild Reisæter, Bjørn Gjermundsen, Frode Torvund, Erik Aamlid, Kirsten Bakke, Nils Farstad, Olav Holten, Audun Gjengedal, Vårinn Sollied, Torbjørn Ohnstad Skaim, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Folke Kjelleberg, Sigrun Gjengedal Ruud, Turid Tirevold, Arne Thorvik, Ivar Amdal, Petter Kristensen, Dei kvasse på Fana, Eirik Holten, Per Trygve Karstensen, Inger Margrethe Berge, Robert Øfsti, Kjell Helge Moe, Gunnar Eide, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen.

Denne runden heiter bokvinnaren Gunder Runde. Gratulerer!

Til sist tek me med ei melding som skal få stå uimotsagd. Det er Frode Torvund som skriv: «Takk for den beste avisa!»

Klok på bok 1517

Bestemor og bestefar veksler på å være fugleskremsel.

Noe har falt på plass i dem.

Et samspill uten snev av ironisk distanse.

Sitatet er frå s. 42 i boklækjarutgåva. I dag skal me fram til ei diktsamling som kom ut i 2019. Løysingsforfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. I førenamnet til forfattaren finn me eit tal. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 12. februar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis