JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Éin albatross i handa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5124
20231117
5124
20231117

Etter utagerande feiring av Jon Fosse inviterte me lesarane til å sende inn forslag på forfattarar som fortente, men ikkje fekk, den noble prisen i åra mellom 1928 og 2023. No er utfallet av undersøkinga på plass.

Tre namn var gjengangarar hjå eit fleirtal av innsendarane, nemleg Olav Duun, Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge. Av desse var det Vesaas som fekk flest røyster, og når me saumfer dokument boklækjaren har tilgang til, ser me at Tarjei var nominert i 1946 og i 1950. Olav Duun var nominert i åra 1924–25, 1927–28 og kvart år frå 1930 til han døydde i 1939.

Blant forfattarar som språkleg spelar på andrefiolin, var favoritten Dag Solstad. Webjørn S. Espeland skriv: «No som Fosse er på si rette hylle, kan Solstad få prisen neste år, før Knausgård er soleklar om eit tiår.» Vinnar av ein bokpremie i nobelprisundersøkinga vart Eiliv Olsen. Gratulerer!

Så til Geirr Wiggen og svaret me skulle fram til i dag. Han skriv: «Dei fire verslinene i Klok på bok 1601 er første strofa av diktet ’Uglene’ (fransk ’Les hiboux’) av Charles Baudelaire (1821–1867), som vart utgjeve i samlinga Les Fleurs du mal. Diktet er ein såkalla Petrarca-sonett, enda rimmønsteret i dei to avsluttande tersettane avvik litt frå den italienske idealforma, og det står i første delen av denne diktsamlinga, «Spleen et Idéal», der også diktet om stormfuglen som Medikus Libri etterlyser, står som eitt av dei første: «Albatrossen» (fr. «L’albatros»). Les Fleurs du mal var den einaste diktsamlinga Baudelaire gav ut (om ein ser bort frå ei mindre samling prosadikt han fekk utgjeve mot slutten av livet, Petits Poèmes en prose), og Baudelaire var ikkje velakta i si samtid, men i litteraturhistoria har han seinare vunne ein skilsetjande plass. Korleis kom eg på dette svaret? Som i ein blink! Som ung var eg svært interessert i fransk poesi og musikk og las mykje av og om slikt. No er eg gammal, og gløymsle tykkjest leggje seg som eit teppe over meir og meir. Men brått spring likevel noko fram, stundom utan at eg skjøner korfor, så eg kan innbille meg at det som er gløymt, berre er gøymt, ein skjult skatt. Kva kjem fram i morgon og seinare dagar, mon tru? Det kjem alltid noko om ein berre er stille og lyder. Dette høyrer til alderdomsgledene.»

Norunn Askeland skriv: «Eit søk på diktsamlingar som kom ut på norsk i 2014, resulterte etter eit visst resonnement i Det vondes blomar av Baudelaire, eit verk som kom ut første gong i 1857, omsett til glitrande nynorsk av Haakon Dahlen og med eit opplysande etterord av Henning Hagerup. Her får vi vite kvifor nokre av Baudelaire sine dikt vart forbodne; han skreiv bokstavleg tala om gjørme, kvinnfolk som skrevar og andre unemnelege ting. Men som Hagerup skriv: ’Diktaren Baudelaire laga gull av gjørme, og Haakon Dahlen makta utruleg nok den vanskelege omsetjaroppgåva å gjengi gull som gull.’ Så sant som det er sagt.»

Ingebjørg Sogge skriv: «Forfattaren høyrer òg med til stormfuglane.»

Einar Heldal skriv: «Takk for inspirasjon til å lese igjen dette verket.»

Trass albatrossen var det heile 74 innsendarar som leitte fram løysinga på oppgåve 1601. Desse stod i stormen: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Eli Winjum, Eli Hegna, Jon Grepstad, Lise Haaland, Paul Henrik Hage, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Kari Sletten Helgesen, Fritjof Lampe, Ragnhild Eggen, Per Trygve Karstensen, Inger Anne Hammervoll, Marte Myklebust, Ole Husby, Randi Aamodt, Vigdis Hegna Myrvang, Hallvard Kjelen, Bjørn Myrvang, Tøge Talle, Jorunn Øxnevad Lie, Reidar Birkeland, Thore Desserud, Olav Holten, John Dag Hutchison, Gunder Runde, Liv Sundheim, Magnhild Reisæter, Kjell Helge Moe, Einar Heldal, Eli Seim, Eleanor Torsen, Gunnar Bæra, Christine Løvold, Irene og Tore på Tranby, Olav B. Larsen, Laurits Killingbergtrø, Cyno Grassator, Jon Østbø, Kjell Håve, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Brita Lundeland, Folke Kjelleberg, Geirr Wiggen, Torleif Bertelsen, Bjørn O. Bjørnsen, Nils Farstad, Audun Gjengedal, Jarle Fanebust, Ragna Barkve, Ståle Ritland, Leif Harboe, Marit Knappskog, Marta Kløve Juuhl, Tor Fjeldstad, Sigrun Gjengedal Ruud, Thana Rongen, Erik Aamlid, Oddny Indrehus, Gunnhild Strømnes, Inger Margrethe Berge, Norunn Askeland, Gunnar Sama, Inge Strand, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Gunnar Eide, Eirik Holten, Astrid Østby, Nina Korbu, Ole G. Evensen, Anne Berit Skaarer og Torleik Stegane. Denne veka er Marit Knappskog bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1603

Jeg vil ikke komme i min egen begravelse, den blir en gedigen skuffelse, sånn livet mitt har vært en skuffelse også. Ja, ja. Man dør som man lever.

Sitatet er frå s. 166 i boklækjarutgåva (2023). Me skal fram til ein roman og til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Det er ikkje sundagsskulespråk i tittelen på boka. Ein stad i romanen snakkar hovudpersonen med ein dokter i telefonen, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete etternamnet på denne lækjaren. Send etternamn på dokter, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 25. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis