JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Det står om livet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4745
20220506
4745
20220506

Førre veka kom det fram at boklækjaren hadde vore på ein ny studietur, denne gongen til Dublin. I den fiktive brevkassa her i bokstova har det vore eit renn etter fortrulege forteljingar frå ekskursjonen. Som nesten alle veit, er det slik at når eg er på reise, vert det som skjer, verande der det skjer, men ingen regel utan unnatak.

Ein fiktiv lesar som ynskjer å vere anonym, undrar seg over kva me flira mest av under siste seminaret i Irland. Under tvil kan eg røpe at latteren sat særs laust då ein av deltakarene fortalde at det hadde vore ein kritisk elektrikar for å sjå på installasjonane i heimen. Meldinga frå den fagutdanna figuren var krystallklår: «Dette går ikkje. Du lyt skaffe deg ein undermålar!» Det skal ikkje all verda av fantasi til for å førestille seg korleis ein kan spinne vidare på dette kravet.

Før me går laus på løysinga, lyt eg dementere eit rykte. Det finst folk som seier at boklækjaren synest godt om å gå lange turar i fjellet. Det er berre ei vandresegn.

I løysingsboka denne gongen står det om livet. Ja, heile livet til Andreas Egger får me høyre om. Gunder Runde skriv: «Frå mitt utsynspunkt frå hornet på veggen i Ulsteinvik kan eg berre applaudere: framifrå val til Kpb 1527! Forfattaren, Robert Seethaler, vart fødd i Wien i 1966. I tillegg til å vere forfattar er han også skodespelar og regissør. Tre av bøkene hans er omsette til norsk, dagens bok har originaltittelen Ein ganzes Leben, i norsk språkdrakt: Et helt liv. (NB, tittelen må ikkje forvekslast med Et helt halvt liv, det ville ha vore ei fornærmande forveksling, sett frå Seethalers side.) Det er trufaste tysk-omsettar Ute Neumann som har ansvaret for den norskspråklege utgåva, framifrå arbeid som vanleg. I tillegg til denne boka er også Tobakkshandleren (nesten like god!) og Jordet utkomne på norsk. (Omtalen av Jordet skal eg gå nokolunde stilt forbi, ho er ein slags tysk variant av to mykje betre bøker, nemleg Under Milk Wood av Dylan Thomas og Spoon River Anthology av Edgar Lee Masters, men fell dessverre heilt igjennom samanlikna med desse.) Hovudpersonen i Et helt liv heiter Andreas Egger, han har ein spesielt vond barndom, vert mishandla av fosterfaren, men greier seg likevel godt etter kvart. Sitatet i dagens avis er nok mynta på den store kjærleiken hans, Marie, som dessverre døyr i eit snøras etter eit kort samliv. Marie lever i tankane hans resten av livet. Spesielt rørande er skildringa av korleis han organiserer frieriet til Marie, storslagent og fantasirikt. Andreas lever nesten heile livet i den vesle alpebygda, men vert innkalla til militærteneste under andre verdskrigen og hamnar i fangeleir i Sovjet i seks år, før han kjem tilbake til bygda. Så prøver han seg som turistguide ei tid, før han dreg seg tilbake til den vesle hytta si, der han døyr i februar, like stillfarande som han har levd. Ei rørande/glitrande bok. Det er godt at det framleis finst bøker av denne typen. Eg assosierte først og fremst til Stoner av John Williams og Advent av Gunnar Gunnarsson. Og elles bør eg vel nemne at vår eminente litteraturgruppe røysta inn Et helt liv som beste bok i haustsemesteret 2017. Endå eit kvalitetsstempel!»

Anne Berit Skaarer skriv: «Hjertelig takk for dette boktipset, det er en innertier!»

Gunnar Bæra skriv: «Knakande god bok!»

Desse kom inn på livet til Andreas Egger og dimed fann dei rett svar på oppgåve 1527: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Nils Farstad, Laurits Killingbergtrø, Erik Aamlid, Ole Husby, Gunder Runde, Arne Thorvik, Petter Kristensen, Fritjof Lampe, Inger Anne Hammervoll, Jan Alfred Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Bjørn Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Kristin Flo, Ingebjørg Sogge, Audun Gjengedal, Gunnar Eide, Sjur Joakim Fretheim, Olav Holten, Sigrun Gjengedal Ruud, Per Trygve Karstensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Anne Berit Skaarer, Gunnar Bæra, Inger Margrethe Berge, Yngve Skjæveland, Rolv Stølen, Ole Håndstad, Torleik Stegane og Ole G. Evensen.

Bokvinnaren i dag heiter Erik Aamlid. Gratulerer!

Klok på bok 1529

«Fordi du er høyrevridd!»

«Jeg er verken høyrevridd eller venstrevridd. Jeg er for fred!»

Og dermed feide hun ut, ganglaget hennes atter ungdommelig, taktfast, triumferende, det grå håret blåste i vinden, hatten hadde hun i hånden.

Sitatet er frå s. 222 i boklækjarutgåva (2022). På originalspråket kom boka ut i 1963. Forfattaren var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein nordisk forfattar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva ho som er for fred i sitatet, heiter til førenamn. Send førenamn på fredselskande figur, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 14. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis