JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Bagatell­­guden

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4251
20221014
4251
20221014

Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Etter fleire mislukka freistnader på å peike ut ein kommande vinnar av Nobelprisen i litteratur valde Klok-redaksjonen å sitte heilt stille i båten denne gongen. I ettertid kan me sjølvsagt påstå at det var nettopp Annie Ernaux me trudde ville vinne, men då lyt lygekrossen vere på plass.

No er ikkje årets vinnar fullstendig framand for dei faste lesarane av spalta her. I januar var nemleg boka Årene av Ernaux løysinga på oppgåve 1515. Men når rett skal vere rett, og det skal det jo, kan ikkje boklækjaren ta heile æra for at me presenterte eit verk av prisvinnaren så tidleg på året. Sanninga er at eg til stor glede fekk denne fine boka som jolegåve i fjor. Hermed ein ekstra takk til nissen på Vestlandet og eit stort til lukke med velfortent nobelpris i litteratur til Annie Ernaux.

Så skal me avsløre løysinga me skulle fram til denne veka. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte, Medikus. Denne gongen vil eg takke deg særskilt for at eg, bokvegraren, har vorte ein jamn lesar av bøker, rett nok helst bøker som er med i Klok-spalta. Årsaka er at du no jamleg hengjer på eit tilleggsspørsmål, og svaret på det må eg lese meg fram til. Og da har eg måtta lese vidare og fått oppleve den eine forvitnelege boka etter den andre. Denne gongen er det boka Guden for små ting eg har fått nyte, skriven av Arundhati Roy. Ho er fødd i Assam i India i 1961, det året jugoslaven Ivo Andric fekk Nobelprisen i litteratur. Så var det denne hagearkitekten, da. Ho heiter, eller blir kalla, Baby Kochamma (eller også Navomi Ipe). Og sant nok, denne Baby Kochamma tek eksamen i prydhagestell og får seg ein parsell som ho steller omhugsamt. Så lenge det varer, for ho får brått heilt andre interesser som fører til at ho snart blir ei plage for omgjevnadene sine. Ein intrigant, skriv du, ja, boklækjar. Likevel er dette i sum ei fengslande bok frå eit framandvore miljø.»

Toril Mesna skriv: «Den sat utruleg langt inne, denne gongen, denne vesle rørsla som eg kjenner når eg les noko eg trur eg har lese før. Dess større var jubelen da eg (med god søke-hjelp frå resten av husstanden) endeleg fann det ut: eg kjøpte jo denne til far min til jul! Og lånte ho etterpå, sjølvsagt. Romanen er Guden for små ting, av Arundhati Roy, yndlingsindaren min.»

Petter Kristensen skriv: «En sprelsk bok!»

John Olav Johnsen skriv: «Ein sensasjon av ein debutroman.»

Ein god del innsendarar sleit med tilleggsspørsmålet denne gongen. Kan hende er det strenge krav, men utan rett namn på ho med hagestell har me ikkje godkjent svara. Desse klokingane luka vekk ugras og fann løysinga på oppgåve 1548: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Nils Farstad, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Ole G. Evensen, Ragnhild Eggen, Arne Thorvik, Eli Hegna, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Gunnar Bæra, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Øxnevad Lie, Reidar Birkeland, Oddrun og Florian på rom 1111, Ingebjørg Sogge, Folke Kjelleberg, Lise Haaland, Petter Kristensen, Bjørn Myrvang, Marta Kløve Juuhl, Toril Mesna, Inger Margrethe Berge, Per Trygve Karstensen, Gunnar Eide, Camilla Høvik, Kjell Helge Moe, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane og Robert Øfsti.

I dag heiter bokvinnaren Reidar Birkeland. Gratulerer!

Klok på bok 1550

Vel til rette i yndlingsstolen, med ryggen vend mot døra som ville ha uroa han som ein irriterande risiko for avbrytningar, let han den venstre handa falla ned slik at ho ein og annan gong kjærteikna den grøne fløyelen, og tok til å lesa dei siste kapitla. Minnet hans heldt utan vanskar fast namna og bileta av hovudpersonane, romanillusjonen fanga han inn nesten med det same.

Sitatet er frå side 138 i ei bok som kom ut i 1983. Me skal fram til ei omsetjing av ei lita forteljing av ein stor forfattar. På originalspråket kom novella ut i ei samling frå 1956.

Forfattaren var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut, og døydde i eit skotår. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete kven omsetjaren til rett norsk er.

Send namn på omsetjar, namn på forfattar og tittel på samlinga frå 1956 til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 22. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis