Ingebrackson 5–10
Byrkjelo 20180818. Gjert Ingebrigtsen før 800 meter under NM i Bykjelo. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Ruud, Vidar
Team Ingebrigtsen er konstant på bana, varme i trøya, og vi som har levd ei stund, og som følger med fordi vi plutseleg er interesserte i friidrett, ser ein klar likskap mellom Team Ingebrigtsen og Jackson Five. For det første driv far til løparane frå Sandnes i Rogaland (Gjert) og far til songarane frå Gary i Indiana (Joseph), ungane sine hardt, mens konene – Tone og Katherine – administrer familie- og karrierelivet, held familien samla, vaskar tonn med klede og tenner lys i gudshus. (Og begge bruker tid på håret.) For det andre kallar Ingebrigtsen-gutane far sin Gjert, framfor pappa eller far, slik Jackson-gutane måtte kalle far sin Joseph.
No fekk Katherine og Joseph Jackson ti ungar, mens Tone og Gjert Ingebrigtsen har fått berre sju. Men det er ikkje for seint å få tre ungar til; Janet Jackson fekk barn i ein alder av 50 år.
I alle fall blei eit par av Jackson-sønene – Sigmund og Toriano – aldri store stjerner, slik eit par av Ingebrigtsen-sønene – Kristoffer og Martin – ikkje blei det, fordi dei heller ville gjere noko anna. Dei tre som er blitt stjerner så langt, Henrik, Filip og Jakob, er sånn passe ulike, akkurat som Jackson-stjernene, og alle får kjærast og nye kjærast på rekke og rad, og barn og bart og gull.
Ingebrigtsen-svaret på Janet Jackson er sjølvsagt Ingrid, som er spådd å bli ei stor stjerne. Når det gjeld La Toya Jackson, har vi inga Ingebrigtsen-dotter å sette henne opp mot, så då får vi berre håpe Gjert har hatt eit sidesprang, slik Joseph hadde, noko som resulterte i ei dotter til.
Heia, heia, kan vi seie: Viss ei ukjend Ingebrigtsen-dotter dukkar opp i neste Se og Hør eller VG, kan det hende heile gjengen spring endå fortare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.
Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune
Slaktar skular med sparekniv
Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Teikning: May Linn Clement
Kommunale kvelartak
Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.
Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»
I hendene på Hamas
For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.