JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå innsidaKlok_Innsida

Norske matskattar nr. 68: bidos

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2003
20230210
2003
20230210

I høve den samiske nasjonaldagen 6. februar tek Innsida fram den klassiske samiske retten bidos, ei suppegryte med grønsaker og kokt reinkjøt. Kjøtet er ofte bog eller lår, som vert ei lekker suppe saman med poteter, gulrot og løk. Bidos er festmat. I store samiske bryllaup er det ikkje uvanleg med feiring over mange dagar. Det kan vera to–tre tusen gjester, men dei kjem til ulike tider. Difor er det praktisk med ei gryte, som putrar gjennom heile feiringa.

Når ein inviterer til samisk bryllaupsfest, er det rekna for uhøfleg å skriva «ynskjer svar». Det heng naturleg saman med at for dei som driv med reinsdyr ute på vidda, er det ikkje lett å svara eksakt kva tid dei kan koma. Sidan feiringa går føre seg over fleire dagar, er det berre å dukka opp når det høver, setta seg ved bordet og få servert nydeleg bidos.

I dag er det vanleg å få bidos dersom ein reiser som turist i samiske trakter. Oppskrifta er relativt enkel. Kjøt og bein vert kokte til ei god kraft, gjerne i fleire timar. Deretter legg ein i grønsakene. Attåt bidos er det ofte eit søtt brød, som kan minna om jolekake. Og naturlegvis tytebær.

Til dessert var det vanleg i gamle dagar å servera sviskekompott. No er det meir vanleg med moltekrem. Men sidan viddas gull, molta, var ei viktig inntektskjelde for samane, selde dei ho heller enn å eta ho sjølv.

Sviskekompott var dessutan eit slags statussymbol. Sidan sviske ikkje veks på vidda, var den eit teikn på at vertskapet hadde vore hjå handelsmannen.

Bidosen på Jotka Fjellstue hjå Lisa Kristensen har varma og gleda kalde reisande på vidda i årevis. Ikkje mykje slår den.

Den tradisjonsrike kjøtprodusenten Mydland i Tromsø lagar god bidos som svært mange serveringsstader nyttar seg av. Det er mellom anna den du kan få på flyplassen i Alta medan du ventar. Mydland held seg til det kjende og sel bidosen i spann, slik både dravle og sodd vert.

I nord er det altså ikkje Fjordland, men Mydland som gjeld.

Bidos er ein ekte norsk matskatt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis