Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå innsidaKlok_Innsida

Matskatt nr. 73: Røykelaks

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1209
20230707
1209
20230707

Røykelaks er så mangt. Noko er industrielt framstilt med røykeessens eller ei anna form for kunstig røyksmak. Andre tek røyking meir alvorleg og henger laksen over eit bål med ved og ekte røyk. Det gjev ein turrare, mindre oljete og smakfull røykelaks. Rundt om i landet vårt er det mange gode produsentar. Ulike regionar har sine favorittar. Difor er det viktig at ein ikkje berre ser på prisen når ein skal handla røykelaks i butikken. Skilnaden på kvalitet er ofte mykje større enn skilnaden på pris.

Når ein fyrst har fått tak i ein god røykelaks, er det svært mykje godt ein kan laga av han. Framifrå sumarmat er det absolutt. Røykelaksen passar ypparleg til salatar, på brødskiva, i ein krema pastarett, på litt flatbrød eller ei god potetlefse.

Innsida fekk nyleg ein artig variant på slow food-markeringa Terra Madre i Ulvik. Sigrid Henjum frå Sogndal serverte røykelaks frå Linga Laks i ein rull med kremost frå bonde Ingvild Sygnestveit, urter frå Undeland Gard og grilla brød frå det lokale bakeriet Kådn & Alde. Ein heilt lokal hardangervariant. Lokal graslauk vart nytta til å binda saman røykelaksrullen.

Innsida tek dette med som eit godt serveringstips i sumarvarmen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Røykelaks er så mangt. Noko er industrielt framstilt med røykeessens eller ei anna form for kunstig røyksmak. Andre tek røyking meir alvorleg og henger laksen over eit bål med ved og ekte røyk. Det gjev ein turrare, mindre oljete og smakfull røykelaks. Rundt om i landet vårt er det mange gode produsentar. Ulike regionar har sine favorittar. Difor er det viktig at ein ikkje berre ser på prisen når ein skal handla røykelaks i butikken. Skilnaden på kvalitet er ofte mykje større enn skilnaden på pris.

Når ein fyrst har fått tak i ein god røykelaks, er det svært mykje godt ein kan laga av han. Framifrå sumarmat er det absolutt. Røykelaksen passar ypparleg til salatar, på brødskiva, i ein krema pastarett, på litt flatbrød eller ei god potetlefse.

Innsida fekk nyleg ein artig variant på slow food-markeringa Terra Madre i Ulvik. Sigrid Henjum frå Sogndal serverte røykelaks frå Linga Laks i ein rull med kremost frå bonde Ingvild Sygnestveit, urter frå Undeland Gard og grilla brød frå det lokale bakeriet Kådn & Alde. Ein heilt lokal hardangervariant. Lokal graslauk vart nytta til å binda saman røykelaksrullen.

Innsida tek dette med som eit godt serveringstips i sumarvarmen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis