JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1412
20170210
1412
20170210

10. februar 1962, for femti år sidan i dag, klokka åtte på ni om morgonen, møttest to spionar på Glienicker Brücke, brua i Berlin mellom Wannsee og Potsdam, eller dei to verdene Aust og Vest.

Frå Vest kom oberst Rudolf Iwanowitsch Abel, ein klassisk sovjetisk meisterspion som hadde kasta bort ti år av livet sitt på å etablera eit spionnett i New York, under dekke av å vera kunstnar, og på å sona snautt fire år av ein livstidsdom. Frå Aust kom Francis Gary Powers (biletet), U-2-piloten som aldri nådde fram frå Peshawar i Pakistan til byen Bodø i bananmonarkiet Noreg. Han var altså ikkje spion sjølv, berre førar av eit fly som spionerte, og dømd på vegner av det til ei halvhjarta straff på ti år.

I røynda hadde Powers vore som ei gåve til kamerat Khrusjtsjov før toppmøtet mellom Aust og Vest i Paris, og ei tilsvarande audmjuking til Eisenhower. Her heime var det sjølvsagt ingen som visste noko om spionflyet U-2, om me då ser bort frå Selmer Nilsen.

Spionutvekslinga gjekk etter planen og danna mal for fleire byte av same slaget, ikkje minst på film. Abel møtte att familien sin i Moskva, Powers møtte mest forakt av di han ikkje hadde sprengt både flyet og seg sjølv før dei fall i sovjetiske hender. Han døydde i 1977, som mediehelikopterpilot i Santa Barbara då drivstoffet brått tok slutt, og blei posthumt dyngd ned med medaljar. Abel hadde døydd meir stillferdig av lungekreft alt i 1971.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis