Klok på bok

Spolert ettermæle

Publisert

«Å sitera er det same som å sitera seg sjølv», seier løysingsforfattaren denne veka, ifylgje Kjartan Fløgstad. Det er eit godt sitat, og i Ordlyden har Fløgstad ei fin forklaring på korleis ein kan forstå kva Julio Cortázar meiner med utsegna. Forklaringa til Fløgstad går slik: «Det vil seie at alt som eg har lese eller kjenner til, er mitt i den meining at det går inn i verda mi og er med og konstituerer mitt medvit.»

No er det mange som har hatt haldningar til det å sitere. I Mysterier av Knut Hamsun får Johan Nilsen Nagel sleppe laus ei lang tenkerekke, der me finn fylgjande postulat: «Han spolerte hele sit jordiske Eftermæle med et Citat av en Dikter.»

Når eg så langt i spalta allereie har sitert tre forfattarar, er det nok eit tvilsamt ettermæle som ventar boklækjaren.

Så til løysinga me skulle fram til denne gongen. Gunder Runde skriv: «Utdraget frå dagens bok var som ei (nesten) direkte skildring av situasjonen i heimen i Ulsteinvik (bortsett frå at eg ikkje har grønt fløyelstrekk på godstolen)! Så: kvar skal eg starte i dag. Eg vel å ta utgangspunkt i fødsels- og dødsår til forfattaren. Det er berre to gonger i det aktuelle tidsrommet at Nobelprisen ikkje vart utdelt: 1914 og 1916. Julio Cortázar (1914–1984) gav i 1956 ut novellesamlinga Final del juego, som eg ikkje kan finne er omsett til norsk. Nærlesing av Årets bøker 1983 gir ingen resultat. Kan det vere at novella står i ein antologi? Eg leitar opp Cortázar i den engelske utgåva av Wikipedia – og der står ein lang og innhaldsrik artikkel om denne karen, med tilvising til eigen artikkel om Final del juego. Første novelle i boka har tittelen «Continuidad de los parques», og artikkelen inneheld ei detaljert skildring av novella, slik at eg skjønar at det er full klaff! Men så var det omsetjaren. Dei mest brukte omsetjarane av spanskspråkleg litteratur er Kjell Risvik og Christian Rugstad. Men eg trur neppe at nokon av dei to har omsett til nynorsk. Kan det vere Tove Bakke? – men ho held seg vel mest til lyrikken. Då er det eitt namn som ikkje kan utelatast, nemleg Kjartan Fløgstad. Eg går til Fløgstad-avdelinga mi (som er temmeleg rikhaldig) for å sjå om han har skrive noko om denne karen. Og det har han – i essaysamlinga Ordlyden står ein lang artikkel om Cortázar, med tittelen Det trivielle som metafysikk. Eg les og les, og vert meir og meir imponert over Fløgstads innsikt og kunnskap om latinamerikansk litteratur. Ein lang artikkel – og kva ser eg vel når eg blar om til siste side? Jau sjølvsagt: nettopp denne novella som eg har leita etter i heile dag, her med tittelen Parkar som går over i kvarandre. Finurleg og artig oppgåve denne veka! Og jammen gjer det godt å kjenne seg som litterær detektiv!»

Petter Kristensen skriv: «Forfatteren vi skal fram til, er Julio Cortázar. Cortázar var en av de mest markante representantene for El boom-generasjonen av latinamerikanske forfattere. Novelleformatet gjør at det surrealistiske hos Cortázar står fram klarere og mer særegent enn hos andre samtidige latinamerikanske forfattere. På et plan virker tekstene uskyldige og banale, samtidig er de dødelig skremmende. Cortázars forfatterskap har blitt sammenlignet med samtidige bidrag innen moderne jazz og film. Jeg synes at kombinasjonen mellom det uskyldige og skremmende minner om produksjonen til maleren René Magritte. Både Magritte og Cortázar var født i Belgia – tilfeldig? For meg har Medikus Libri truffet blink med oppgaven denne uka!»

Kan hende var det ikkje berre ein spasertur i parken, men å finne løysinga på oppgåve 1550, gjekk bra for desse: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Nils Farstad, Else Gjesdahl Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Ole G. Evensen, Per Trygve Karstensen, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Jan Alfred Sørensen, Jon Grepstad, Fritjof Lampe, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Jorunn Øxnevad Lie, Eli Hegna, Gunder Runde, Camilla Høvik, Skeisebibliotekaren i LASK, Folke Kjelleberg, Petter Kristensen, Gunnar Eide, Gunnar Bæra, Sigrun Gjengedal Ruud, Ole Husby, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim og Robert Øfsti. I dag heiter bokvinnaren Torleik Stegane. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement