SofamafiaHer ein dag jogga eg, vanvittig nok, langs ei fager, gråbrun storbyelv i eit industriområde (der få kunne sjå meg jogge), då eg fekk auge på to menn som dytta ein sofa nedover skråninga, ned mot elva. Dette gav meg grunn til å stanse, sveitt og tu
Her ein dag jogga eg, vanvittig nok, langs ei fager, gråbrun storbyelv i eit industriområde (der få kunne sjå meg jogge), då eg fekk auge på to menn som dytta ein sofa nedover skråninga, ned mot elva. Dette gav meg grunn til å stanse, sveitt og tungpusta. Er det noko som er meir ergreleg enn folk som køyrer på raudt eller breiar seg i rulletrappa, så er det folk som slenger frå seg kvitevarer og møblar på fortau og i grøfter.
– Må de? utbraut eg. – Må de hive sofaen i elva? Kan de ikkje gi han til Fretex?
– Han er øydelagd, ropte den eine fyren opp. Fretex vil ikkje ha øydelagde ting.
– Men så køyr han til ein gjenbruksstasjon, ropte eg.
– Kor? ropte den andre. – Kan du fortelje meg kor?
Han verka hissig. Som om det var min feil at han ikkje veit kor gjenbruksstasjonane ligg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.