Klok på bok

Skravlebøtta

Publisert Sist oppdatert

I eit langt etterord til løysingsboka denne veka, skriv den franske filosofen og litteraturteoretikaren Maurice Blanchot om kor gripen han er av verket. Ifylgje Blanchot var også forfattaren Georges Bataille hugteken av boka: «denne fortelling forekom ham å være en av de mest gripende som noensinne har vært skrevet».

Om boklækjaren skulle påstå at innsendarane var like begeistra som Blanchot og Bataille for boka Pratmakeren, ville ljugekrossen komme godt med. Sjeldan har me fått så mange stuttmælte svar, og av dei som skreiv noko meir enn sjølve løysinga, var haldninga jamt over lite oppmuntrande.

Her i bokstova lyt me medgje at ikkje alle i Klok-redaksjonen var oppglødde over løysingsverket. Etter ei grundig utspørjing kom det fram at det berre var boklækjaren som hadde lese heile boka. Kan hende var det etterordet, som eg las fyrst, som fekk meg til å fullføre. Utan at eg vil gå like langt som ein kollega, ho kalla boka for «sovemedisin», kan eg vel tilstå at sjansen for at Pratmakeren vert lesen opp att, er minimal. Til alle tider vil dei lærde stridast om kva som er stor litteratur, og ingen skal stå i skammekroken av di dei er usamde med Maurice Blanchot og Georges Bataille om Pratmakeren. No var det nok mange lesarar som vart letta.

Robert Øfsti skriv: «Sjeldan har vel tittelen på ei bok høvd betre enn på Louis-René des Forêts’ Pratmakeren: Fram til side 120 har det ikkje skjedd anna enn at forteljaren har dansa med ei spansktalande dame, fått juling av dama sin kavaler og høyrt vakker barnekorsong. Resten er prat. Ein må nok vere meir interessert i litteraturteori og sånne ting enn eg er, for å forstå at dette er ein klassikar. Men men. Eg er berre midtvegs i boka.»

Marta Kløve Juuhl skriv: «Ja, hovudpersonen i denne franske romanen du har funne fram no, var verkeleg ein pratmakar. Forfattaren heiter Louis-René des Forêts (1918­–2000). Romanen heiter Pratmakeren på norsk. Hovudpersonen måtte vera utruleg sjølvoppteken. Dei sidene eg las for å finna svar på spørsmålet ditt, gjekk i same duren heile tida, og krinsa om han sjølv. Han var på ein danserestaurant og drakk og såg på dei som dansa. Så oppdaga han ei dame på dansegolvet som han og gjerne ville dansa med. Men det gjekk mange sider før han kom så langt at han verkeleg baud henne opp. Ho dansa med ein annan, som då sjølvsagt vart fornærma. Då kom denne tiraden frå dama, på spansk (på side 26). Denne forteljinga gav ikkje meirsmak, eg trur ikkje eg les henne ut.»

Etter å ha vore på leit etter berre ei positiv tilbakemelding i svarbunken, lyt eg sende ein takk til Per Trygve Karstensen. Han kunne strekke seg til: «Fint å bli gjort oppmerksom på Klassikerserien moderne tider

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement