Klok på bok
Prest med brest
Med ujamne mellomrom kan eg merke at eg saknar Leonard Cohen. No er det over fem år sidan poeten og songaren døydde. Han gjekk bort like før det vart klart at Donald Trump var vald til president i USA. Det er freistande å seie at det var eit velvalt tidspunkt å døy på, men det våger eg ikkje. Jau, eg gjer det.
Sjølv om Cohen er borte, er han stadig til stades. Mykje av musikken og bøkene til Leonard har noko evigvarande over seg. Eit opplagd døme finn me i desse linjene frå songen Anthem: «There is a crack, a crack in everything/ That’s how the light gets in.» I Esther Moes fine omsetjing vert det: «I alle ting finst det eit skår, det er slik lyset kjem inn.»
I løysingsboka denne veka får me høyre om ein prest som kunne funne trøyst hos Leonard Cohen. Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet er henta frå romanen Alle kjenner vel presten? som vart utgjeven på Cappelen i 1991 og heidra med Tarjei Vesaas’ debutantpris same året. Forfattaren er Sylvelin Vatle, fødd i 1957, det året då franske Albert Camus vann Nobelprisen i litteratur. Hovudpersonen i romanen er presten Jakop Brakås, og kona hans heiter Svanhild. Sylvelin Vatle er fødd i dåverande Arna kommune (no Bergen) og oppvaksen på Osterøy. Ho har gjeve ut i alt 12 bøker, halvparten av desse er barnebøker, og ei er det sonen som har illustrert.»
I dag er det Inger Anne Hammervoll som har ansvaret for å nemne poesifestivalen i Ulvik. Ho skriv: «Vi har i dag det finaste vintervêr ein kan ønskje seg. 6–7 minus og eit passe snølag på bakken. Det er lett å gløyme det grisevêret som elles har prega hausten, når sola skin og trea står i ro.
Ulvik. Ein gong for fleire år sidan kjørte vi til Bergen, skunda oss gjennom om lag 66 tunnelar, og hadde ein kveld, ei natt og ein halv dag i denne fine byen. Turen til og frå baud på fleire minneverdige hendingar. Ei var overnattinga i Granvin, på eit lite pensjonat som var bygd over same lest som barndomsheimen min. Det var rart å gå opp trappa ’heime’ og legge seg i dobbeltsenga til foreldra mine. Og naborommet var ein kopi av mitt soverom. Men! Vi hadde ikkje bar i 1. etasje. Det hadde pensjonatet. Baren var open for alle, men vertskapet hadde ein avtale med bygdefolket om at når/dersom det kom gjestar, vart baren stengd. Huset var (som min barndomsheim) ikkje veldig godt isolert. Vi bad innstendig om at dei måtte vente litt med stenginga, for det var jo ei kjempestor og gledeleg overrasking at vi kunne gå på bar seint ein kveld i Granvin. Det vart ein svært triveleg aften. Neste ettermiddag kjørte vi gjennom Ulvik. Vi speida etter Hauge, men såg berre husa og frukttrea, viss det var rett gard som vart utpeika for oss. Dersom vi skulle oppleve å komme på poesifestival, ville vi ha overnatta denne gongen òg i Granvin, for maken…! Kona heiter Svanhild i Sylvelin Vatle sin roman Alle kjenner vel presten?.»
Janneken Øverland skriv: «En bok om prinsipper som møter virkeligheten.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.