Pollenallergi? Narr meg ikkje til å leDet er sein vår i år. Men då han først kom, kom han med eit smell. Og no er det berre nokre spreidde snøklattar att utanfor kontorvindauget mitt. Og sjølv om eg i skrivande stund kan sjå ut på eit kjølig regn, har det
Det er sein vår i år. Men då han først kom, kom han med eit smell. Og no er det berre nokre spreidde snøklattar att utanfor kontorvindauget mitt. Og sjølv om eg i skrivande stund kan sjå ut på eit kjølig regn, har det vore mykje sol i det siste. Det gjer ting med folk, har eg lagt merke til. Dei begynner å bli vasne og raude i auga, det renn av nasen, og dei pustar tungt. Dei pøser på med Zyrtec og nase- og augedropar og snusar inn av astmasprayar til dei ligg der, så nær sagt. Det er pollensesong, og allergien spreier seg til dei fleste, bokmålingar som nynorskfolk. Men for ein som meg, som har vore allergikar heile livet, gjer ikkje slikt særleg inntrykk. Frå tidleg barndom hadde eg høysnue, noko som slett ikkje var vanleg den gongen, og som gav meg stor respekt i kameratkrinsen (og som etter kvart samla opp i seg alskens andre allergiar) og gjorde meg til eit fenomen. Den gongen var det også eit svært avgrensa utval medisinar mot slikt. Det blei sagt at det fanst ein vaksine ein stad, visstnok oppfunnen av ein heksedokter i Kamerun, og denne måtte prøvast ut. Og eitt av høgdepunkta gjennom store delar av barndommen var då distriktslegen, sjølvaste Dokter-Kari, kom farande opp vegen i ei diger støvsky, ein gong i veka, for å gi meg vaksinasjonssprøyta. Sprøyta var 25 cm lang, og det tok ti minutt å sprøyte ut det mystiske innhaldet. Dokter-Kari var ein stor personlegdom, fordi ho snakka svært håst (truleg på grunn av overdriven røyking) og fordi ho gjekk med alpelue. Sidan far min ofte gjorde det same, hadde dei mykje å snakke om. Men korleis det no enn var, vi fann til slutt ut at vaksinen hadde null verknad, og det som då stod att, var tablettar. Og dei einaste tablettane som fanst den gongen, heitte allergin-coffein, også kalla sjøsjuketablettar. Dei dempa rett nok allergien, men hadde den biverknaden at ein blei utruleg søvnig og berre måtte gå og leggje seg. Slik sov eg bort størstedelen av somrane i oppveksten, og det hadde eg mykje att for, som eg har kunna dra nytte av seinare i livet. Eg fekk merkelege syner og svært livaktige draumar, så eg til slutt knapt visste kva som var draum og kva som var røyndom. Det toppa seg ein dag då eg såg far min bli oppeten av ei stor kveite. Det tok fleire veker etter dette før eg igjen klarte å tru på at far min var den han gav seg ut for å vere, og ikkje ein simpel bedragar.
Påskeharenytt
Sidan eg drog til Cuba ganske tidleg i påskeveka, nådde eg berre så vidt å finne fram påskeharekostymet frå loftet, ta det på meg og leggje ut egg rundt om i hagen, slik at dei lokale jævelungane også i år skulle få noko å leite etter på påskedagen, og såleis få dei bort frå dataskjermane sine ei lita stund.
Mange har opp gjennom tidene spekulert på dette med påskeharen. Korleis oppstod han? Kor kjem han i frå? Kvifor ein hare? Og kor er samanhengen mellom hare og egg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.