Frå innsida
Norske matskattar nr. 71: boknafisk
Vår aller største eksportsuksess gjennom tidene er utan tvil tørrfisken. Han har skapt enorme verdiar som oljenæringa aldri kjem til å ta att. Alt på 1300 talet var inntektene frå salet av tørka torsk tre gonger utgiftene på statsbudsjettet.
Tørrfisken har vore gjest i matskattspalta, som nummer fire ( for dei som har arkivert ho). Men denne skatten frå havet kjem i fleire variantar. Éin som det er stor entusiasme rundt, er den varianten me kallar boknafisk, eller boknafesk, som han heiter i nord.
Medan den klassiske tørrfisken frå skreifisket heng i fleire månader, heng boknafisken mykje kortare. Han skal berre verta turr utanpå og mjuk ved ryggbeinet.
Då er han bokna og perfekt for å vatnast ut, bakast eller grillast.
Vanlegvis vert han servert som mykje anna «gamal» fisk med baconterningar, gulrøter, poteter og kvit saus.
Turking av fisk i Lofoten har gått føre seg så lenge det har budd folk der. Det er ein heilt unik konserveringsteknikk. Vêret er perfekt, ikkje for kaldt, takk vera golfstraumen, det er lite insekt som kan angripa fisken, og fuglane har nok fersk mat i havet til at dei orkar byrja hakka seg gjennom eit hardt fiskeskinn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.