LøyndomarSist veke kom eg til å røpe at eg skulle på safari i Serbia. Trygt heime her i bokstova kan eg avsløre at det er mykje forvitneleg å sjå på i Beograd. Eit døme er den hyggjelege jarnbanestasjonen der me venta på toget til Novi Sad. Det var varmt i

Publisert

Sist veke kom eg til å røpe at eg skulle på safari i Serbia. Trygt heime her i bokstova kan eg avsløre at det er mykje forvitneleg å sjå på i Beograd. Eit døme er den hyggjelege jarnbanestasjonen der me venta på toget til Novi Sad. Det var varmt i sola, og ifylgje rutetabellen var det to timar til toget vårt hadde avgangstid. Heldigvis var det ein kafe med utandørs servering på perrongen, og det gjekk ikkje lange tida før me fekk tilbod om forfriskingar. Kelneren var ein venleg og omgjengeleg kar som varta opp med alt mogeleg av drykk, men diverre var han ikkje til mykje hjelp for dei mange reisande som ville vete noko om togtidene. Då slo han ut med armane, peika mot kafeen og gjorde merksam på at han jobba med servering, ikkje med tog.

Etter tre trivelege timar, utan å sjå snurten av eit einaste tog, gav me opp heile turen til Novi Sad. Fyrst i ettertid fann me ut at kafeeigaren var ein serbar med næringsvit. Jarnbanestasjonen der me sat har vore nedlagd sidan juni månad i år.

Så til oppgåveløysinga der Gunder Runde heller ikkje denne gongen let seg vippe av pinnen. Robuste Runde skriv: «Sidan eg i dag er inne i ein sindig periode, får eg utsetje boikotten av Kpb endå ei veke. Eg har lang erfaring med å prøve å slutte å sende inn løysingar på klok-gåtene, kvar gong med abstinenssymptom etter kort tid. Så no får eg leggje meg på same linja som Audun Gjengedal: bruke spalta som førebyggjande hjelpemiddel mot demens. Dagens boknøtt er frå Mellom oss sagt av Marit Eikemo. Eikemo har vore festspeldiktar ved Dei nynorske festspela, og er ein særs aktiv forfattar. Det beste ho har laga hittil er (etter mi meining) Samtidsruinar (2008). Romanen frå 2006 handlar om Regine Hansen, tilsett ved Aetat i Bergen, og hennar kvardag, som mykje går ut på å drikke raudvin, møtest med ulike variantar av studentvener, og kysse nokre av dei (med tilhøyrande upassande aktivitetar). Utdraget i Kpb i dag står på s. 140 i boka, det er ein av desse studentvenane som er på besøk (Jens), han skal overta platesamlinga til Regine. Elles møter vi mor til Regine, som masar og vil vite om dottera skal feire jul heime hos foreldra eller ikkje, dette vil ho vite i september, sjølv om dei bur berre om lag 20 minuttars bussreise unna kvarandre. Og søstera til Regine heiter Ragnhild.»

Petter Kristensen har vore på biblioteket, og der var han ikkje aleine: «Marit Eikemo er med rette en populær forfatter og det var ikke så lett å få lånt boka på Deichman. Da jeg troppet opp på Deichman Hovedbiblioteket i går opplevde jeg å komme samtidig med en annen som var der i samme Kpb-ærend! En hyggelig bibliotekar fant fram de to eksemplarene de hadde på kjellerlageret, slik at vi begge kunne finne fram til navnet på hovedpersonens søster: Ragnhild. Dette forteller meg noe om hvor populær Kpb er, og at vi kanskje kan vente et rekordantall svar på denne oppgaven.»

Fortrulege opplysingar om oppgåve 1355 fekk eg frå: Laurits Killingbergtrø, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunn Bull-Berg, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Torleiv Kløve, Gunder Runde, Ragnhild Eggen, Kirsten Bakke, Pål Amdal, Olav Larsen, Magnhild Reisæter, Per Skjæveland, Rannveig Nordhagen, Inger Anne Hammervoll, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Jan Alfred Sørensen, Olav Holten, Else Gjesdahl Sørensen, Ingebjørg Sogge, Inger Margrethe Berge, Ingvar Engen, Bjørn Gjermundsen, Turid Tirevold, Else Bovim, Petter Kristensen, Eirik Holten, Olav Molven, Jorunn Røyset, Sissel Galåen, Truls Johan Horsberg Hoff, Torleik Stegane, Fritjof Lampe, Per Trygve Karstensen, Arnulf Kolstad, Berit Horsberg, Eva Sunde, Sigrid Hiller, Eli Winjum, Geir Instanes, Robert Øfsti, Tor Inge Myren, Halvard Skeie, Laura Killingbergtrø, Inger Astrid Ullestad, Asbjørg Apalset, Kari Lønning og Ottar Aarø, Marit Galåen, Jorunn Kleppe, Gjertrud Fanebust og Sjur Joakim Fretheim. I dag er Jorunn Røyset bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1357

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement