Klok på bok

Hard hund

Publisert Sist oppdatert

Når me no kan ynskje lesarane velkomne til eit nytt år, vil me gjere det med velvilje og positivitet. Kan hende er det naivt å tru at dette året skal verte så mykje betre enn det førre, men gløym ikkje at lista ligg lågt.

Me veit om ein gjeng som gjekk forventingsfulle og gledestrålande inn 2024. For om lag 3140 nordmenn er snart fire års venting over, og 29. februar kan dei endeleg feire fødselsdag igjen. Klok-redaksjonen unner alle som er fødde på skotdagen, å markere litt ekstra i år.

Før me avslører løysingsverket denne veka, vil me avkrefte ein myte om forfattaren me skulle fram til: At Thomas Bernhard har fått namnet sitt etter ein sanktbernhardshund, er ikkje korrekt. For Klok-redaksjonen er det vanskeleg å vete kor utbreidd ei misforståing dette har vore, men no er ho rydda av vegen.

Så kan me gje ordet til Gunder Runde. Han skriv: «Eg startar også denne gongen med bokkatalogen Årets bøker, i dag med året 1991, og leiter fåfengt etter undertittelen ’en komedie’. Kombinasjonen med ein nordisk nobelprisvinnar i litteratur fører meg likevel fram til den austerrikske forfattaren Thomas Bernhard (1931–89) og svensken Erik Axel Karlfeldt. Det er vel å underdrive når eg skriv at Bernhard var særs upopulær i heimlandet for sitt sterkt negative kritiske syn på austerriksk småborgarskap og den austerrikske ’kulturen’ etter 2. verdskrigen. Mellom anna vart han saksøkt fleire gonger. Derimot vart han etter kvart svært populær i utlandet og framført på mange teaterscener rundt om i Europa. For meg var det ein rein svir å lese den vesle boka frå 2009, Meine Preisen (på norsk Mine priser i 2010), der han skildrar uendelege tilstellingar der han får tildelt ulike litterære prisar. Dagens bok heiter Gamle mestere. En komedie, denne boka har eg ikkje lese, men ho består hovudsakleg av ein monolog lagd i munnen på ein viss herr Reger, der ein lang del av monologen utgjer eit slakt av den elendige austerrikske forfattaren Adalbert Stifter. Lenger ute i boka (s. 40) møter vi på meir kjende tyskspråklege forfattarar som Johann Wolfgang Goethe, Heinrich von Kleist og Vitalis (løyndenamn Friedrich Leopold von Hardenberg) (veit du nok, eller kva?). Ein gild forfattar, han tevlar med Ingeborg Bachmann og Elfriede Jelinek!»

Ingebjørg Sogge skriv: «Ingen er så festleg infam som Thomas Bernhard. Når det er noko han ikkje likar (og det er mykje!), legg han ikkje fingrane imellom. Ta til dømes karakteristikken av eigne landsmenn i Gamle mestere: «... jeg hater dypt og inderlig den staten vi nå har; med denne staten vil jeg for fremtiden ikke ha noe mer å gjøre, den blir for hver dag som går bare mer og mer kvalmende. Alle de mennesker som agerer og regjerer i denne staten, har reddsomme, primitivt-åndløse ansikter, i dette bankerotte landet ser De nå bare en gigantisk haug med skremmende fysiognomisøppel», sa han. (Lagt i munnen på Reger, hovudpersonen.) Den satt, kan ein seie!»

På oppgåve 1607 var løysingsboka fint omsett av Sverre Dahl. Desse fann fram i det austerrikske: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, Ragnhild Eggen, Skeisebibliotekaren i LASK, Jorunn Øxnevad Lie, Ingebjørg Sogge, Lise Haaland, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Brita Lundeland, Eli Hegna, Per Trygve Karstensen, Gunnar Bæra, Nils Farstad, Erik Steineger, Audun Gjengedal, Sigrun Gjengedal Ruud, Folke Kjelleberg, Gunder Runde, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Jan Alfred Sørensen, Sissel Gunnarshaug, Wenche Berger, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Fritjof Lampe, Irene og Tore på Tranby, Kjell Helge Moe, Reidar Birkeland, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Else Gjesdahl Sørensen, Ragna Barkve, Gunnar Eide, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Fyrste bokvinnar i år heiter Fritjof Lampe. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement