Denne veka vert det vaksenopplæring i geografi her i bokhjørnet. Me skal sjå nærare på regionen Baltikum og prøve å finne fram til nokre hugsereglar for området. Kan hende er ikkje dette naudsynt for alle lesarane, men fleirtalet skal nok få nytte av triksa boklækjaren har tenkt ut.
Baltikum er ei fellesnemning for landa Estland, Latvia og Litauen. For å halde styr på kva for land som ligg lengst nord, i midten og lengst sør, har eg konstruert eit mentalt bilete av ein flokk hovdyr med lange øyre. Desse dyra plagast, dei har det ikkje noko bra. Tittelen på biletet er sjølvsagt Esla li, og slik vil du frå no av alltid hugse rekkjefølgja på dei baltiske landa frå nord til sør. Som ein bonus viser vendinga Esla li òg til storleiken på landa, frå minst til størst.
Etter eit kort friminutt skal me no sjå på korleis ein kan halde styr på dei baltiske hovudstadane. Igjen byrjar me nordfrå, og no er det biletet av Spielberg-figuren E.T. me fyrst ser føre oss. Saman med E.T. står Lou Reed og Lars Vaular og syng. Sjå der, ja! Initialane til dei som dannar denne trioen, gjer at me lett kan hugse: Estland–Tallinn, Latvia–Riga og Litauen–Vilnius.
Me lyt medgje at det var litt usemje i Klok-redaksjonen denne gongen. Ikkje alle syntest desse hugsereglane var så fortreffelege, ja, det var til og med røyster i redaksjonen som hevda at å hugse hugsereglane er vanskelegare enn å danne seg et bilete av Baltikum ved å sjå på kartet. Folk meiner så mykje rart.
For å finne dagens løysing skulle me altså til Baltikum. Gunder Runde skriv: «I Årets bøker 1991 kom eg fort fram til estaren Jaan Kross (1920–2007) og boka Skrubbsår og andre noveller, sjølvsagt omsett av Turid Farbregd – som eg meiner treng eit lite avsnitt for seg sjølv i denne samanhengen: Turid Farbregd er ein institusjon når det gjeld Estland, estisk litteratur og estisk kulturliv! Etter å ha omsett fleire bøker frå finsk lærte ho seg estisk og har omsett ei heil rad bøker frå Estland, dei fleste til nynorsk. Ikkje nok med det – ho har vore drivkraft og medarbeidar i utgjevinga av norsk-estisk/estisk-norsk ordbok (1998), har fått både Bastianprisen og Kritikarprisen for omsetjingane sine, og seinast i år vart ho slegen til riddar av den kongelege norske forteneste-orden. Det gledde ein gamal tilhengar av Farbregd! Og elles har ho vore sentral i alt mogleg som har med samarbeidet mellom Estland og Noreg å gjere. Jaan Kross er rekna som den fremste estiske forfattaren i nyare tid, og var i mange år på lista over aktuelle nobelpriskandidatar. Han var utdanna jurist, og vart deportert til Sibir frå 1946 til 1954, som ein ’farleg’ motstandar av den sovjetiske okkupasjonen av Estland. Etter Sibir-opphaldet tok han til å skrive bøker og fekk gjennomslag med Keisarens galning i 1978, omsett til norsk nokre år seinare (reknar med at omsettaren var Farbregd!).»
John Olav Johnsen skriv: «Eg har med interesse og glede lese novella ’Samansverginga’ me finn i samlinga Skrubbsår og andre noveller. Jaan Kross er forfattaren og synest vere ein av dei store. Hans alter ego Peeter Mirk finn me her som professor/juridisk rådgjevar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.