Veslebror ser deg
Med Telraam S2 i vindauget kan du telja trafikk og verta din eigen statistikar.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg sit i vegkanten og noterer bilnummer og -merke. Livet på 1960-talet er trygt og godt. Toppen av lukka er når eg, den vesle statistikaren, får lov til å dra til byen når ferja frå England kjem. Notatblokka vert fylt med eksotiske data. Interessa for tal og teknikk vert vekt.
I dag handlar det meir om å overleva. Trafikken i Oslo er omsynslaus. Når eg er halvvegs ute i fotgjengarfeltet og har blikkontakt med bilførar, tek ho det som eit teikn på at ho må gje gass for å fyka framfor meg. At eg framleis er live, er ei gåte.
Kva kan ein stakkar gjera for å stansa slik vyrdslaus åtferd? Løysinga har eg allereie sett i vindauget til dotter mi: ei elektronisk kuleramme frå eit belgisk firma med det treffande namnet Telraam. Telraam modell S2 er ein typisk internettdings som pratar med ein server i Belgia som samlar data frå han.
Telraam er spesialistar på trafikkteljing. Ideen til denne enkle trafikkteljaren kom då Telraam forstod at ein trong mykje data for å telja noggrant, og at kanskje privatpersonar kunne vera med å telja. Dei laga ein fyrste versjon basert på hyllevareelektronikk. Denne versjonen, delvis finansiert av EU, synte at konseptet fungerte. Med S2 har dei teke eit langt steg vidare.
Telraam S2 tel kor mange gåande, syklande, bilar og lastebilar som passerer på vegen utanfor. Kvifor har dotter mi kjøpt denne teljaren til nokre tusen kroner? Ho er teknologisk nysgjerrig og elskar statistikk. Diverre har kameraet, av omsyn til personvernet, så dårleg oppløysing – 112x112 pikslar – at eg ikkje kan ta opp igjen den gamle hobbyen med å notera bilnummer.
Etter at Telraam S2 er montert i glaset og filmar vegen, må han finna ut kva han ser. Der kjem ei innebygd kunstig intelligens-brikke til hjelp. Brikka er allereie trena til å kjenna igjen ulike vegfarande ved å bruka ein algoritme. Algoritmen vert til ved at menneske har fôra han med ei mengd bilete av vegfarande som allereie er gjenkjende og kategoriserte. Under opptreninga analyserer algoritmen bileta etter mønster for å byggja eit konsept – eller ein modell – som kan skilja mellom ulike vegfarande. Dess meir treningsdata, dess betre vert modellen.
Telraam S2 har ingen innebygd fartsradar, men kan estimera farten ved å analysera rørslene til dei filma objekta. Farten vert gissa ved å sjå objektets posisjonsendring samanlikna med objektets storleik. Då ein veit kor mange bilete ein tek per sekund, nemleg 20, kan farten reknast ut. Telraam har testa kvaliteten på denne metoden, og han gjev gode resultat med unnatak av ved høg fart, der spreiinga i målingane er stor.
Så er det berre å kosa seg med data via ei nettside (Telraam.net). Der kan du sjå all slags moglege målingar frå Telraamen din og frå andre i heile verda som du finn via eit verdskart. Telraam har gjeve trafikkteljing til folket. Med store tals lov kan dei billige Telraam-teljarane gje betre målingar enn dyre profesjonelle teljarar.
Telraams filosofi er eit typisk døme på den nye delekulturen. Det er berre å velja seg ein prikk, så får ein opp statistikkar for den vegen som er overvaka. I flotte grafar ser ein kor mange gåande, syklande og køyretøy som kjem forbi, kvar dag og time.
I Lybekkveien, der eg er no, er det mest biltrafikk, og det toppar seg i 16–17-tida. Det er ingen målingar frå natta, då kameraet ikkje kan filma i mørket.
Dei fleste bilførarane ser ut til å halda seg innanfor fartsgrensa, men det er diverre en god del som køyrer altfor snøgt.
Éin ting er å ha det kjekt med målingar og statistikk, men kan dei brukast til noko? Sjølvsagt. Dersom du er lei av fartsidiotar og folk som nyttar stikkvegen din som snarveg og fyller han med trafikk, kan du slå i bordet til kommunen med tala dine og krevja fartsdumpar eller ein bom.
Sjølv kunne eg tenkja meg å setta opp ein Telraam S2 som ser fotgjengarovergangen min og på ekte statistikarvis forkasta nullhypotesen – bilistar i Oslo er omsynsfulle – og akseptera den alternative hypotesen om at dei er omsynslause. Det er berre å måla farten.
Per Thorvaldsen
pth@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Telraams filosofi er eit typisk døme på den nye delekulturen.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?