Tilbakeverkande kraft

Det er så altfor lett å tenkje på sjølvmordaren berre som sjølvmordar.

Publisert Sist oppdatert

Erlend Skjetne skriv ein serie om sjølvmord. Dette er del tre av seks. Heile serien finn du her.

Noko av det fabelaktige med litteraturen er at det alltid finst fleire bøker og forfattarar å oppdaga. Under ein ferietur til Bodø i fjor vitja eg eit antikvariat der eg kom over Dikt i samling av Nils Yttri. Eit kjent namn, men ein eg ikkje visste noko særleg om. Eg kjøpte boka og byrja lesa ho, og eg likte det eg las.

Når ein forfattar har fått gjeve ut dikta sine i samling, vil det ofte seia at det ikkje kjem fleire. Men dette tenkte eg ikkje på før eg kom til Lars Saabye Christensens etterord, og skjøna at Yttri for lengst er død. Han vart ikkje eldre enn eg sjølv er no, 33.

Eg kunne, eller burde, ha late det bli med dette. Men når folk døyr så unge, lurer ein på kvifor. Så eg googla litt, og det kom for dagen at Yttri tok sitt eige liv. Ein stad stod det til og med korleis han gjorde det. Så no veit eg dette, når eg les dikta hans – at han tok sitt eige liv.

Molda

Ein kan freista heva seg over ho, men denne vissa er likevel noko anna enn vissa om eit «vanleg» dødsfall. Mange er døde, det er ingenting uvanleg ved å vera død, og om eg no til dømes sit og les Ibsen, vil eg ikkje tenkje: Dette er skrive av ein død mann; korleis kjem det til syne i verket hans at han er død?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement