Termisk avlusing
Å bade fisken i varmt vatn er i dag den mest brukte behandlingsmetoden mot lakselus.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Under overflata
Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinær-
instituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene
av lakseoppdrett.

For ein som har bada mykje i sjøen her i nord, var det ein forlokkande og naturleg tanke dei hadde på forsøksstasjonen i Gildeskål seint på 1990-talet. Kva om vi kunne fjerne lakselus ved å bade laksen i lunka vatn? Dei fann ut at berre ein liten auke i temperaturen skulle til før lusa byrja å ramle av. Lusefjerning kombinert med eit varmt bad, betre kunne det vel ikkje bli? Men denne oppdaginga vart liggjande i mange år før nokon andre tok tak i ideen og gjorde det til eit kommersielt eventyr.
No er bading med varmt vatn, også kalla termisk avlusing, den mest brukte metoden for fjerning av lus i norsk lakseoppdrett. Problemet er at laksen ikkje er så glad i dei varme bada likevel.
Då legemidla mot lakselus slutta å verke for litt meir enn ti år sidan, var det ikkje lett å finne gode og alternative metodar for å fjerne lusa. Tida vart knappare, lusa formeira seg og desperasjonen steig.
Nye metodar
Det var tid for nye kostar, og nye kostar vart det. I ein kort periode frå 2010 til 2016 var det ein eksplosiv auke i talet på nye idear og metodar for å hindre lusesmitte og for å fjerne lus frå laksen. Det var ein slags oppdrettsparallell til den kambriske «eksplosjonen» for 500 millionar år sidan, då utviklinga av livet i havet skaut fart og malane vart laga for alle hovudgrupper av dyr vi har på planeten i dag. Vi veit ikkje heilt kva krefter som dreiv utviklinga den gongen, men vi veit kva som dreiv fram utviklinga av dei nye lusekurane: mykje lus, strengt regelverk og utsikt til stor forteneste.
Evolusjon er ifølgje biologane ikkje nokon spesielt målretta prosess. Det som skal til, er to ting: variasjon og seleksjonstrykk. Dette kjenner vi att som prinsippet for Farmen og dei fleste liknande TV-program, men prinsippa gjeld i næringslivet òg.
Ein av dei mange nye metodane som dukka opp, var behandling med ferskvatn. Eller akkurat det var kan hende ikkje heilt nytt. Ferskvatn har vore testa ut i mange millionar år av all laks som kvar sommar sym opp i elva, eit storskala og vellukka eksperiment. Men det er ikkje alltid like lett å få til dette oppe i laksemerdane, så sjølv om ferskvasskurar enno er i bruk mange stader, er det andre metodar som dominerer. Børsting av fisken var eit anna alternativ; folk seier at dei på Færøyane før i tida tok opp laksen med ullvottar på nevane og strauk lusa av han. Men medan børsting nok var litt for brutalt, viste det seg at ulike teknikkar for spyling av laksen hadde same effekten. Meir sofistikert utstyr vart skrudd i hop, og i dag er det vanleg å spyle laksen for å få av lusa.
Men så tok nokon fatt i den gamle oppdaginga med varmvatn. I 2013 vart det testa ut i Chile, med måteleg suksess. Året etter kom to nye maskinar på marknaden her i landet, og etter ein forbløffande kort periode med testing var dei i kommersiell drift. Vi har ei samleforskrift for oppdrett i Noreg med det kompakte namnet akvakulturdriftsforskrifta, og i § 20 heiter det at slike nye innretningar skal bli testa og dokumentert forsvarleg for fiskens velferd før dei kan takast i bruk. Men å stogge evolusjonen med forskrifter er ikkje så enkelt. Termisk avlusing viste seg å vere effektivt og lett å skalere opp til moderne industriføremål, og det overtok etter kort tid mykje av marknaden.
MALURT I BADEVATNET
Det er vanleg at enkelte laksar døyr når merdane blir behandla mot lus, men med dei nye behandlingsmetodane døydde fleire fiskar enn det som var vanleg med dei kjemiske metodane. Og termisk behandling kom tilsynelatande verst ut, sjølv om mange meinte dette var den snillaste metoden. Ei helseteneste viste bilete av laks med store blødingar i hovudet etter termisk behandling; kunne fisken verkeleg bli «kokt i hovudet» av berre nokre sekund i 30 graders vatn? Mange dyktige forskarar vart sette på saka, og svaret kom like snøgt som det var skuffande: Laksefiskar er laga for å være i kaldt vatn, og det vi oppfattar som lunka vatn, er brenneheitt for ein laks. Fisken kjenner smerte, får panikk og slår hovudet mot innsida av behandlingstanken, han kan skade seg alvorleg, og om han blir halden i det varme vatnet særleg lenger enn eitt til to minutt, vil han døy av varmestress.
KVA NO?
Desse funna sette i gang ein omfattande aktivitet; mange nye forsøk er gjorde for å finne ut kva effekt slike temperaturar har på laks. Nokon har naturlegvis også testa ut isbad som metode, men utan særleg suksess. Enno veit vi altfor lite om korleis dette maskineriet blir brukt i praksis, kva forhold som gjer at det av og til går bra med fisken, andre gonger dårleg. Og når dei varme bada er så smertefulle, kan vi då halde fram å plage fisk på denne måten? Mattilsynet er bekymra og har sagt at dei ønskjer at metoden blir forboden. Næringa strittar imot og fryktar at utan dei varme bada vil kampen mot lusa vere tapt.
ARVE NILSEN
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Om dei varme bada verkeleg er så smertefulle,
kan vi då halde fram å plage fisk på den måten?»
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.