Teknologi

Røykvarslar

Figur 1. Innmaten i røykvarslaren min frå 1986.
Figur 1. Innmaten i røykvarslaren min frå 1986.Figur 1. Innmaten i røykvarslaren min frå 1986.
Publisert

Me er i godt humør. Kona har kjøpt ein sigar til meg for å feira innflyttinga i det nye huset. Eg kveikjer opp under røykvarslaren. Ein infernalsk lyd fyller huset. Han verkar. Eit år seinare vaknar eg om natta til same lyden. Eg dreg ut batteriet og søv vidare.

No, trettifem år seinare, er det kanskje på tide med eit nytt batteri? Eller kva med eit meir moderne røykvarslingsanlegg? Det ville jo vera for dumt å verta kremert før tida på livets oppløpsside. Eg vel å gå for nytt anlegg. Då kan eg gjera det kjekkaste eg veit. Eg opnar røykvarslaren for å finna ut korleis han verkar. Etterpå kan eg sjekka om det har vore noka teknologisk utvikling på dette området dei siste tiåra.

Av med lokket på røykvarslaren og fram med Google. Som mykje anna vart røykvarslaren utvikla ved hjelp av flaks. Eller serendipitet, som det heiter på fint. Den sveitsiske fysikaren Walter Jaeger prøvde å utvikla ein sensor for giftige gassar. Han verka ikkje. I rein frustrasjon tok Jaeger seg ein røyk, og då vart det utslag. Røykvarslaren var fødd.

Inne i røykvarslaren min, figur 1, ser ein to sylindrar. Den øvste er eit piezoelektrisk element som gir den høge alarmlyden. Den nedste inneheld sjølve røykdetektoren. Eg var rask då eg demonterte varslaren, fordi han inneheld små mengder av det radioaktive stoffet americium. Det sender ut såkalla alfapartiklar som er kjernar i heliumatom.

Vel, det er eigentleg ingen grunn til å vera redd, då strålinga er mindre enn det me heile tida vert utsette for frå det ytre rommet. Skal du bli skada, må du svelgja kjelda, og kven ville finna på noko slikt? Som vist i figur 2, vert desse alfapartiklane sende inn i eit ioniseringskammer.

Det er spenning mellom anode og katode, og ein har difor eit elektrisk felt i ioniseringskammeret. Der slår alfapartiklane laus elektron i lufta, og dei vandrar mot den positive anoden, medan luftmolekyla som har blitt positivt lada (ionisert), går andre vegen. Det gjev straum i krinsen. Dersom det kjem røyk inn i kammeret, vil nokre av iona binda seg til røyken, straumen vert mindre og alarmen går.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement