JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Kvifor Google-briller vart ein fiasko

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Luksusvarer får mykje av verdien sin ved å ha ein positiv identitet av eit eller anna slag, og her gjekk det heilt gale for Google.

Foto: Wikimedia Commons

5488
20211001
5488
20211001

I 2013 såg det ut som Google Glass skulle verte det neste store frå Silicon Valley. I teknologikrinsar var det eit veldig «buzz». Men Googles smarte briller forsvann frå marknaden nesten like fort som dei dukka opp. Av og til er det slik at kraftige nye teknologiar ikkje vert tekne i bruk. Kvifor det?

Nokre gonger er forklaringa lett å sjå. Rundt år 50 etter Kristus fann Hero av Alexandria opp ei slags dampmaskin som han kalla «eolipil». Denne maskina kunne i prinsippet ha vorte brukt til praktiske formål i Romarriket og kanskje sett i gang den industrielle revolusjonen. Men dei hadde ikkje moderne vitskap til å foredle ideen, og dei hadde ikkje store grupper med velutdanna menneske som kunne jobbe vidare med forskjellige løysingar samstundes. Dei hadde ikkje metall med god nok kvalitet, eller den finmekanikken som trengst for å bore gode sylindrar. Det var mange gode grunnar til at dampmaskina ikkje tok av i Romarriket.

Då er Google Glass eit meir nyansert eksempel på eit teknologisk bomskot. Kva var det som gjekk gale i dette tilfellet? Smartbrillene vart lanserte som ein fyrste futuristisk smak av den typen teknologi Google såg for seg i framtida. Promovideoar viste folk med Google-briller som hoppa i fallskjerm, sykla ned fjellstiar eller klatra i fjellvegger, og viktig informasjon kom opp på brilleskjermen og hjelpte brukaren. Brukaren kunne dessutan kontrollere brillene med talehandlingar. Det var nok å seie: «Ta eit bilete!», «Spel inn video!», «Vis meg vegen til Eiffeltårnet!» – og så skjedde det visstnok.

Tabben ligg i dette «visstnok». Google lova oss nemleg alt dette før teknologien var testa skikkeleg, og før nokon hadde tenkt på dei sosiale konsekvensane. Google haussa opp produktet med det store apparatet sitt, og så byrja dei å selje prototypen til ein eksklusiv krins av tidlege brukarar i USA i 2013. Dei skrytte av han på messer og teknologikonferansar og satsa på å skape ei entusiastisk og eksperimentviljug kjøpargruppe. Året etter vart brillene lanserte på konsumentmarknaden, men då mista Google kontrollen over produktidentiteten.

Brillene vart ikkje oppfatta som eit spennande framtidsprodukt for teknoentusiastar, slik Google hadde planlagt, men vart tolka som eit eksklusivt produkt for luksussegmentet. Dette kom blant anna av at brillene kravde ein dataoverføringskapasitet som dei fleste ikkje tok seg råd til i 2013, spesielt ikkje om ein måtte bruke data utandørs gjennom telenettet.

Krevjande kjøparar vart skuffa då dei skjønte at ytinga ikkje stod i stil med PR-en, og byrja å snakke brillene ned. Luksusvarer får mykje av verdien sin ved å ha ein positiv identitet av eit eller anna slag, og her gjekk det heilt gale for Google.

Brillene fekk sterk kritikk i ålmenta, og det handla ikkje berre om pris og yting, men om mangel på personvern og risiko for brukarar i mange situasjonar. Kritikarar såg levande for seg kor invaderande slike briller kunne vere i kvardagslivet. Det fanst ingen etikette for bruk ute blant folk, på bussen og i selskapslivet. Ein kan jo spele inn alle slags situasjonar med kameraet utan å spørje nokon om lov.

Mange syntest det var ubehageleg å vite at dei gjekk rundt med eit kamera midt i ansiktet. Andre syntest det var ubehageleg å vere på den andre sida av brillene og verte filma utan å kunne vite om det. Fleire barar og restaurantar i USA innførte forbod mot å komme inn med Google Glass på. Mange kasino i Las Vegas forbaud òg Google Glass.

Brillene hadde ein funksjon som heitte «Finn ansiktet mitt». Han laga ein modell av ansikt som vart filma eller fotograferte, og kunne såleis tagge foto av vener og kjende. Intensjonen var nok god, men slik ansiktsgjenkjenning kan naturleg nok òg brukast til å identifisere framande, eller spele inn og analysere det som i utgangspunktet er private samtalar mellom folk ein ikkje har noko med.

Google Glass vart stadig meir «evil», for å snu på Googles eige slagord «Don’t be evil». Amerikanske forskarar laga eit program som brukte Google Glass til å spore skuggane av fingrane til folk mens dei skreiv inn passordet på mobilen sin. Ved å kople rørslene til avstandar mellom tastane kunne dei avsløre passordet.

Det var også uro rundt tanken på at folk kunne finne på å køyre bil med smartbriller på seg. Alt i lanseringsåret 2013 vart det meldt at Storbritannia truleg ville innføre forbod mot Google Glass i bilar og definere det som farleg køyring som kan straffast med saftige bøter.

Google såg at produktet ikkje fungerte på marknaden. For å unngå ein spiral av negativ merksemd trekte dei brillene tilbake og vende tilbake til teiknebordet. I 2017 lanserte dei ein ny «Enterprise»-versjon for industriverksemder. Brillene fungerer no som støtteverktøy for arbeidarar som bruker begge hendene til presisjonsarbeid, og dei vert brukte blant anna i flyfabrikken Boeing.

Google Glass vart aldri den neste store tingen på Elkjøp eller Power, og ingen andre smartbriller har fått denne rolla heller. Det viser seg å vere svært provoserande å gå rundt med kamera og innspelingsutstyr på nasen, og vi er framleis ikkje klare for dette.

Denne historia kan vonleg vere til trøyst for dei som synest store teknologiselskap har altfor mykje makt og alltid styrer retninga på samfunnsomveltingane. Nokre gonger vert det fiasko sjølv for Google.

Lars Nyre
og Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det viser seg å vere svært provoserande å gå rundt med kamera og innspelingsutstyr på nasen, og vi er enno ikkje klare for det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis