JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Kreativ destruksjon

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Figur 1. No har me alle vorte innovatørar.

5613
20220318
5613
20220318

Er det mogleg for ein ingeniør å ha ein favorittøkonom? Ja, eg har to. Då me steig inn i det nye milleniet, fann eg Teorien om den arbeidsfrie klasse, klassikaren til Thorstein Veblen, i magasinet på biblioteket. Det er den morosamaste boka eg nokon gong har lese.

Veblen peika på at økonomisk konkurranse ikkje er driven av økonomiske motiv, men av eit ynske om å vera betre enn andre og visa det ved å pranga. Menneske er ikkje noko økonomisk rasjonelt dyr. Eg hadde funne boka som gav den definitive analysen av det nyrike Noreg.

Kven den andre økonomen er? Joseph Schumpeter. Han synte at all vekst i kapitalismen skjer ved innovasjonar. Nyskapinga skjer på ulike vis. Det kan vera introduksjon av ei ny vare, ein ny metode for produksjon, opning av ein ny marknad, erobring av nye kjelder til råvarer og ved å erobra eller bryta opp monopol. Ein innovasjon er kort sagt ein idé som vert populær og gjev økonomisk vinst.

Schumpeters teori har vorte særs populær. Gründerar og innovatørar poppar opp overalt. Distriktas utbyggingsfond endra namn til Innovasjon Noreg. Som vist i figur 1 har også ordet innovasjon vorte ein innovasjon.

Er det mogleg å ha to tankar i hovudet samstundes? Lat oss prøva ved å para Veblen med Schumpeter. Kvifor vert enkelte teknologiske produkt populære, medan andre går nedanom og heim? Lat oss ta til med det nære og kjære.

Tandberg gjekk dundrande konkurs, men Bang & Olufsen lever i meir enn beste velgåande. Kva var det danskane forstod? Det er ikkje nok å laga eit framifrå teknisk produkt, men det må også vekka kjensler hjå kjøparen. Stilrein design og skyhøge prisar har gjort susen. B&O har vorte ei såkalla Veblen-vare, der etterspurnaden stig med prisen. Alle produsentars våte draum.

Er det nokon som hugsar Norsk Data? Dei laga flotte minidatamaskiner, men var råka av manglande evne til å omstilla seg og forstå kva som skjedde då PC-en kom og skapte kreativ destruksjon ved å rykka balansen i den marknaden.

Er det ingen lyspunkt? Sjølvsagt. Salma laks har klart kunststykket, med hjelp av gode produksjonsmetodar, å laga smakfull oppdrettslaks som kan etast rå til høg pris. Dei har nok lese sin Veblen. Frisørkjeda Cutters har med teknologi barbert bort kostnader og øydelagt for alle dei andre i frisørbransjen. Sjølvsagt er det nokon som ynskjer å pranga med håret sitt, men for den store hop handlar det berre om å få det bort med jamne mellomrom på skapleg og kosteffektivt vis.

Sjølv jobba eg med telekommunikasjon i om lag 30 år, og der kom den største innovasjonen i moderne tid, nemleg internett. Det gav mange sjansen til å utvikla nye produkt og tenester me aldri hadde sett før og ikkje eingong skjønte at me trong. Lat oss sjå på eit selskap som nyttar kreativ destruksjon til å utvikla overprisa varer utan ordentlege garantiar, som folk står i kø for å kjøpa. Apple var alt frå byrjinga eit annleis selskap som satsa på design og brukarvennlege grensesnitt på datamaskinane sine. Kundane deira hadde eit ynske om å føla seg vel og pranga med teknologivalet sitt. Då var sjølvsagt høg pris eit verkemiddel.

I byrjinga av 2000-talet vart verda overfløymd med MP3-spelararar. MP3 var ein teknologi for å komprimera ljod, og han gjorde det mogleg på enkelt vis å bera musikken med seg overalt. Ein strålande innovasjon. Apple valde å gå sin egen veg med iPod og dinest iPod Touch med innebygd wifi. Samstundes laga dei ei teneste, iTunes, der ein kunne lasta ned musikk. Herleg samanbinding av produkt og tenester.

Hausten 2007 møtte eg ein student i ei bakgate og la 4000 kroner i nevane på han. I retur fekk eg ein iPhone (figur 2) som ikkje var lov å bruka i nettet til Telenor. Apple kravde at dei skulle ha pengar av Telenor for at dei skulle få lov å bruka iPhone. Det var ny musikk i Telenors øyra, og dei brukte nokre månader på å koma seg over det disharmoniske sjokket.

Dingsprodusentane hadde no overteke makta. Sjølv hugsar eg at eg vart angripen av ein ivrig mobilseljar i eit kjøpesenter same hausten. Han skulle selja meg det siste i mobiltelefoni. Eg viste han iPhonen. Han svarte: Kan eg få ta på han? Det er herleg å pranga.

Samstundes med iPhonen fekk eg ein ny Nokia av arbeidsgjevaren min. Han hadde 250 sider med brukarrettleiing og kunne ikkje gjera noko. Dermed forsvann Nokia rett av banen og brukte mange år på å stå opp frå dei daude.

Eit genialt trekk til med iPhone var at dei utstyrte han med ein relativt dårleg telefondel. Folk lasta ned og surfa på nettet når dei var heime og i wifisoner, men det stoppa heilt opp ute. Det vart eit unisont krav om stendig nye generasjonar med mobiltelefoni med meir og billigare kapasitet. I staden for å mjølka gamle kyr måtte teleoperatørane stadig fornya nettet, medan Apple, Google og Facebook henta ut gevinsten og lo heile vegen til banken.

Dette er jo strålande. Er det i det heile noko å bekymra seg for? Vel, det fjernar arbeidsplassar i eit rasande tempo, sidan maskinar er mykje billigare enn arbeidskraft. Kven har råd til eit symfoniorkester når Spotify er gratis? Dette har fått eit namn, nemleg produktivitetens paradoks. I jakta på stadig meir får me råd til stadig mindre.

Kva er det neste som kjem og rykker balansen i ein eller annan marknad? Hadde eg hatt nase for slikt, hadde eg nok ikkje vore ein lukkeleg lærar på ein statleg høgskule. Ooops, kva med alle dei læringsvideoane eg har laga under pandemien? Har eg grave mi eiga grav med avataren?

Per Thorvaldsen

per.eilif.thorvaldsen@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Samstundes med iPhonen fekk eg ein ny Nokia frå arbeidsgjevaren min. Han hadde 250 sider med brukarrettleiing og kunne ikkje gjera noko.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis