JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Informasjonskapslar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kinesiske lukkekaker er kapslar med informasjon med avgrensa tru- og nytteverd.

Foto: Wikimedia Commons

5508
20220610
5508
20220610

Kva var vel livet utan småkaker? Dette spørsmålet har dei siste tiåra fått dobbel tyding. Småkaker er ikkje lenger berre små, søte bakverk, men òg noko som vi har vorte avhengige av i den daglege bruken av datateknologi. Cookies er det engelske ordet for det vi på norsk kan kalle informasjonskapslar.

Informasjonskapslar vart oppfunne i 1994 og er ein integrert del av den verdsvide veven. Dei er sterkt kopla til den typen programvare som vi kallar nettlesarar (Chrome, Firefox, Safari, Edge), og hjelper oss å bruke desse på ein effektiv måte.

Når vi skriv ei vevadresse eller klikkar på ei lenkje til ei vevadresse i nettlesaren, skjer det noko. Nettlesarprogrammet sender ein førespurnad til ei datamaskin som er knytt til vevadressa, og ber om at han sender tilbake ei vevside. Nettlesaren er det som ein i dataterminologi kallar ein klient, medan den som svarer, vert kalla ein tenar.

Dersom vevsida berre skulle vise tekst og bilete, ville det ikkje vere behov for informasjonskapslar. No er det slik at moderne vevtenester krev interaksjon, til dømes om vi vil tinge flybillettar. Då må vevstaden vite kven vi er, og passordet vårt.

Men vi er upålitelege brukarar. Vi hoppar gjerne fram og tilbake mellom nettsider, samstundes som vi vil sleppe å oppgje brukarinformasjon kvar gong vi kjem tilbake til ein nettstad.

Ein kunne tenkje seg at det var tenaren sitt ansvar å passe på denne informasjonen, slik at når nettlesaren din spør om ei vevside, så kan tenaren sjekke informasjonen som gjeld for denne klienten. Problemet er at folk ikkje oppfører seg likt. Nokre vert fort ferdige med å tinge ei vare. Andre avbryt for å hente seg ein kopp kaffi eller køyre til fotballtrening med 12-åringen.

Det er umogleg for ein vevtenar å vite kor lenge han skal halde på den informasjonen som trengst for at vi skal få ei god brukaroppleving. Det er kostbart for tenaren å halde styr på alt dette, og når det er stor trafikk, vert det vanskeleg å respondere raskt.

Derfor har det blitt laga ei anna løysing basert på noko som vert kalla Rest-arkitektur (Representational State Transfer). Rest lagrar tilstanden, eller eigentleg tilstanden til ein klient, lokalt og overfører denne kvar gong han ber tenaren om noko. Det er som om ein snakkar med legen i telefonen, og kvar gong ein har ordet, må ein seie kva ein heiter, personnummeret sitt og kva tid samtalen starta.

Nettlesarar brukar Rest og lagrar altså tilstanden for interaksjonen din med ein vevstad på datamaskina di, og legg ved denne informasjonen kvar gong du brukar ei vevside hos denne tenaren. Denne informasjon er det vi kallar ein informasjonskapsel.

Når tenaren mottek ein førespurnad om ei nettside, brukar han informasjonskapselen som følgjer med, til å tilpasse svaret sitt. Når han har gjort jobben og sendt ei passande vevside til deg, gløymer han heile informasjonskapselen. Du må sende med informasjonskapselen på nytt om du vil gjere noko meir på den aktuelle nettstaden.

Vi skil gjerne mellom før­ste­partskapslar og tredjepartskapslar. Førstepartskapslar gjev ei god brukaroppleving på den vevstaden du ønskjer å sjå på. Du kan gå fram og tilbake mellom sidene og du vil framleis vere same brukar. Førstepartskapslane hugsar svar på spørsmål når du hoppar fram og tilbake for å sjekke ting, til dømes avreisedatoen for ei flyreise.

Nokre av kapslane varer kort, kanskje berre så lenge du er inne på vevstaden, til dømes brukarnamn og passord. Andre vert hugsa lenge, til dømes eit hotell du sjekka på hotelltingingssida.

Tredjepartskapslar er litt skumle, for dei kjem inn gjennom annonsar eller liknande på ei vevside. Desse annonsane vert laga i augneblinken og hentar informasjonen som skal visast, frå tenaren til annonsøren. Annonsørane kan leggje ved små program som kan køyrast av nettlesaren, og desse programma lagar informasjonskapslar med informasjon om nettbruken din.

Informasjonen ligg hos deg til du vitjar annonsørnettstaden, då vert annonsørens informasjonskapsel send med, og du får tilpassa tilbod. Informasjonskapselen vert òg rikare basert på det du gjorde hos annonsøren. Neste gong du er inne på ein nettstad der tredjeparten har annonse, vil annonsen vere mykje meir tilpassa deg som brukar.

Men det er ikkje sikkert at vi vil at informasjon om oss skal vere spreidd rundt til ukjende annonsørar. EU-direktivet for personvern (GDPR) seier at det er førstepartsvevstaden som har ansvaret for å passe på at innsamling av personleg informasjon følgjer lovverket, og at brukaren aksepterer dette. Derfor får vi ofte spørsmål om kor mykje informasjonsinnsamling vi er villige til å akseptere, før vi brukar ein vevstad.

Mange vevstader synest det vert for mykje ansvar å passe på at annonsørar følgjer GDPR, så dei vil ikkje lenger ha ansvar for at tredjepartskapslar slepp til. Nokre nettlesarar har det som standardinnstilling å stengje for tredjepartskapslar. Vi vil kanskje sjå mindre til tredjepartskapslar etter kvart.

Det er mykje nytte i informasjonskapslar, og dei er avgjerande for å få vevtenestene til å fungere godt. Men det kan lønne seg å vere merksam på kva for informasjon vevstader samlar inn, og vidare kva dei brukar dette til.

I dag spør nettstader om løyve til å samle slike data, men om dette er optimalt for brukarane, er slett ikkje sikkert. Folk flest trykkjer stort sett «aksepter alt» og held fram med nettlesarbruken sin.

Bjørnar Tessem
og Lars Nyre

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tredjepartskapslar er litt skumle,
for dei kjem inn gjennom annonsar eller liknande på ei vevside.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis