JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Arvesylvet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Figur 1. Arvesylvet før og etter pussing.

5513
20210924
5513
20210924

Éin ting er å vera fødd med sylvskei i munnen. Noko anna er det å eta egg med henne. Då vert ho svart. Kvifor? Det må jo vera noko i egget som får det til å skje. Prior hevdar at egg inneheld alt, så då er me like langt.

Har du nokon gong lagt merke til den grøne ringen rundt eggeplomma? Han kjem av ein reaksjon mellom jarn og svovel. Likar du lukta av rotne egg? Lukta kjem av at svovel har slått seg saman med hydrogen. Fellesnemnaren er svovel, og det er han som går til åtak på sylvet.

For oss som likar ein noko forenkla versjon av tilværet, kan den kjemiske reaksjonen skrivast slik: 2Ag(+)+ S(2-) -> Ag2S. Ag2S, sylvsulfid, er det svarte me ser på sylvet. Det er eit salt som er vanskeleg å løysa opp.

Det er kjekt med tradisjonar. Kona og eg pussa sylvtøy før kvar jol. Med aviser på bordet, klut i handa og lukt av pussemiddel i nasen, gnikka og gnei me til alt vart skinnande blankt. Medan me heldt på, gjekk praten om alt mogleg og litt til. No er det sumar, og eg sit her som enkjemann med ofselege mengder sylvtøy frå to rydda våningshus. Det vert tid til å tenkja mens eg gnikkar (figur 1). Kva er det eigentleg som skjer i denne prosessen, og kan han forenklast?

Eg ser på den blå flaska med sylvpuss. I henne har dei putta Mr Muscle, ein staut kar som inneheld oktodekan-1-tiol. Det er ei ikkje heilt sunn kjemisk samansetjing som inneheld tolv karbonatom med eit svovel og hydrogenatom i enden.

Oktodekan-1-tiolen trengjer ned i krokar og krikar i sylvet og løyser opp Ag2S. Flaska inneheld også noko anna som ikkje er deklarert, nemleg pulverisert kiselgur. Det er eit silisiumoksid som er eit strålande slipemiddel som gjer sylvet fint og blankt. Pussar me bort sylvet i denne prosessen? Vel, det forsvinn 1 my (0,000001 meter) sylv kvar gong. Det kan både du og eg leva godt med.

Finst det enklare metodar? Eg spør min ven Google. Halve internettet er fylt med kjerringråd som lovar sutlaus reinsing av sylv. Det er berre å leggja sylvtøyet i ei aluminiumsform fylt med saltlake. Det gjer eg. Voila! Det svarte forsvinn som dogg for sola.

Kvifor har ikkje me gjort det før, og kva skjer? Her vil svar på det siste spørsmålet gjeva svar på det fyrste. Sylv og andre edle metall finn me i rein form i naturen, då dei er lite viljuge til å gje frå seg elektron. Aluminium og andre uedle metall gjev lett frå seg elektron. Denne ulike evna til å frigjeva elektron resulterer i ein potensialforskjell (spenning) mellom ulike metall. Kor stor forskjellen vert, finn du ved å slå opp i spenningsrekka. Spenningsforskjellen mellom aluminium og sylv er cirka 0,7 volt.

Når me puttar desse metalla i ein saltlake som inneheld natrium, Na+, og klor, Cl-, ion, vil det gå ein straum med elektron frå aluminium til sylv, sidan saltlake leiar straum (figur 2). Det vil skje ein såkalla kjemisk redoksreaksjon. Aluminium vert oksidert då det gjev frå seg elektron, og sylvet i sylvsulfidet vert redusert då det tek imot elektron. Til ære for den tyske kjemikaren Nernst, som har fått namnet sitt klistra til denne prosessen, får du denne likninga: 3Ag(+)+3e(-) -> 3Ag, Al -> Al(3+)+3e(-). Som ein liten kuriositet kan det nemnast at saltlake har ein motstand på 5 ohm per centimeter. Med Ohms lov, U=R*I, kan me dimed rekna ut straumen, I, som fortel kor mange elektron det går frå aluminiumen til sylvet per sekund.

Me har faktisk laga oss eit lite batteri som vert utlada. Ikkje verdas mest effektive. Vanlege batteri får me heller studera inngåande ein annan fredag. Elektrona som kjem fram til sylvet, løyser opp Ag2S-saltet og frigjev sylvatom som legg seg oppå sylvet. Me hentar faktisk sylvet tilbake og tapar ingenting. Det gjer at sylvets overflate vert ujamn og dimed matt. Aha, det var difor kona ikkje gjekk for enkle løysingar. Ho kunne kjemi.

Eg tek ein tur til sylvsmeden. Kanskje han har nokre triks på lur? Han viser meg ei flaske sylvdipp, Town Talk, der det berre er å putta sylvet oppi i ti sekundar, deretter spyla med vatn og turka av. Flaska er utnemnd av dronning Elisabeth, så dette må vera gilde saker. Mellom alle faresymbola på baksida les eg det forløysande ordet tiourea.

Tiourea elskar – har høg affinitet – sylviona i sylvsulfidet. Tiourea stel sylvion, og saman med eit overflateaktivt stoff fjernar ein det svarte frå sylvet. Effektivt, men det forsvinn sylv, og det vert groper i sylvtøyet.

I figur 3 ser ein sylvoverflate utsett for dei tre ulike metodane. Vinnaren i denne vesle tevlinga er pussing. Pussing gjev det klårt beste resultatet.

Eg spør sylvsmeden korleis sylvet bør takast vare på. Lufttett i såkalla lynlåsposar er nok det beste. Problemet med at sylvet vert svart, var mykje større før, då det var mykje meir svovel i lufta på grunn av koksfyring og sur nedbør.

– Har sylvet vorte det nye gullet?

Sylvsmeden ristar på hovudet. Sjølv om prisen er god, er det ingen i den oppveksande slekta som vil ha det, nettopp av di det er for kostbart.

Vel heime ser eg på den svarte haugen av verdifullt, verdilaust sylv. Einaste nytta og gleda har vore å læra mykje kjemi av min fantastiske kollega Jarle Diesen. Då slår det meg: Kvifor ikkje berre la det svartna fullstendig? Det vil jo vera den beste og mest behagelege måten å ta vare på sylvet på for ettertida. Om nokre tusen år vil nokon grava opp sylvet mitt og dermed få dokumentert tida då vanlege folk fåfengt prøvde å verta ein del av den kondisjonerte klassen.

Per Thorvaldsen

per.eilif.thorvaldsen@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det var difor kona ikkje gjekk for enkle løysingar. Ho kunne kjemi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis