Teknologi
160 teikn som endra verda
Nynorsk og autoteksta SMS-ar var ikkje dei beste kameratane.
Eg sit åleine på ein flyplass i Nord-Noreg hausten 2006. Med den gule Siemens-mobiltelefonen min sender eg ei tekstmelding til kona om at eg kjem nok litt seinare heim, som vanleg. Å senda melding, i staden for å prata, sparar meg for kvite løgner og bortforklaringar.
Så dukkar det plutseleg opp ein framand eg kjenner godt. Eg vert fullstendig «månebedotten» – skal, skal ikkje? Eg vel det fyrste og går bort til yndlingsforfattaren min, Kjartan Fløgstad, og takkar han for romanen Grand Manila som er full av e-post. Han smiler, seier nokre vennlege ord, og eg lar han vera i fred.
Nokre år seinare held eg introduksjonskurs i telekommunikasjon i Oslo. På fyste benk sit ei heil rad med folk frå Telenor. Kva gjer dei her? Dei er jo ekspertar. Kanskje dei skal stoppa kjeften på meg éin gong for alle?
I to dagar kosar me oss med teknologi, og eg spritar opp med anekdotar. Årsaka til at mobiltelefoni er ein suksess, kjem av global standardisering, og det norske radiomodemet for GSM-systemet vart valt i 1987.
Torleiv Maseng frå Sintef/Elab var hjernen bak det heile. Eg fortel at eg har møtt han, og at han meinte at systemet Noreg foreslo, vann av den enkle årsaka at det var det einaste systemet alle dei store aktørane kunne gå for bortsett frå sitt eige. I tillegg var systemet frå Noreg det beste då dei vart testa mot kvarandre i Paris i 1987.
Så kom det noko fullstendig uventa. Dei som likar framandord, kallar det serendipitet. Eg kallar det flaks. I tillegg til å taka med alle tenestene frå det gamle telefonnettet vart det laga eit høve til å senda stutte tekstmeldingar, SMS (Short Message Service), i mobilnettet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.