Syéd-familien
DEL 3 AV 3: Det er så stilt at det nesten er uverkeleg. Det er dessutan etter måten få menneske her.
Grethe Fatima, Ida Gohar, Nasma som guida oss og Olav med capsen frå D/S «Oster».
Etter to veker med nesten kontinuerleg støy – ikkje vanleg norsk surr, men eit usannsynleg rabalder alle stader: motorar som blir gitt full pinne kvar gong det er det minste smotthol i trafikkorken som ser ut til å vere normaltilstanden, med tilhøyrande konstant full tommel på hornet, hundar som bjeffar og folk som ropar alle vegar, skramling med verktøy frå alle verkstadene som ligg på fortaua, høns som kaklar, til og med geiter som mekrar midt inne i Delhi – er det å komme til minnestaden Raj Ghat, plassen der Gandhi blei brend etter å ha blitt skoten 30. januar 1948, som å komme til ei anna verd.
Minnestaden liknar ein park, det er vide, hellande grasplenar, blomar i bed og ope ut til alle sider. Langt borte står nokre tre, bakanfor må elva vere, den breie, rolege Yamuna som vi sist såg i Agra. Ho kjem rein og klår frå langt oppe i Himalaya, før ho blir gråare og gråare. I Allahabad flyt ho saman med Ganges i retning Varanasi, Kolkata og havet. Det er noko med lyset, av ein eller annan grunn tenkjer eg på Sør-Afrika, der har eg aldri vore – eg veit ikkje kva det er. Det er støvete, så fargane er matte og avdempa, som på fjernsynsopptak frå 70-talet. Kanskje det liknar noko eg har sett på TV.
Vi går gjennom ein tryggleikskontroll, kjønnsdelt, som vanleg, og eg prisar meg lukkeleg for at son min er gammal nok til å gå gjennom mannsavdelinga åleine, medan vi andre blir klapsa lett på bak ei gardin. Så går vi langs ein hagegang kanta av store steinar med innhogde Gandhi-sitat. Dei er så enkle, så sjølvinnlysande at dei nesten verkar banale. Kvar var det eg las at «kvar gong Dalai Lama seier noko, er det ei møbelkjede som gnir seg i hendene og set i gang puteproduksjon»? «True happiness does not come from without; it comes only from within.»
Likevel blir eg rørt. Vi har vore her lenge no, i dette landet som er så totalt forskjellig frå alt vi er vane med. Det har vore overraskande lett å gli inn. Ungane mobbar meg og seier det er fordi eg endeleg har hamna i mitt rette element, at eg er like mykje indar som eg er nordmann, 50/50. Eg kan ikkje tru det er sant, eg har jo aldri vore her før, aldri møtt ein familiemedlem på farssida, men eg har ikkje reagert noko særleg på trengselen, dyttinga på gata, støvet, boset, fattigdommen, prutinga, den vonde smaken i strupen av all eksosen, sjåførane som skal ha oss til å køyre tuk-tuk, seljarane som skryter av at dei sel lokalt handverk, traditional style, tiggarane. Eg har liksom glidd gjennom.
Kanskje derfor. Det er så stille her. Eg les dei korte sitata og tenkjer på kva denne mannen fekk til. Vald, anten ovanfrå, nedanfrå eller frå sida, krig, attentat, revolusjon, kupp, tortur, terrorisme, blodhemn, rovmord – kor mange former for vald kjenner mennesket eigentleg til? Det må vere uendeleg. Ein lite hyggeleg, men ofte nødvendig reiskap for endring. For å kaste makthavarar, fri seg frå imperialistar, stå opp mot undertrykkarar, riste av seg slaveåk. Og så kom Gandhi, denne vesle, spede mannen, og snudde på flisa, 180 gradar, det motsette av vald, kva er det? Ikkjevald. Kva med å prøve det, til ei forandring, når all valden berre eskalerer, auge for auge, bror for bror, nasjon for nasjon, når alt dette ikkje fører fram?
Slik klarte han å få bukt med den største kolonimakta i historia. Ein spinkel, nesten mager mann med runde briller, kledd i kvitt. Kvitt som bomull, kvitt som salt. Tynne leggar. Eit mildt smil, og så dette halvvegsnikket til sida. Av høg kaste, juristutdanna i England, høfleg, vennleg, nesten beskjeden. Men likevel med ein uangripeleg integritet, og sylskarp og syrleg ironi, som i den berømte anekdoten om då ein intervjuar stilte spørsmålet «What do you think of Western civilization?», og Gandhi svarte «It sounds like a good idea». Det må ha vore ein brann inni der, raud som eld, svart som kajal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.